Kaos hos gamla

Fått meg ny utedør idag….
Fått og fått fru Blom,men fått den i.
Fekk berre eit problem…
Kul umulig å få ut den hersens nøkkelen då eg låste…
Vrei og vrikka…einaste som fekk fart var irritasjonen min…
Noko gjer eg nok feil…så eg måtte låse innafrå å gå ut kjellerdøra.. .

Inne er det kaos…
Prøver å rydde…sette på plass…kaste noko og pakke vekk ein del..
Er lister og verktøy overalt…
Nærmar seg ein ende…

Godt ein har stort spisebord☺
Har følelsen av å ha jobba i timesvis uten at eg ser eg har gjort ein skit…
Litt sånn trøstelaust…

Men….har fått opp gardiner i stova i rein frustrasjon ☺

Ser litt bebudd ut😚

Gjekk meg ein tur i rein frustrasjon over eiga hjelpelausheit….
I morra er det jobb☺
Sikkert like greit med litt pause i galskapen☺

Ha ein fin laurdagskveld😊

 

#ironi#oppussing

Ikkje berre å pusse opp…..

Ikkje heilt ferdig men har starta med å rydde på plass i kjøkkenskapa..

Det tek tid

Det fine med slike skap er at eg ser kva som er der…
Og det trengst..
Hjelpe meg kor mykje potetmjøl eg har..
Vel er eg ein racer på potetmjølsvafler…men det får no vere  ei grense…
Greit med slike oppryddingsdager.
Får kasta ein del som burde vore kasta for lenge sida…

Har no fått det meste på plass…
Frigjort plass på dei andre romma så det er eit håp om å få orden i kaoset….

Ting tek tid😊
Vert nok orden med tida

Det dundrer og banker

No har eg hatt følelsen av at hovudet vil eksploderer sidan i natt..
Helsikes hovudverk😎

Vert liksom heilt altoppslukende.
Sikkert migrene, for vanleg Paracet hjelp ikkje…
Er nok treninga igår …
Strekte nok litt mykje..
Lite slingringsmonn i denne skrotten.
No er eg vorten ganske så snufsete, så er no mulig at eg blir forkjøla.. .heng kanskje ihop.
Eller  det vært plutseleg litt mykje vår og pollen i lufta..
Kven veit…
Føler meg tett og slett tufs…

Går seg vel til utover dagen..
Drikk kaffi og prøver finne den gode følelsen….
Kognitiv terapi😊
Det positive er at det går no på fram med kjøkkenet…

Planen er å få vaske skap idag…
Eller var no det…
Må berre vente litt..
Ikkje 20 lenger kjenner eg…

Men..
Det er endeleg vår😊

Ha ein fin fredag

Vi pusser og skrur

Her skrus og ordnas det i full forvirring.
Går no på fram.
Glad når eg kjem så langt at eg kan sette ting inn i skapa..
Det nærmar seg

Gammalt og nytt i skjønn forrening

Godt eg har ein handy son..😍
Ja har to…men er yngstemann som bur nærmast og føler han må😊
Er jo snikkar.. .

Får hjelpe han med noko anna eg…

Har no styrt med å rive av plast og rydde.
Begynne å vaske litt imorra😊

Gleder meg til å få orden i kaoset.
Får nye deler i veke 19…
Så inntil då får eg no ha litt feil og mangler på nyedelen.
Nett som med gamla sjølv…
Men det hangler og går.
Kjenner det skal verte godt med fysio imorra ☺
Må halde skrotten i så nokolunde form🤡

Nedtur deluxe😂

Skikkeleg trasig er det.
Her har eg venta på kjøkkenet i månedsvis.
Smilte rundt då det kom og gjeipen er den andre vegen idag..

Reknar med junior lurte litt på mora sitt valg ved oppsett av skap…
Starta med matskapet og så kom skapet til micro og steikeovn

Kvitt…jaja benkeplate er jo kvit..
Monterte underskapa og til slutt kjøleskapet…
Leirfarga..

