No kom regnet

Venta på det ei stund.
Har liksom venta på at det skulle trekke over hit.men det har halde avstand.
Dvs.det yrer.berre nokre dråper.
Skikkeleg myggver ute..
Gamla har hatt innedag og latmannsliv.
Til og med sove middag.
Sofaen er ikkje så god å komme utav idag.

Blomstrer no denne her.
Litt småforvirra den og som eigaren.
Enkelte dagar er det lov å ikkje orke å gjere nokon ting.
Syns berre dei er vorten mange den siste tida.
Kom arbeidslyst og treng deg inn.

Det enkle er ofte det beste

Eg er ingen stor kokk.
Ikkje ein liten ein heller for den del.
Men et gjer eg og mat må ein ha.
Selvfølgeleg hadde det vore greit å hatt den interessa..
Vi er ikkje alle like.Sånn er det berre.
Ein må ikkje vere god på å lage alt frå botn.
Fins rikeleg med god mat frå Toro og andre.
Fullt god nok for meg.

Dette er så enkelt at sjølv eg får det til.
Treng berre kyllingkrydder og litt salt😁
Syns det er godt eg.
Og då er det heilt ok.

Gamla og matlysta

Litt for glad i mat og har ein veldig søthunger.
Når eg først startar tek det aldri slutt.
Hadde eg no fått hjernen til å skjønne at det er greit å stoppe før ein får mageknip.
No er eg stappfull av mat og søtsaker og kunne godt ete meir…Var med nød og neppe eg klagde stoppe
Og det kl 22 om kvelden.
Sprøtt…
Kan ikkje skulde på andre heller.

Må liksom gå i skog og mark for å ikkje ete…
Men fann blåbær😍
Regnet ser ut til å vere like om hjørnet.
Ser det regner lenger inne
Ikkje vann eg i lotto..
Var i grunnen planen.
Flaks er vel ikkje det eg har mest av.
Må nok tene til livets opphald med arbeid😀
Hatt tre veker ferie og det har gått kjempefort.
Heldigvis har eg 4.
Kommen godt inn i latmannslivet.

Trur eg burde fått meg ein hobby med bevegelse…

Irrsint kveps med adferdsvanskar

Kvepsen på altanen min burde hatt sinnemestringskurs.
Skikkeleg angrepslystig og går på med dødsforakt.
Ikkje har eg noko søtt med meg heller.
Kaffi og krimbok.
Idag vart det 1-0 til fienden.
Har fått eit stikk og ynskjer ikkje fleire.Kapitulerte.

Litt usikker på kortid eg skal gidde gjere noko innadørs

Idag har eg berre besøkt fjella i ytre Fjaler.Dei små.
Sett ut att på Alden.
Skal nok ut att der om det var bratt.Forma mi vert liksom ikkje bedre.
Hatt sånn koser meg i eige selskap dag.
No er det sofa og innekos resten av kvelden.
Gjeld å nyte siste ferieveka.

Livet er ikkje så verst

Båttur og pub besøk😁

Gamla er litt pysete på sjøen

Må konsentrere meg.
Sikkert derfor eg fekk i oppdrag og halde to koppar på ein gang.

Trudde jr. Sa i telefonen at eg skulle ta med ei kanne med kokt vatn og 1 pk kaffi…
Han sa ikkje det…fann eg ut.
Ei kanne kaffi skulle det vere…jaja..
Vi hadde jo pulverkaffe..

Får eit anna syn på livet frå sjøsida

Vakkert nær land

Og ein kjem fram til Alden og Verlandet

Gamla har fått seg mat.

