Trudde eg hadde bedre kondis……

Ikkje at fjellet er så høgt…
Men….nesten eit år sida sist…
Oslofrøkena lokka meg med og lykka var at vi gjekk før andre har ete frukost….

Trudde eg skulle ha stroke med

Mykje venting…
For går ikkje nett fort oppover med ho mor.
Pusten kunne høyrast milevis og trudde eg skulle pådra med hjerteinfarkt.. .

Men utsikten oppe er magisk

Vert strabasane…
Kor er kondisen….ikkje hos meg iallefall😎

No trur eg kanskje eg burde legge meg i trening…

Sikkert bra for pust og midjemål😂

Men…..litt glatt er det endå

Larris vart att nede

#foto #ironi

Påskerebusløp😎

Med bil😙
Storleg imponert over at nokon tek seg tid og bryet med å lage til.

Her køyrde vi fleire biler med blide folk på jakt etter bokstaver…
Haken var å løyse rebusane som gå oss navnet på der bokstavane låg…
Og komme inn på idealtida….
Ikkje berreberre😊

Fann bokstaver vi..
Og krossen…

Ingenting å sei på innsatsen😙
Nokre var litt verre å finne enn andre

Rett og slett ein triveleg ettermiddag.
Gjer seg med litt hjernetrim.

Attpå fekk vi sjå oss om i ytre deler av Hyllestad og Fjaler😊

Kaffi og kaker fekk vi og må vite…😁

Berre lekkert😙
Glad eg fekk lov å vere med

Påskefri😎

No har gamla og fått påskefri😉
Skal verte godt kjenner eg

Oslofrøkena er på besøk😙
Så gamla rusla på altankaffi hos naboen…

Fint med sola  men kaldt ivinden….
Heile 4 pluss ute no.
Var det samme i minus i dag tidleg…

Tenkte eg skulle prøve å rydde litt i kaoset iheimen i påska…
Visst eg gidd…
Endå 14 dager til kjøkkenet kjem…
Men det går på fram😊

Eg trur eg vert sprø

Trur eg vert sprø…
Er komme påskesnø
Kven vil vel ha snø her ute ved kysten i slutten av mars..
0 grader ..jay…
Kjenner det på kroppen…
Vert både sur og stiv..

Morgenstund …..tull igrunn

Gamla og barnebarna ligg lettare henslengt i kvar sin krok

Trøtte er vi og klokka er snart ni
Denne flyttinga på klokka er ikkje berreberre😉

Åtte på denne tida igår..
Resten av familien søv.
Held eg med dei i…
Men kroppen min var så vanskeleg at eg sto opp😎

Hjelp til sjølvhjelp…

Ute høljer det ned…skikkeleg guffent.

Mykje på tapetet for ein gang skuld…
Årsmøte i grendalaget og basar i helselaget…

Innever…så midt i blinken sånn sett…
Nesten så eg gruer meg til å gå ut i bilen…

Påskekaos eller oppussing

Nokon kjøper blomster og pynter til påske..
Andre reiser på hytta…
Hos meg ser det slik ut

Ikkje mangel på vertøy😉
Men det går på fram

Ikkje akkurat slik at ein får lyst å lage mat…

Vert nok bra til slutt..
Å pynte til påske her er liksom bortkasta…

Håper eg kan flytte heim att før jul😎

No må  eletrikaren gjere seg ferdig og resten av kjøkkenet komme…

Eg går berre i vegen….

Tidleg helg😉

Ramla ned i sofaen hos naboen..
Går på fram med oppussinga men tek si tid…
Så eg lever på legd
Nett som før i gamle dagar

Sliten og glad eg har tatt helg😆

Til og med plussgrader…
Heile 2
Her gjeld det å vere positiv😙

Men no held det hardt må eg sei….

Bevares…ser krokuser blomstrar…
Men eg blomstrer ikkje…
Hadde vore kjekt å kaste ulla innerst😙.. .

Jau…..

No er det ikkje alltid eg likar det eg ser utanfor stovedøra.. .
Har snøa i natt.. .
Skikkeleg pissever ute..
Kroppen til gamla er stiv og støl….
Måleren viser pluss 3…
Går no oppover i det minste

No Vil Eg ha over 10 grader pluss og vårstemning…

I dag er d dagen…
Kva skjer borti Oslo idag…
På lokalradioen er dei sjølvsagt og opptatt av det.

Greit å få ei avklaring…
Og på kva som er greit og ugreit å gryte or seg

Eg lurer berre på ein ting…
Orker eg å gå turen min idag?
Til no er svaret definitivt  nei…

Kor er våren henn

Ikkje ofte det er slik på fjorden i midten av mars..

Nydeleg ver..men litt kaldt syns eg…
Er ikkje av dei som går på fjellet i snøen…sikkert flott altså..
Men vorten gammal og ustø😎

Ikkje er eg født med ski på beina heller…
Uff…
Glad i å slappe av eg…og ein smule lat…
Rusler rundt etter vegen og planlegg fjellturer eg aldri tek

Nei …men går no på fram med gardina og fått ny bok…
Om eg gidd lese…då er det gale

Latskapen lenge leve..
Snart 71 grader nord💗

Tja…kva skal ein sei…

Litt sånn oppgitt over politikarar som ser ut som kan slenge utor seg kva som helst uten tanke for andre…

Og selvfølgelig har ein ikkje meint å såre nokon…
Nei bevares…
Og så kjem neste på bana…
Er berre det at ein ikkje er i barnehagen men på storting og regjering…

Uff seier eg…
Skummelt…

Lite eg kan gjere med…

Kjøpt meg nye joggesko idag.
Aner ikkje kvifor,Men slit ned helen på alle sko…
Antagelig bakstreversk😉

Godt å roe ned i sofaen og…
Burde nok vore flinkare til å utnytte fineveret….men orker ikkje det eingang

Bedre å sitte inne og nyte varmen frå ovnen❤

God laurdagskveld