Onsdagsfundering før hanen gjel

Sir her i halvsvime og drikk kaffi,og håper kroppen skal våkne litt…
Kjennes  ut som eg er passert 100 og ser sikkert slik ut og.

Gårsdagen var superfin.
Idag er det vært og grått.
Vestlandsver.

No vil eg no tru vi har fått nok regn til desse vannbassenga.
Håper på superfin september.
Ein fin høst gjer susen.

Misunner A menneska som syns det å stå opp tidleg er ein velsignelse…
Bevares…
Hadde eg ikkje vore så stuptrøtt og kroppen så stiv så hadde eg vore einig.
Ikkje dei store nyheitene på nett heldigvis.

Ha ein super onsdag.
Eg må berre våkne først

Søkkvåte,sopp og gale Lise i galopp

Alle har vi nok eit alter ego.
Mi er spinnvill.
Mykje sprekere enn eg nokosinne  kjem til å bli.
Har klart å halde ho i sjakk i det siste.
Er nok mi samvittighet.

I dag kom ho fram…
Alvorleg talt…skulle ikkje du på fjellet idag?kortid vart litt regn og våt mark eit hinder..
Hadde du ikkje store planer for litt høgre fjell.
Ho gneldre i veg nett som eg brukar å gjere.

Eg ga opp.
Inn i Larris og tur og køyr.
Kva gjer ein ikkje før husfreden.

Sjelden eg har gått tur der alt var ein bekk

Vått og tungt

Helsikes gale Lise…

Mykje sopp.

Små og store i skjønn forening

Mange sorter og dei såg ut til å storkose seg.Haust.
Eg pusta og pæsa
Kondis er ferskvare visstnok.

Vått og glatt og ikkje direkte ein kosetur…
Men gjorde nok sikkert godt😎

Men gjekk på fram.
Likar følelsen av å tråkke innover fjellet.

Magisk på toppen

Litt glatt og slept og rekordvått
Men   det skal gale Lise ha.
God idé.
Kjenner at eg fann roen.
Om Salamoskoa mine er tette…tja

Men no må eg ha mat…
Tenk visst eg har mista eit gram😍

#humor#natur#fjelltur#ironi

Nesten butikktjuv….

Eller nesten…var på veg ut uten å betale eg…

Til mitt forsvar må eg sei at eg var sånn vel i underkant på søvn…
Sat på med jr.heimatt igår kveld…
Han skulle nett innom coop så gamla kom på nokre ting ho mangla…
Ved kassa scanna eg jo koden og fekk forklart om dei nye posane

Eg putta tinga oppi og tok nokre steg…
Då kom det forsiktig…
Du må jo betale…
Jau…megapinleg
Jenta vår høfleg ho…hadde opplevd det før..
Blikka til dei andre i køa så det meste…
Tett før eg gjekk gjennom golvet…
Uffameg..
Kva vert det neste…at det går an
Idag sov eg til 11.
Gått meg ein tur etter vegen..
Og havna på sofaen

..

Var megakos med monopol og barnebarn

Gruer meg til neste butikkbesøk…
Skremmande…
Håper det var fordi eg var sliten….

Gå meg ein støkk

Ny garderobe

Sokkene er på.
Kunne jo ikkje vere uten må vite

Her tek ein det ein har😁
Mangla visst bluse,men sy det kan eg iallefall ikkje…
No anser eg oppdraget for utført.
Prinsessa har ikkje lært å strikke.
Tolmodigheit var ikkje så stor..
Men kva gjer vel det så lenge ein kan fingerhekle

Må jo ha litt pause…
Har fri…
Då skal ein slappe av å gjere noko kjekt.
Ute vaskar dei opp i verdensrommet og tømmer bøttene på oss…
Ikkje direkte frestande.
Broren har besøk .
Høyres ut som dei koser seg…
Besta sovna på sofaen igår kveld.
Har strengt tatt ilt både her og der😎

Midt i mord og  mysterier.
I grunnen berre godt med ein roleg innedag no når dokka har fått ferdig garderoben

God lørdag

Gjesp….God morgon😍

God morgen…
Besta er trøtt ,men har ni vore på beina ei stund.
Ute skin sola gjennom skoddehavet.

God venn å ha på morgenkvisten.