Tante Gry sin pub

God mat.
No syns vi at vi fortjente det etter fjellturen

Til å med på toalettet var der flott…🤩

Fint i Verlandet

Taxien min

Damene nyt sjølivet

Takk for ein superfin tur.
Gjer eg gjerne fleire ganger om jr.gidd vente ein halvtime på toppen på ho gamlemor😃

Endeleg Alden

Fantastisk tur og eit slit.Sånn begge deler på ein måte

Den norske hest eller Alden.Ikkje så mange fjell eg har hatt som mål å gå på,men dette sånn midt uti havet,har vore ein av få

Gredde det før eg vart 60:-)

Jr.har nemleg kjøpt seg båt og tok mamsen og tantene med på tur

Viktig med god sjåfør både til lands og vanns

Norskehesten l

Fantastisk opplevelse  :-)Alden ,øy i Askvoll kommune.Fjellet den norske hesten eller Norskehesten ligg 460 meter over havet står det på goorgle

reknar med det stemmer.

For det gjekk opp på smal sti og med svette og slit.Mykje folk .No var vi ikkje like spreke alle 4.Men eg kom no opp ,og det er det som er tingen.Nesten like slitsomt å gå ned på smale stier og med mange på veg opp.Tok på knea.

Men det og stå på toppen med blått hav på alle kanter og med følelsen av å sjå ut i det uendelege er verdt det.

Sjå ned på Værlandet på eine sida og sånn nesten til England på den andre.

Anbefalast.

 

#fjelltur#alden#foto

Gamla og latskapen

Latskapen lenge leve
Men har ein heimeferie så har ein det
Ute er dei meste av skyene borte vekk.
Sola skin over dei som er så heldige å ha kveldssol.
Litt meir regn treng vi nok.
Eg har eigen brønn og der er det ikkje så mykje å skrive heim om.

Må nok ha litt meir bevegelse på feriekroppen imorra.
Burde nok fått opp pulsen idag og men gadd ikkje…

Tida fyk jo avgårde og før eg veit korleis er ferien over…
Har 4 veker…gjer godt syns eg.
Litt spent kor det går når eg skal jobbe 100 prosent att.
Lenge sidan sist så treng få litt fart i skrotten.

Det einaste eg er god på er å ete…
Og det er rett og slett ikkje nødvendig.
Men…løye med det…
Det var dette matvettet og sjølvbeherskelsen…
Mental trening er nok tingen😎

Med dundrer og brak

No er det ikkje i stillheita dei oppi himmelrommet spyler reint med…høgtrykkspylaren.
Visst det er slikt spetakkel kvar gang det skal sleppast ned litt vatn så skjønner eg det er tørke..

Var ikkje så lenge det gadd.
Sola prøver å trenge gjennom skylaget.
Kunne godt regna litt til når det held på.
Er tørt..
Men virker som dei ovenpå ikkje heilt er i humør😁

Eg burde gjordt ein innsats inne ,men er litt i feriemodus
Trur eg tek ein kosemeginnedag.
Dei er eg god på..

#humor#ironi

Skal sei han Tor var rask

Tordna og lynte som berre det
Regnet det berre hamra ned
Like fort som det starta opp
Vart det borte som det var i galopp

Ikkje vant med sånn sydenregn
Her plar det dundre ned i timesvis i sleng
Sola skein opp
Ser jo skyer og sånn
Men kva gjer jo det når det er opplett i botn

Kunsten å nyte

Kjempegodt.
Ikkje flink å grille og sakner det heller ikkje.
Steike går like fint.
Kjapp,enkel og god sommermat for gamla.
Er i grunnen heilårsmat😀
Overskya ute og har så smått forberedt meg på torden,lyn og store nedbørsmengder.
Er veldig tørt så regn treng vi nok.
Sjølv eg gjerne har godver i ferien.

 

Trimturer er unnagjorde.
Litt kjekt å gå med oslosysta.
Berre som søren at ho og er sprekare enn meg…
Heng no etter som eit slips uansett eg…
Ikkje berre berre…

Burde antagelig gjere litt…
Men først må eg kvile og nyte sofaen…
Kan ikkje slite meg ut

Har jo trimma idag:-)