Kunne hylt….
Antar det tek 2 mnd før eg får nytt….
Og det skal vere leire…på alle synlege flater….

Mikroen var kun 50 cm…skapet 60…
Er liksom vitsen med integrert at det skal passe…
Sånn som ikkje passer det har eg frå før…
Stor ripe i ripe skuffa…

Dei to siste delane kan ein jo klare seg uten ei stund…
Mykje verre med skapet som stekeovnen skal stå i…
Den passa forresten…
Uff seier eg..
Har no sendt mail og bilde…
Lite eg kan gjere med det…
Men temmeleg trasig….
Og gamla er sur…
Ikkje så glad i kjøkkenlevrandøren idag…

Pokkers gangsperr

Nett så vidt eg klarer å gå….
Er noko som heiter utstrekning har eg høyrt…
Den gløymde eg.
Er vel ikkje vand til å gå fleire kilometer rett til vers…

Var jo verdt det då…
Lurer på om eg og skal strikke klær til trea mine….?
No er eg redd det vert uoverkommelig..
Har jo ein heil skog…

Dette her er heller ikkje kvardagskost..
Og når ein då skal vere litt pen dame og vaser rundt med sko med hæl på brustein, ja då får ein ilt…

No hadde eg altså joggesko til fløyen😊
Men går seg vel til.
Våren er her og ny veke på gang

Byen er Bergen

Fantastisk flott helg i Bergen er over
Og no ligg nesten gamla å sover

Bergen i sol er jo berre lekkert.
Klarer no å komme meg opp på Fløyen…
Som om det ikkje var slitsom nok så tok eg ei ekstrarunde😎
Du veit når nokon du hadde gått forbi lenger nede, plutseleg var langt oppi lia…..ka fakerten.. …

Rett og slett tom for luft og med svetten silande som ei elv så smakte softisen magisk

Utsikta er magisk og det same var veret

Og like vakkeet på Bryggen😙
Godvershelger i byen det er supert😉
Gjer seg med godver og familietid❤

Gamla på konsert med delillos🤣

De lillos..
Det skal dei ha.
Dei leverer😊
Flott konsert på Verftet

Ikkje ofte eg er ute med både barn og svigerbarn.mor og niese  og fleir😚
Berre det er ein opplevelse.
Burde ein nok gjere oftare😊

Viktig å kose seg iblandt

Med hjartet i halsen 😊

Den følelsen ein får når telefonen tek av 06 og ein søv tung og trur ein er trygg
At eg aldri lærer å avstille …
Skulle no vel for p… Ikkje stå opp så tidleg eg..
Skjelv endå.
Kjapp noko voldsomt der eg drømde om heilt andre ting☺

Litt sur vind på altanen..
Vurderer om eg burde gå meg ein tur for skrotten er alt anna enn god på morgenkvisten.
Fredag den 13.
Satser på det er min lykkedag😊

Det er vår😊
God helg frå heksa og katten

Pengesluket i harnisk

Eg har lært noko nytt idag eg..
Føremiddag er kvart over åtte…
Takk Gud for at gamla ikkje fekk sove og var oppe før fuglane sang…
For meg er det morgon på den tida.

Ringde då han sto på tunet..
Snakka engelsk må vite…
Lurte på om det var eg som hadde ein Volvo..

Sa eg kom om 5 minutt.
Slenger på meg jakka og gjekk det fortaste eg kunne
Han kunne jo ikkje vite at eg ikkje var heime…

Stakkars Pengesluket..
Sto der livredd og pottesur..
Hadde friskt i minne gårsdagen då fremmede menn hadde skubba og flytta på han uten hans tillatelse☺

Ikkje berre er han avskilta, men her vert plassen invadert av store bilar i tide og utide:-)

Gamla gjekk seg ein tur i same slengen…
No tek eg frukost på altantrappa til ho mor

 

#humor #kvardagsliv