Trimtur med innlagd loddsalg

Eg treng trim..
Så la iveg med godt mot..
Er ikkje så mange husstander og avstadane er lange…
I godver er det lite folk heime…

Ikkje så veldig godt betalt for kilometeren…

Fantastisk ver..
Og er nok at ein finn ein plass med nokon heime..
Fekk både kaffi og mat eg❤
Hyggeleg selskap…
Gjorde godt…så bedre lykke neste gang..treng trim

Må jo skaffe peng til grendalaget..
No er ikkje loddsalg det eg er mest glad i..men må til..

Bakdelen med frisk luft er at eg vert altfor svolten.
Laga meg fleskepannekaker like godt…
Og ikkje berre to…
Uff..
Jaja…går utover med sjølv…

No er det tv resten av kvelden❤

Tid for å minnast <3

Dagen for å minnast dei som ikkje er blandt oss lenger..

Eller mulig dei sviv rundt å passer på oss.Kven veit

 

Vore på kyrkjegarden før vi reiste til kommunesenteret og minnegudstjeneste

Fin skikk å tenne lys for dei som er gått bort iløpet av året. Saman med familie vart det ei fin markering

Sang og diktlesning.

Kirkekaffi etterpå.

 

Tven virkar att…Mulig eg har fått hjelp frå oven.Kven veit.Men er vel helst det av det er opphaldsver og parabolen funker best då…

Men det spelar no igrunnen inga rolle kvifor,så lenge det fungerer

Såg til å med nokre stjerner så reknar med det vert kaldare..

No har eg havna på plassen min i sofaen.

Farmen ikveld…Medmenneskelege spel og intriger …

Vert det for gale så kan eg no berre slå over på ein annan kanal:-)

 

 

Her tek det meste kvelden:-)

Søndagsmorning …

Funne meg ein kopp kaffi og prøver sjå lyst på tilverelsen

Tv-en den vil ingenting.Den finn visst ikkje ein einaste kanal.Kanskje det er antenna.Fått litt vel mykje vatn dei siste dagane kanskje..

Regner no ikkje no så veit ikkje heilt..jaja…Lite eg kan gjere med det.

Har no radio:-)

Var så smart at eg strikka litt igår..Er så dritkjedeleg å sitte sånn rett opp og ned..

Handledda fungerer no,tenkte eg…

Idag har eg fått rekninga..Dvs det starta inatt….Skal ikkje utrykke kva eg kjenner og føler.

Bør nok halde meg unna dette ei stund.

Er så lett å tru at eg kan ting eg faktisk ikkje bør gjere endå..

Skuldra er ikkje god..Eg veit det jo men….

Ting tek vel lang tid:-)

Skal i kirka idag tenkte eg.Allehelgenssøndag.

Er ikkje så ofte eg går i kirka,men skader ikkje.

Tid for ettertanke og minnast dei som ikkje er blandt oss lenger.

 

Ha ein fin søndag

 

 

 

Lørdagsdikt :-)

Det er lørdagskveld og eg set no her

Ikkje allverdens som her uti skjer

Men skal eg vere ærlig så er det like godt

For for meg er stillheita veldig flott

 

Gomler på ein is og tenkjer mykje på

Kor i all verden skal dette ende og gå

Noko matvit er det lenge sida eg har hatt

Og får snart ikkje noko bukse att

Men har vore flink og eg har gått meg tur

Hjelper på humøret når eg føler meg sur

Var temmeleg vått men har vasstette klær

var ikkje eingang våt på mine tær

 

Men no er det kveld og eg skal slappe av

Lysa er kveikte  og utekleda av

vekke er strekk ,mas og kav

skal drøyme om ferie over dei sju hav:-)

v-)

 

 

 

 

 

 

 

Piss sur lørdagsmorgon

Sit og prøver å komme til hektene, trykt plassert i sofaen
Kaffiekoppen er god å ha

Grått,vind og regn…
Må ha meg ein trimtur for å løyse opp muskulaturen….uff..
Drikk no kaffi litt til.

Glad i orkideer❤
Godt noko blomstrer.
Er vel berre å prøve å komme i sving

Vert nok litt bedre utover dagen

God lørdag frå ei morgongretten kjerring❤

Fredag og tankespinn

Las i lokalavisa på nett at folketalet i kommunen stuper og arbeidsledigheita er høg.
Økonomien er skral og i det heile litt trasig

Kva ein kan gjere med det er eg litt usikker på.
No er eg for gammal til å få opp folketalet..
Ikkje kan eg skaffe arbeidsplassar heller.
Men eg kan heie alt eg kan.
For å få busetnad må her vere arbeid.
Uten det nyttar det lite med flott natur og fritidsaktivitetar.
Lever ikkje lenge på kun luft og kjærligheit❤

Ikkje greit å komme slik i bakleksa..
Vi får håpe det snur.
For er flott å bu her.
Vi får håpe på eit under😐

Når ein har nådd botn er det berre ein veg
Det er opp.

God fredagskveld

Den følelsen❤

Rett og slett berre hærleg å kaste desse hersens solbrillene og ikkje minst det flotte armbandet og plaske ut i regnveret.

Tåler ikkje operasjonslys står her bl.anna.
Godt eg ikkje har fått noko akutt❤

Til og med vore på tur med vesle Larris😁
Nyebilen…
Uffameg…vart liksom ståande midt i vegen ei stund…totalt dogga ruter og gamla såg jo ikkje kor den brytaren var.
Ikkje briller med…
Fann den til slutt nærmast pasasjersida…ikkje enkelt å få den på når høgrehanda ikkje gidd slikt..
Fekk den no på med venstre og kom meg no utav vegen..
Her kan ein ikkje ta seg sjølv høgtideleg..Reknar med folk tenkte sitt

Merkar bilen er mindre enn eg er vant med..
Går seg vel til med det og automatgiren..
Må berre finne ut av alt..
Ikkje så enkelt med den køyringa..iallefall endå
Trur eg skal unngå å køyre så mange km😁
Håper det bedrar seg etterkvart..
Trening og atter trening..

Solbriller og ytringsfriheit:-)

Kjenner at no er det greit å snart få av seg desse solbrillene

Ute regnar det trollkjerringar og andre ulumskheiter..Skikkeleg drittver

På tv snakker dei om ytringsfriheit

Kva er igrunnen det og kor går grensene?

Viktig tema syns eg.Kva er det greit å sei til folk?

Gjeld både privat og på jobb,,Ikkje berre i det offentlege rom

Der er det viktig å halde tunga beint imunnen ,,,

Så lenge det ein seier kun går utover ein sjølv er det jo greit meiner eg

Må iallefall kunne stå for det ein seier,

Kva ein tenkjer er ei anan sak.Ikkje alt som egner seg på trykk eller for den sags skuld som passer seg å sei

No er vel eg vel frittalande til tider.

Ting er som regel ikkje ilt meint men korleis mottagaren oppfatter det er jo ei anna sak.

Av og til må ein faktisk sei kva ein meiner, men prøve å gjere det så greit som mulig

Kan ikkje alltid gå rundt å kun vere snill og grei ,,

Ingen som er det trur eg:-)

 

Godt å kunne slappe av og drikke kaffi og fundere over livet

I dag skal eg ut om det regner det eine og det andre.

Armen og resten av dama er megaklar for det.

Men først må solbrillene av:-)

 

God onsdag:-)