Ut i solnedgangen

Det er så vakker
Ein finn ikkje ord
Sola er magisk
Der ho skin på vår jord

Kulden den bit og nasa den renn
Men kva gjer vel det når sola den brenn

Kvelden er vakker når sola går ned
Kjenner freden den senka seg
Eg får sjelefred.
Nå er det kveld
Og eg har funne ro
Men kjenner eg treng til nye sko

Vinterdikt

Kaldt ute og vinden han bit
Kjenner nasa vert kald og det vert nesten eit slit
Mens tårene renn skyt gamla litt fart
Kjenner ho må komme seg inn i ein fart

Parkas er tingen, den er lang og god
Fora inni og når til knea no
Varmer godt både framme og bak
Ganske smart når ein må ta i ett tak

Ein ting er kva det står på gradestokken
Noko anna er kva det føles på kroppen
Når det er minus ti og vinden bles friskt
Må gamla nesten gi frå seg eit stort hikst

Sibirkulde…

Sjelden februar har takka for seg med tosifra minusgrader her ute med kysten….
Uff titte meg….

Kjenner gamla fekk lyst å halde seg innomhus  
Nydelig morgon ellers.
Venter på at sola skal  komme over fjellet😊

Kulden går gjennom marg og bein
Godt vi varmepumpe og ved..

Tenkjer på folk som har minus 40…

Tek meg ein kopp kaffi og surrer meg inn i teppet…
Turen får vente til sola tek tak

Går på fram

Både med meg og kjøkkenet

No er det no ikkje berre kjøkkenet heller.
Vert nok bra til slutt..
Men det tek tid😉
Sjølv trener eg no på med denne armen.Godt fornøgd 😉
Men når eg vert fornøgd med å løfte 3 kilo over hovudet så ler jo andre…

Men bur ingen vektløftar i meg…
Men går på fram og det får no vere det viktigaste…
Surrer no rundt på jobb…
Er no der om ikkje anna.
Greit med tilrettelagt arbeid…
Ikkje bra å berre surre rundt heime heller sjølv om det i periodar var det einaste fornuftige…

Bitande  kaldt om kvelden og natta..
Litt bedre når sola skin 😉
Lengtar mot vår

Himmelen brenn😉

Vakkert i solnedgangen sjølv om eg ikkje har megautsikt😉

Vakkert og gir ro i sjela
Det å gå tur mot solnedgangen er helsebringande

Framme på utsikten er sola borte vekk og ein finn roa😙

Oppom meg sjølv ein tur.
Der var det begynt å komme nytt golv.
Vert nok bra med tid og stunder.
Ikkje så enkelt å jobbe når ein må flytte på møbler etterkvart😉

Fæla rot for å sei det pent…

Flata ut i sofaene.
Tre omganger på gardina i kveld og kanskje😎
Går ikkje fort….
Kan jo ikkje stresse..

Spreke folk😊

Imponert over alle spreke folka som suser rundt i skiløypene eller går på fjellet😊

Sjølv har eg nok med å vere i låglandet
Fått med meg olgull til Marit idag..

Vore ute…gått stripa mi etter vegen eg..
Må innrømme det ser flott ut å gå på ski…
Men held meg knapt på føtene på flate vegen…
Så eg let vere..
Må vere glad eg er mykje bedre i armen😊
Best å vere forsiktig… .

Har vore nydelig idag..
Her fekk eg vårfølelsen i blodet…
Så har dei meldt sprengkulde…
Pokkers greier spør du meg…
Eg vil ha vår eg

Mamma har strikka lotepusgenser…
Alt for avansert for meg…
Tek meg nokre omganger på heklegardina

Seige greier når eg ikkje har ånden…

Burde nok funne senga, men gidd ikkje det heller…
Skal ikkje vere enkelt😆

Kor er søvnen henn?

Det lurer eg på…
Så no har eg stått opp.
Klokka nærmar seg 06…

Er begrensa kor lenge eg gidd ligge å vri meg i senga…
Mulig eg kan strekke ut på sofaen😎

Minus 4 ute…og gamla verker hist og pist…
Meir enn klar for våren

Kan no sjå litt på Ol mens eg sit her…Og det gjekk den vegen høna sparka….

Funne meg ein yoghurt til trøst..

Fysio og jobb ettermiddag..
Vert nok ein laaang dag…

Gamla reiste til byen

Av og til kan til og med eg vere spontan…
Var eldstemann sitt påfunn og eg nølte….
Gammal og treg vorten…

Litt snø må ein rekne med over fjellet😉
I Bergen var det vår

Duer overalt

Og tiggara..
Med og uten hovud…

Kvifor er det så mange som spør etter peng?
Barnebarnet lurte felt og kvifor han tok av seg hovudet var eit mysterium..

Fin by

Venta på pappaen og mat må ein ha

Litt lei besta

Kjekt å vandre rundt litt

Lang dag og no endeleg på ferja…
Heime om 1 times tid…
Litt kjekt på tur, men skal verte godt å komme heim😊

Lenge sida sist eg var i Bergen når eg tenkjer etter😙
Kanskje eg skal bye meg litt oftare

Gamla og kjøkkenet…

Ikkje berre berre.. .
Men bestilling er sendt på nyedelen
Fint skal det vere og billig er det ikkje…
Men held det i 30 nye år så slepp eg no styre meir med kjøkken i mi rid…

Veggene er sånn ca på plass😙

Er ein del att…
Mykje arbeid for dei håpefulle så gamla valde ferdig montert kjøkken…
Koster flesk😉
Gjeld å vere på nikk med banken😙

Men eg har fortjent å koste på meg litt😉
Gleder meg til det ein gang vert ferdig.

God morgon verden

Og her sit eg…
Dautrøtt
No er eg b menneske….og sove lite..
Men kva gjer besta når ho vert vekt  7 av ein svolten gut..
Står selvfølgelig opp..
Så no ligg eg her i stolen og prøver våkne..
Prinsen koser seg med nettbrettet og oldemora strikker.. .

Eg prøver å smile og sjå glad ut😊
Ute er nydeleg men kaldt..
Skal ha meg ein tur etter vegen om litt..trur det gjer godt for stive musklar og uggen besta…
.. .