Kreativitet😂🌷🎈❤

Trur eg hadde litt av det sjølv før i tida

Viktig å notere å tegne til My little ponny😂
Misfornøyd med resultatet og fram med linjal…
Eg ser på frå avstand😁

Mulig ein kommande filmkritiker.
Iallefall er multitasking ingen problem.
Snart 7🌷
Ordenssansen har ho arva etter besta

Treng eit arkivsystem.
Reine dronninga der ho sit❤
Forslag om å ‘kle på og at vi evn. kan gå ut vert kontant avslått.
Seinare🤗
Men ho jobber jo må eg forstå.
Ser jo det…
Så eg et og strikka og lurer på korleis eg kan få eit bedre kosthold uten søthunger🍅
.
.. .

Småtrøtt

Baler med å våkne til liv.

Ponnyane har no vore oppe ei stund❤
Litt godt med stille morningar med barnebarna.
Vi ligg liksom rundt på kvar vår plass
Ferie🌻

Smågrått ute.
Passer godt til innekos.
Men ser sola i det fjerne så er eit håp.

Litt utetid treng vi😄

Enn så lenge er dette sysselen til besta😘
Ha ein fin dag

Du hendelse 😎

Idag har eg liksom vore litt sprek…
Sprek og sprek fru Blom
Går kvar dag i grunnen sånn 1 eller 2 runder…etter vegen..

Men…fekk lyst på meir fjelltur i sola så Bygdeheia😊💥

Ikkje høge fjell så er jo bedre å gå der enn  på vegen…igrunnen.

Gjorde godt…
Må nyte soldagene i ferien litt.

No får eg prøve å halde meg i ro.. .
Litt rastlaus…
Kanskje eg skal rusle ein tur til naboen😂

#foto#fjelltur

Kvalitetstid er tingen

Ingenting er som ein tur ut med nokon ein er glad i.
Forhåpentlegvis gjengjeldt…
Greit med ungar…
Dei kjenner ein ut og inn…
Men når dattera luffar framfor med hendene i lomma som ingenting..
Og eg kjem svett og forkava bak og hiv etter pust…og legg inn pustepause…då ser eg og kor skral forma er….
Jaja

Kos var det iallefall😘og opplett.
Fin temperatur til tur…ingen sommervarme.. .

Til og med kletørke …kva meir kan ein forlange.
Snart slutt på ferie.
Reknar med det vert godver i veke 26..
Då skal eg jobbe😂
Må gjere det beste utav det.
Alt til si tid.

Utruleg kor greit det er med slike småturer…når ein først kjem seg ut…
No er det kaffi og avslapping
Kan ikkje overanstrenge meg

#foto#fjelltur

Tor med hammaren

Når eg tenkjer etter så har han for stort sett vore fråverande ei stund..
Helt til i går kveld og natt.
Desken snyte.
Der var mykje innestengt aggresjon og frustrasjon😎

Ekkelt når det dundrer rundt øyrene.
Idag er det skikkeleg høstver
Vind og regn og innever.
Høljer ned.
Det er då det er kos inne.
Nyt frukost mens eg ser på God morgen Norge☺
..

Glad i egg og kaffi ❤
Eller kvitost og knekkebrød.
Perioder for alt…
Kanskje eg idag får orden på haugen med strykeklær.
Ikkje så mykje husmor i meg

Håper det roar seg ute…

Den som venter…

På noko kjekt.
Oslofrøkena kjem snart

Så her sit vi og venter😊
Må jo vere med må vite.
Broren køyrer…
Sikkert greiast
Stas.
Berre surra rundt idag.
Sånn er det å ha ferie.

Vakkert ute sjølv om det er skya og nærmast høstfølelse…

Ferie er supert sjølv om ein kun surrer rundt sin eigen akse

Morgongry

Stille og roleg og slåande vått
No har vi endeleg regnet vårt fått
Igår var det fint og ikkje ein dråpe
I dag må eg nok ha på mi regnkåpe

Skal ikkje klage ,men håper jo på
At vi seinare litt sommar og varme kan få
Veit mai var flott men kva hjelper vel det
Visst vi resten av sommaren skal vasse til kne

No er det vel dei lengst nord som har grunn til å klage
Her vert det berre syting og surmaga klage
Er ikkje våken og har mest lyst å sove
Skal ikkje gjere stort det kan eg love

Fjellsko og rabarbrasuppe😍

Hadde meg ein roleg start på dagen idag..
Sånn skikkeleg kosa meg med kaffi og god frukost❤
Søndag…
Var då gale Lise dukka opp…
Ga på å plaga mi dårlege samvittighet og synkende form…
Så på med sko og på fjellet bar det…
Vert mykje pusting og småpauser for å hive etter luft

Vakkert er det om det desverre er tilbake til våte og litt småtrasige tilstander…

Men kom meg no opp i dag og

Like kjekt å nå målet kvar gang.
Er noko eige med det å stå på toppen og speide rundt seg.
Er jo ikkje høge fjellet
Litt anna med dei som går Lihestklyvet idag.
Har ikkje vore der.Ser det frå stoveglaset sånn laaaangt borti der…
Mulig eg går ein dag.. .kven veit

Var godt å lande på altanen til ho mor.

Nyte blomstene og ikkje minst.
Få servert nydeleg rabarbrasupoe

Rett og slett kjempegod.

Har landa i sofaen.
Fått med meg at Serbia vann sin kamp.
Funne meg kaffi..
Tulla meg inn i teppet..
Livet er ikkje så verst

 

#foto #tur

Skremmande

Ser på nyheitene.
USA og flyktningpolitikk.
Ungar vert tatt frå ulovlege imegranter på grensa
Satt i eigne leirar
Er så eg ikkje trur det eg høyrer…
Går det an…?
Skremmande
Kva gjer det ikkje med små ungar som er utrygge frå før…
Håper den lova forsvinn…

.. .

Kontrast til min kvardag.
Har jo sove lang middag ,så her er eg lys våken.
Krig og elendighet i verden i kontrast til fotball vm.
Slik er kvardagen

Ute er det ganske kaldt .
Skyene er omtrent vekke
Lyst som dagen nesten.
Fin tid dette no før sola snur.
Finaste tida på året ,syns eg.
Kanskje fordi eg er junibarn og lite glad i den mørke årstida.

Kunne glatt hoppa over den mørkeste årstida eg.

Gamla sovna

Litt sånn slakk dag…
Syns det var litt sånn småsurt ute så slengde meg nedpå sofaen…
Skulle berre strekke meg litt..

Tek på med denne fotballen.
Kjempa heile vegen med Island…
Og vi klarer det…uavgjordt…

Våkna opp til nydeleg solskinn ute.
Fekk akkurat med meg målet til Danmark…
Har klart å legge på meg fleire kilo på nokre dagar….
Det gjekk uten problem kan ein sei…
Sånn går det med ferie i sofaen😊

Uffameg…
Kunne jo tatt meg ein liten fjelltur men har ikkje lyst…
Latskapen lenge leve…

Men men…..sånn er det av og til

Det er noko med denne motivasjonen…
Hadde sikkert vore greit å ha nokon som ga meg eit spark bak av og til…
Drog meg med på tur når motivasjonen var fråverande…
Men …får ta meg ein alvorsprat med meg sjølv..
Håpe gale Lise dukkar fram av og til…