Vært ein topp til dokka..
Så no får det vere bra med kunstneriske innslag frå besta.

Håper på litt godver så eg får litt frisk luft..
Eller vi .
Såg ut som dei voksne kosa seg med DeLillos😉
Kjekt med litt voksentid av og til.
Viktig å ta vare på kvarandre og kjærligheta

Gamla gjer det ho ikkje kan

Barnebarnet på sju ville lære å strikke…
Men….eg er best på å kaste tråden over pinnene sa frøken ,etter å ha øvd ei stund..
Så eg førde pinner og ho kasta…
Vi er supre på samarbeid…kom det frå frøken.Viktig å kunne jobbeilag og gjere det vi er best på…

Heilt sant..
Du må lage bukse til dokka for det har eg lova ho…
Jau..eg er jo reine mesterstrikkaren….
Sukk..Men frøkna har trua..

Sjølv er ho veeeeeldig god på fingerhekling…
Så mens besta etter beste evne og fantasi strikka bukse ,produserte frøken opptil fleire sjal

No har eg fått i oppdrag å strikke fellesoppgava ferdig og lage noko fornuftig utav det.
Sjølv var ho utsliten og nyt kveldsmaten.

Besta er litt trøtt etter natt og lite søvn…

Trur eg får rekke opp og lage eit skjørt…
Men ikkje sikkert sjefen godtar det.

Fantastisk grisever😎

Nemmen ikkje alle dagar eg føler eg kan ligge på sofaen med god samvittighet.
Skikkeleg deilig

Gjer susen.
Greit når det er nattevakter i vente.
Kroppen til gamla treng langsomme bevegelser og ro og kvile.

Høsten er her for fullt.
Kvardagen har tatt tak.
Men er greit det og.
Livet kan ikkje berre bestå seg av ferie og late dagar.

Skulle nok …..men …viljen var vekke

Ser på flotte bilder frå venner og kollega sine fjellturer og får litt dårleg samvit…
Burde nok vore på tur eg og…
Opphald.her og greier..
Berre velstand..
I staden har eg tatt verda med ro ,og proppa i meg mat til den store gullmedalje…

Ja altso…har tatt stripa mi etter vegen.
Sprek vert ein ikkje men fekk frisk luft.
Kva er det mot 5 til 6 timar i fjellheimen…
Null…
Men sånn er det..
Latskapen lenge leve.

Vorten ein skikkeleg sofaslitar.
No er det Beck og strikk.
Nytter ikkje gråte over spilt melk.

Blikket opp og sjå framover.
Snart mandag og jobbmodus.
Sånn går no dagane.😁

Skikkeleg innever

Riktig eit pissever ute for å sei det som det er.
Regnar og bles og fremstår ikkje til uteaktiviteter for småsur kjerring.

Må ha meg ein tur ut i løpet av dagen…
Er berre at støvler og regnklær fremstår lite givende  akkurat no.
Ikkje kleshaugen som skal strykast heller…
Såg litt på den og tenkte at det var ingen utløpsdato
Liksom ikkje så mykje energi og spore..
Skulle ha rydda litt og.Både her og der…
Veret er jo supert til den slags aktiviteter..
Rikeleg å ta seg til….berre eg gidd…
Har drukke kaffi og planlagd sidan eg sto opp…
Merkelig kor makelig det går an å vere…
Men…..litt kaffi til no så skal eg sjå…

Ha ein fin laurdag🙂

Gamla har slengt beina på bordet

Det er helg og har gått opp 3 kilo…
Det er liksom dei eg møysommelig hadde tatt av i sommar.
Tilbake til gamle vaner eller uvaner og lite bevegelse…
No hjelper ikkje veret på heller.
Eg orkar ikkje vase i fjellet i regn og med vestlandsbunad.
Hadde nok berre lagt meg flat…
Må nok satse på å få hovudet til å skjønne at det held med mindre mat og søtsaker😎
Ikkje enkelt…

Er alt for makelig anlagt.
Lat rett og slett…iallefall på heimebane…
Må nok ei holdningsendring til.
Burde kanskje køyrt eit Lean på meg sjølv😁
Hadde kanskje vorte eit slit med handlingsplanen.

Jaja…er no berre meg sjølv det går utover.
Får sjå mord og mysterier og strikke litt mens eg planlegg framdriftsplanen av livet til gamla.