Skeiv i kjeften og bedøvd i nasa

Ikkje berre berre å ta full opprensking i tannkjøttet skal eg sei dåke..
Høgresida idag…oppe og nede…
Ikkje hadde eg vore flink nok med mellomromsbørsta heller…
Betennelsen hadde auka….
Kan kun skulde på meg sjølv…
Nett fått i meg litt mat…
Litt og litt fru Blom.. .
Nett fått i meg alt for mykje middag etter å ha venta i 6 tima…Bedøvelsen sat i.
Ikkje heilt gått ut av nasa endå😄

Uten bedøvelse er ikkje noko alternativ…
Neste veke er det venstre sida….

No kjøpte eg meg sofa idag….
Litt vel dyr…men…..er litt usikker på om eg valde rett farge…
Den var utstilt i lysegrå…
Pent….men eg vil ha ein mørkare…

Men valde eg rett…
Dei hadde ingenting utstilt i den eg tok ut….jaja…vil no vise seg…
Seljaren var skeptisk….og vel så det…
Uten å direkte sei noko så framheva han den som var der…..fortalde forsiktig kva dei selde noko av…
Så kan ikkje klage på servisen 😊
Handla som vanleg fort å gale
Og på billigsalg var den ikkje…
Men putetrekka kan vaskast😂

Jaja…
Får den ikkje før om ein mnd.

I det minste var det no flott natur på turen

Vakkert i Dalsfjorden😉

#humor#ironi

Ære vere morgonfuglane😋

Sit  her sånn halvdau og myser ,med kaffekoppen i hånda
Fortsatt i morgenkåpa, i håp om eit under…
Orker ikkje kle på meg ein gang.

Ute høljer det ned og vinden ruskar i hushjørnet…
Same humøret som på meg…
Ikkje det som var meldt…
Men ….eg skal i bil så samme for meg…

Gamla må få på seg litt klær😊
Korleis vert folk A menneske?
God mandag😚

Gamla på fjelltur😉

No veit eg ikkje om det var så god idé å ete seg stappa mett før turen…
Men når ho mor inviterer på pinnekjøt og raspeballer …
Eig jo ingen brems for mengde heller…
Men…har ein bestemt seg så har ein det..
Fantastisk dag.
Sommarfølelse😘berre å nyte

Gjekk ikkje nett så fort…
Men .skulle ikkje nå ei ferje…
Mauren jobba flittig på stien opp gjennom skogen.
Hvitveis overalt.vakkert

Alltid kjekt å nå toppen.Sette seg ned å ete mandarin mens eg nyt utsikta

Premien var kaffi og bløtkake på altanen hos naboen🤡
Ikkje akkurat slankekost eg har levd på idag

Måsen held vakt…
Litt usikker på kva den passer på oppi flaggstanga.

Godt å kvile beina😁

#tur#foto#trim

Gjesp og sukk:-)

God søndagsmorgon til dei opplagde.

Her har det vorte vel lite søvn.

Ikkje veit eg om det er etterdønningane etter grandprix finalen

No syns ikkje eg noko om vinnarmelodien.Det må då seiast,

men var mange andre låter eg syns var fine .Deriblandt Tyskland.

Likte Danmark sin og eg:-)

Nydelig ute:-)

Burde nok vurdere å ta meg ein tur på ein fjelltopp,istadenfor å heile tida rusle etter vegen:-)

Men har eg lyst.?Litt redd all denne ormen som sløvar rundt i sola.På vegen ser eg den no i det minste på lang avstand og har plass å gå forbi:-)

Morgonstund har gull imunn seiast det:-)

Nydelig dag er det no iallefall.Kan ikkje skulde på den.Vert nok bra når det går eitpar timar og gamla har fått igang maskineriet:-)

I morra må eg opp før fuglane syng.Kvifor eg må få desse grytidlege timane på sjukehuset,det aner eg ikkje:-)

Tenkte eg fekk sjå på sofa…Mulig eg finn noko eg likar som passer lommeboka:-)

For er litt lite sitteplass hos meg når familien kjem.

