Bit for bit og julestemning❤

Krølla meg godt opp i sofaene og nyt flotte artister i Bit for bit.
Har kosa meg med barn og barnebarn idag og kjenner julestemninga kjem krypande😍

Sjå kva vi har kjøpt til deg besta..
Var nydeleg innpakka frå Hageland❤
Må åpne då besta…er ikkje julepresang altså😍

Besta vart glad.
Frøken kjøpte til besta for broren hadde kjøpt til oldemora…
Ja pappa betalte😎
Greit slik.

Kos med førjulsbesøk.
Besta kom i julestemning.
Håper på besøk att i romjula😊

Gjer seg med litt spel og kos og glede.
Er det som er viktig😙

Ute regnar det trollkjerringar.
Så julestemninga får vi ta inne❤

Det går seg til

Endeleg fann eg kverna..
Dvs sonen.
Måtte ha hjelp til å flytte eit skap som sto litt umogeleg til..

Fekk ikkje tak  i julepynten  …
Der dukka jammen kverna og opp😚

Så no har eg baka riflekjeks

Var noko som mangla liksom❤Eg er glad i desse skjønner de:-)
Var ikkje så verst..

Så med julepynten på plass og ferdige kjeks kan jula berre begynne😊
Må rydde oppatt etter meg…
Det ser litt rufsete ut.

Vi er kommen til solsnu .
Berre lekkert.
Farmora mi hadde hatt bursdag..
Litt minner dukker opp.

Ha ein fin kveld😊

Den følelsen…

Når ein nett har fellt av ein sokk
Legg opp til nummer to…
Og ein strikkepinne er borte vekk..

Alt endevendt.. golvet saumfart..
Alt er rista tre ganger…
Når ein då til slutt heil oppgitt gir opp heile prosjektet…og oppdager at strikkepinnen heile tida har klamra seg fast i genseren sin høgre arm…

Veit ikkje om eg skal le eller grine…
Kanskje eg burde legge meg😊

Gamla og sofaen😚

Treng snart ny  .
Denne kjenner eg er begynner å få grop etter min breie bakdel😚

Pakka inn julegaver og trur eg er så nokolunde ferdig…
No er eg litt usikker på dei eg fekk innpakka på butikk…

Likt gavepapir og lik størrelse gjer meg forvirra ..
Litt spent på om gavene kjem til den eg hadde tiltenkt eller den går til nokon som vil verte meir overaska over innhaldet…
Skal ikkje vere enkelt..
I år har eg glømt merke pakkane..
Då hadde eg sloppe denne usikkerheita…

Til og med fått julestrømper på plass og hjelpt julenissen ein smule..

Stoler ikkje på han…

To av fleire😊
Kjekt med tradisjoner…
Ikkje at eg har så mange…

Var nedom jobben idag.Kjenner eg gleder meg til så smått komme i sving at frå Januar..
Sjølv om eg ikkje er god at i høgre armen så er no venstre og resten av skrotten så nokolunde inntakt😍

Sakner kollegaene og dei eg jobber med og for..
Til den tid håper eg forkjølelsen er vekke og gamla er klar til innsats😑

Måtte ta med meg den blå kyra heim😍
Ikkje bra for livlinja men smaker himmelsk
Ha ein super onsdagskveld😎

ikkje berreberre

God morgon Norge…
Her hangler og går det.
Sove dårleg og humøret deretter🤡

Snøen er omtrent vekke ser eg.
Kanskje eg kan hente Larris heim.
Han har stått parkert nærmare hovedvegen..
Vi kom oss ikkje opp i snøen.

Imponert over han som står fram på TV og gjev unge demente eit ansikt.
Tøff sykdom å få.
Ser livet i perspektiv.
Kva er då ein dårleg arm.?

Demens er ein sykdom som rammer like mykje familien rundt..og ein sjukdom ein ikkje vert frisk av…
Tøff skjebne og krev enormt

Dagen går vidare ..
Litt greit å få fokus over på kva som er viktig i livet..

