Nytt år om litt

Snart 2018…
Litt sånn småtrist og melankolsk idag kjenner eg..
Har krølla meg opp i sofakroken med kaffikoppen😙

Null energi..
Snøar ute…og bles…litt småsurt
Normalt hadde eg no tatt turen min,men har ikkje lyst…

2017 har vore litt trasig..
Er sånn det er av og til i livet..
Ikkje vert ein yngre heller med åra.

Verda rundt oss er urolig og ganske så skummel syns eg..
Ein kan berre krysse fingrar for at det skal gå bra.

Viktig at vi  tek våre på kvarandre.
Kan vere nokon som treng ein der ein minst  ventar.

Trur eg skal halde meg her i sofakroken idag eg..
Sjå på tv,lese litt og berre slappe av

Ynskjer alle ei fin nyttårsaft😊

Sjakk meg her og sjakk meg der

Må ærleg innrømme..
Aldri forstått meg på sjakk og aldri lært det…
Kanskje som den einaste i familien.
Seier vel sitt om hjernekapasiteten😉

No kan eg ikkje unngå å få det med meg ..
Er i grunnen mykje styr med dei.

Kva er forskjellen på hurtigsjakk og lynsjakk…
Skjønner det skal gå fort..

Syns dei ser litt uinspererte ut…

Bedre ute😉

Var så tung snøkant i oppkjørselen at den fekk eg hjelp å ta vekk..
Hatt meg ein tur på brodder
Slept på vegane men lyst og fint med snøen…

Tid for innekos:-)

Det fine med mørke kvelder og romjul ,er at det er god tid til innekos.

Kjenner det gjer godt å kunne krype godt opp i sofakroken

Berre nyte det å vere til

Fyr i ovnen og god mat

Strikk,kryssordblad og Wordfeud:-)

Er i grunnen elendig i alt det der eg,men syns det er kos.:-)

Det gjeld å bevare trua og ikkje gi opp..

No er eg igrunnen ikkje så opptatt av å vinne…

Ja det hender eg er det og,men ikkje i wordfeud….Her handler det om å kjenne sin begrensing

 

Har traska meg ein tur etter vegen.Snøa og sånn litt småsurt,men friskt og godt.

Torer ikkje på fjellet…

Hadde til å med privatsjåfør på butikken idag eg:-)Snill son.

Likar ikkje køyre rundt på glatte smale vegar,men snart er det jobb att,og då må eg.

Inntil dess så vel eg det vekk når eg kan

Måtte ta med meg ei blå ku heim idag og eg:-)

Altfor glad i søtsaker og klarer rett og slett ikkje la det vere..

Der for den draumen om nokre kilo mindre:-)

Er rett og slett for makeleg av meg

Gidd ikkje bevege meg stort  utenom desse småturane mine etter vegen…

Rett og slett rågod på å kose meg:-)Kanskje eg burde få meg ein hoppy som krov litt bevegelse:-)

Ikkje veit eg,men går den vegen høna sparkar:-)

Ha ein fin fredagskveld:-)

 

Sjelefred😊

Vakker dag.

Det å vandre etter vegen i total stillhet mens sola går ned i vest og månen skin er magisk

Trolsk

Kjenner meg privilegert som får bu slik til på ein slik dag

Kjenner at kroppen og sjela berre nyt det.
Ubeskrivelige vakkert med lyset i naturen

Den blå timen.

Berre is på vegen.Nok veldig bremseglatt.
Gamla har brodder.
Noko anna nytter ikkje.
Steik redd for å ramle att.Kan i det minste ta nokre grep😊
Dårleg kondis kjende eg i motabakken…
Jaja..går no tur…

No skal eg studere den flotte slektsbok John og Linda har fått til.
Fantastisk jobb.
Eg nyt resultatet.

Staselige og alvorlege før i tida

Den store byttedagen

Sikkert greit visst ein bur nær butikker..
Verre når det er 10 mil…
Då er det bedre å behalde å håpe ein går ned nokre kilo😂og kleda eg fekk passer om litt

Bruker ikkje bytte gaver eg, men skjønner godt dei som gjer det.
Bedre å bytte enn ikkje å bruke.
Av og til får ein mange ting av same sort…

Men vert dyrt visst ein må køyre milevis.

Har gjort ingenting…
Nydeleg ver idag

Vakkert.godt berre å rusle seg ein tur.

Men har skya over..
Minusgrader og litt sånn husekaldt…
Har fyr i ovnen og varmepumpa går..

Gamla har fått på teppet og alt ete alt for mange smoltringar og kjeks..
Her går det meste ned på høgkant😉
Ledigangen er rota til alt vondt…

Ikkje så glad i denne mørke delen av årstida…

Føler meg litt som Ludvik..
Men sola har snudd og det går mot lysare tider

Flåklypa og julefred🎄

Storkosa meg her i sofakroken

Flåklypamaraton.
Nostalgisk og artig

Artig.

Herlige Ludvik.