Åleine går det supert.Er no for det meste det eg er:-)

Men er sjelden ein finn noko ein likar når ein treng det:-)

Her er det berre å nytte kaffien og håpe åt kroppen snart voknar til liv:-)

Ha ein strålande søndag:-)

 

Elg og Eirik

Fantastiske stemmer😚
Digger begge to eg.
Koser meg med musikken her eg sit😊

Århundres dings😎
Morsomt.
Har masse dingser eg.
Mobiltelefon😚
Ostehøvel
Kaffetrakter

Kor var eg uten😊

Ellers er det mykje vatn i øst ser eg…
Håper det roer seg.
Trøtt.
Vore mykje ute idag.
Godt for kropp og sjel.
Våren er ei super tid.
Det spirer og gror og er lyst og triveleg.
Mest glad i vår og sommer..
Larris er støvsuga og rein på innsida.
Litt meir rusk på utsida😚
Måtte støvsuge stakkars Pengesluket og.
Står der liksom ensom og forlatt😊
Grand prix er det og ikveld.
Litt meir bob bob musikk der😚

Heia Elg😚
Digger den stemma
Vel fortjent
No skal gamla slå over på statskanalen😎

Helg

Nyt å kunne stå opp i fred og ro.
Kaffi på altanen og sjå på båtar som er på veg ut fjorden.

Vakkert🤡
Om eg skal gjere noko idag???
Må eller bør støvsuge og vaske stakkars Larris.
Temmeleg pjusk og skitten…
Men ikkje nett no.

Først meir kaffi….så gå ein tur…
Og så må eg kanskje vaske Larris😙

Ha ein super lørdag😙

Carpe diem😊

Skodda eller tåra ligg som ei dyne over fjorden
På tide å stå opp😊
Dagvakt krev kaffi og positiv energi.
Kroppen vil sove
Verdens beste mamma har bursdag idag så kake etter jobb😚
Ha ein strålande fredag😊

Drypp drypp…det regner på tak…

Har selvfølgelig fri.
Regner såpass mykje at det frister ikkje ein gang å ta på vestlandsbunaden😎

Så gamla tek innedag.
Kaffi og kos..
Ikkje av vegen det heller må vite..

Himmelspretten…
Mindre sprett i meg….
Men det går seg vel til i kaoshuset
Lever fortsatt ilag med verktøy og lister😊
Vert nok ferdig når eg endeleg får det eg mangler hos kjøkkenlevrandøren..
Tolmodigheit er ein dyd

Ha ein super dag😗

Morgon med startvanskar😊

Ikkje det at det er unormalt…
Har rulla meg or senga
Kjennes ut som eg snart runder 90.
Det meste knaker og slit med å komme igang.
Hovudet banker og gamla er litt mygla
Paracet er inntatt og kaffi i koppen 😙

Går seg nok til utover dagen.
Startvanskar er noko ein lerer å leve med.
Må berre innrette seg og livet etter det.
Derfor er eg mest glad i seinvakt.
Gjer meg usosial på fritida.
Får med meg få aktiviteter..
Men…eg klarer gå i jobb😊

Ute skin sola🤡skyene truer ,men håper på ein fin dag som i går

Skal så lite til før livet vert så mykje enklare😉rare greier

Ha ein fin dag😊

Gamla i farta

Dette var i går…
No er det striskjorta og havrelefsa…
Ute er det grått og trist…
Her sit eg og drikk kaffi og håper kroppen klarer vokne til liv…
Vert ein travel dag så hadde vore greit om kroppen hang med😊

Går seg til får eg håpe😚

Datingside på facebook?
Er liksom ein hovudting på nyheitene…
Ja noko må ein vel finne på for å halde på kundane😊

Ha ein flott mandag😊