Ha ein fin dag

Vert nok jul om eg er klar eller ikkje:-)

Minner er koseleg syns eg..
Desse to er over 30 og er både vaska og rista .
Fått sånn nokulunde jula inn.
Juletreet er ikkje ferdig og pakker må innpakkast.
Må gjere ferdig ein og….tida er litt knapp😎
Jaja…
Kjenner at julefreden er begynnt å komme på plass..
Forma er dårleg og forventningane små..
Men når golva er vaska og eg har fått juledukane på , så vart det jul med eit trylleslag.Skal ikkje så mykje til

Her sit to:-)

Nissefamilien ligg lettare henslengt.
Omtrent som meg😎

Ha ein fin kveld

Hjelpast dei som hjelper bør <3

Her herjer influensaen i alle hus.
Ligg flate både ein og hin
Så idag arrangerte frøken bakedag hos mormor…

Var ferdig med bestillingsverket til mormor før eg dukka opp.

Ho har arva eit bakegen  frå andre enn meg😍
Mormora har influensa…
Og ho har tatt vaksine..Skikkeleg slakk stakkar..

Vi finn ikkje kverna til riflekjeksa..
Borte vekk.
Så brukte deigen men med ny vri..vart etande…

Potetmjølstoppane var porøse og flotte dei,Men smakte ingenting..
Mitt ansvar

Den fasongen💣

Krumkaker er gode…meiner eg..
På smak altså..
Men tynne og smekre er dei altså ikkje..
Eg steikte og frøken tok seg av fasongen.
Ansvar for smak og tykkelse låg på meg…
Men innsatsen var upåklagelig.. .

Men er no glad frøken kan bake og har ordenssans..
Det har ho ikkje arva etter mora.

Her er det fråverande..Kos med felles julebakedag:-)

Gløymde poste julekort idag og..
Vert nyttårspost antagelig.

Julepyntinga får eg ta imorra❤

Panikkfølelse eller berre kaos

Ikkje mange dagar til jul..
Om eg er klar…
Nei.
Men oppdaga det var 18 desember😙

Jaja ..får prøve få huset litt på stell idag 
Har no kjøpt julepresangene.. berre eg finn dei att.
Forkjølelsen tek liksom vekk arbeidslysta😎

Litt treg med nokre julekort…
Tida gjekk ifrå meg😍
Bedre seint enn aldri.

Skal prøve få unna noko..
Men først litt meir kaffi

Konstanse sine vafler😙

Potetmjølsvafla..
Harde vaflar som i følge frøken mi er best lunka😀
Må gi ho rett..
Syns eg og..

No er ikkje dei heller like eller pene😍
Men gode er dei..

Det er dagens trening.
Fortsatt slakk i ånden.

Verre stiller med naboen.
Skikkeleg skral .ikkje kjekt💣Denne forkjølelsen eller kanskje det er influensa er tøff.Naboen er no vaksinert….

Jula kjem no uansett…

Men vaflene smaker supert berre dei slepp hjarnet❤

Har jammen baka🤣

Ikkje rare greiene…
Men dog
Er sånn utseende ingen betydning..
Korleis folk får krumkaker tynne porøse og lekre i fasongen…
Det har eg aldri forstått

Men dei er no i boksen…
Må dele litt…
Eg har ikkje godt av å ete alle…
Og litt trasig visst dei ikkje vert etne❤

No har eg og baka ein glutenfri sort..

Krater  kaller eg desse…
Men smaken er ikkje så verst😎

Matlaging er ikkje mi greie..

Måtte ut å nyte vinteren før veret slår om

Nydeleg å rusle tur ikveld…
Heilt stille..
Såg verken folk eller bil.

Viktig å nyte øyeblikka..
Forkjølelsen vil ikkje sleppe taket…
Så no hoster og harkar eg som ein verre enn verst…Godt eg er ferdig med bakinga:-)
Ikkje så farleg…men irriterande med denne hostinga😊