Sjølv om ein er åleine kan ein finne julestemning .
Gjeld å nyte øyeblikka og trivast i eige selskap.

Syns det er litt kos med julehefte..
Litt andre vart kjøpt til ungane…dei store og små.
Sjølv har eg den eldste typen

Gammal vorten🎄

Mykje å lære av filosofien i Flåklypa….
Spelegalskapen til Solan😁
Vedda både hus og heim😉

Kjekt med tegnefilm .Mykje krim på meg ellers😊

Oslofrøkena er tilbake i hovudstaden .
Vært litt tomt…

Gamla nyt siste dagane som heilt sjukemeld
Skal verte kjekt å starte på jobb att,men spent på korleis det går.

Håper Larris ikkje får fleire byer for treng bil her i øydemarka😉

Larris er sjuk♠

Ikkje veit eg kva som feiler han, men etter oppførselen må det vere noko alvorleg🎄

Kom snø ,så eg tenkte eg fekk koste litt snø av stakkaren og starte han…

Ja det er ein han ..!!
For då skal eg sei han tok av..
Blinka i alle lys…kontakt forhandler sto det si flott…
Og han ga seg ikkje…tvert om..tok heilt av
Å snakke med han var nytteslaust…

Fekk han knapt av..
Så kva eg meinte om to mnd.gamle hybridbiler.. .

Kva sa eg, kom det frå Pengesluket..
No er ikkje han stort bedre med ulyder og dårlege dekk..ikkje kjørbar han heller

Så gamla gjekk innom sonen i håp om at han forsto seg på Larris..
Gjekk meg ein tur i snø og regn for å få av meg litt frustrasjon..

Og i dag pløyer dei, men slept på vegen..

Vel heime hadde sonen tatt seg ein alvorsprat med Larris.
Hadde ikkje forstått kva det var for plager han hadde.Men til slutt hadde Larris funne ut han skulle starte…
Ga opp sytinga..og oppførde seg.
Får sjå kva som skjer når eg prøver meg…men vert ikkje før i morra for eg er temmeleg sur på heile Larrisen..
Lite å stole på.

Snøen ser ut som den går over til regn.
Kanskje eg skal ta meg ein tur til naboen.
Hjelp på humøret🎄

Tid for alt

I går var eg sosial.I dag det stikk motsatte.
Hatt sofadag.
Berre avbrutt av eit par turar ut i frisk luft.
Sove har eg og, så redd nattesøvnen kan vere i fare.
Men…gjorde godt..

Tulla pleddet godt rundt meg og ser på været…Berre elendighet…vind og nedbør…
Var litt småkaldt ute ikveld syns eg…

Men har no fri til nyttår..
Funne med eit strikk…
Hadde tråd til sokkar så då vert det det…

Ikkje nokon flink strikkar som de skjønner men pulter no på🎄
Er jo Flåklypa på tv🎄Ha ein fin kveld:-)

God jul til alle

Mett og foreten og med lite søvn

Jammen har det vore litt av eit døgn

Har sove veldig lite

føler meg veldig trøtt

men er no eingang slik

ein kan ikkje sove støtt

 

Var koselig i kirka og kvelden den var bra

Vi åt nok litt formykje men vi hadde det så bra

Latter og kos høyrer julekvelden til

Pakker fekk eg og, for eg er jo ganske snill:-)

Litt kos å sitte slik ilag og nyte julemat

Var forskjellige rettar som låg på våre fat

For vi er ikkje like og smaken er ikkje lik

Er som ellers her i livet ,einkvar er heilt unik:-)

Når ein er ganske mange vert pakkehaugen stor

Og der er mange pakker som kun er til oldemor:-)

Men kjekt å opne pakkar og sjå kva andre får

Var gava som eg kjøpte den rette no iår?

 

Har to så flotte søstre som eg feira jul med no i år

Er ganske så blide her på golvet, som vi står

Kjekt å vere storesyster ,når dei to kan lage mat

så kan eg no servere og sette på litt fat og mat

 

I dag skal eg sove mykje,gå ein tur og slappe av

For no kjenner eg meg oppblåsk,litt kvalm og ganske rar

Er no mangelen på søvn og litt uvant og mykje mat

For eg klarer jo ikkje begrense ,kom formykje på mitt fat:-)

 

God jul:-)

 

Kvelden før kvelden🎄

Litt annaeleis no enn då ungane var små og huset var fullt av liv

Vore på grava til pappa idag
Sakner er stort

Oldebarna hadde kjøpt bamse til oldefaren til jul.
Dei hadde vore der igår.
Kjenner eg får ei tåre i augekroken.
Men slik er livet.

Viktig å ta vare på dei gode øyeblikka
Ta vare på kvarandre og ikkje alltid tenkje…det kan no vente litt.

Kveikte adventslys ikveld eg.
Veit det er 4 sundag i advent i morgon men kva betyr no det.

Ute regner det og vegar vert stengde.
Godt ein bur på ein stad uten krig og elendighet og kan nyte julefreden.

Skal kose meg med TV og smågodt.
Men først er det julebadet🎄.