Utslitt og augene på stilk

Kor søren vart det av søvnen.
Er nesten utruleg kor mange rare tankar ein får når ein ligg og vrir seg.og ikkje får sove
Dukker opp problem som ein ikkje visste om ein hadde.
Tankane lager ei skikkeleg vase av ting .som set hjernen i alarmberedskap.
Att og fram på do.Ser på klokka utallige ganger…

Så no har gamla lagt seg på sofaen.
Ute regnar det.
Her har eg tenkt å bli til eg skal på jobb…
Drakk nok formykje kaffi alt for seint..

Godt eg har seinvakt.
Skal lage meg ein god frukost om litt.
Gjeld å gjere det beste utav det😁

Gamla på elvevandring

Ein ting må seiast.
Fantastisk flott haustdag.
Klarde til å med å krenke meg ut og senga i sånn normal tid…
Rundt 9😃
Nokre kopper kaffi og god tid er viktig…
Ut på tur…
Vått som det er opp i her.
Gjeld berre å vere forberedt..
Gode sko og eg lånte naboen sine stava..
Mine er knekte for lenge sida og eg kjem jo aldri så langt at eg får dille meg til nye..
Gode å ha i glatta..

Har vi klaga over vannmangel så kan vi ikkje godt klage over vatn😎

Kjende formelig humøret og livslyst kom sigande

Gjorde utruleg godt.
Tok meg i å smile der eg gjekk å plaska.
Er ei stund sidan siste fjelltur.

Fordelen med å ikkje vere den sprekeste er jo at ein får tid å nyte.

Traff ei til heks.
Fekk masse energi.
Til å med fått slått grastustane .
Kva sol og fjell kan gjere med småsur kjerring.

No har eg desverre ete alt for mykje middag.
Ødela liksom litt av sjølvkjensla😋

Havna på sofaen .Men trur eg må Ut att litt.
Nyte resten av fridagen.
Meldt 14 dager regn så må utnytte kvart minutt

 

 

#natur#humor#fjelltur

Heia Norge og hipp hurra

Reine 17 mai stemninga.
Imponert over desse brødrene Ingebrigtsen.
Yngstemann er jo super.

Eg vert jo utsletten her eg sit…
Problemet er at eg stappar i meg mat for harde livet undervegs i løpet…
Uff…
Nyt sofalivet som vanleg.
Er godt å lande der mellom vaktene.
Sett sola har eg og idag…
Burde nok gått på fjellet etter jobb…
Men orka ikkje…

Så eg ser em.
Håper på at energien skal komme krypande

Burde hatt noko av deira…
Må nok vente forgjeves…
Men er hardt å starte på jobb att etter ferien..treng tilvenning.

Kan ikkje overanstrenge meg heller.
Det skulle tatt seg ut.

Payback

No får vi att for alt godveret.
Skal sei her kjem ned mengder.
Tor med hammaren har visst og litt han vil bevise…
Han har no vore still lenge..
Er ikkje så tøff som eg ser andre er.
Fjelltur i pøsregn frista ikkje.
Ikkje etter vegen heller..
Sove middag eg…og det før eg åt middag.
Må jo få med meg friidrett og kongelag…
Har ikkje tid å gå ut…
Kjenner eg burde men…får vere…
Men i morra…..då …
Har fri så er håp om litt frisk luft…
Ikkje så enkelt dette her…
Giddalaus.

Kose meg dag😍

Kjenner at det av og til berre er godt å late meg.
Sove lenge
Våkne i fred og ro.
Rusle ein tur etter vegen i vestlandsbunaden
Kjenne på korleis eg i grunnen har det.
Ta ein pep.talk .med meg sjølv.
Ete god middag
Lese og strikke litt
Sjå TV  og nyte dagen.

Ikkje vert eg sprek av det.
Ikkje vert eg noko klokere heller..

Men treng det iblandet..
Har ikkje den energien som før..
Viktig å fordele den eg har.😁
Vi er alle ulike sånn sett.

Har vore ein sånn kosemeginnedag😍

Trøtt,overmett og kvalm

Det er meg i eit nøtteskall..
Trøtt etter stor søvnmangel…det er lov..
Men unødvendig å ete til ein vert kvalm..
Mulig trøttheita og spelar inn.
Så ligg på sofaen og ser på rulleski…
Spreke…Det hadde ikkje vore meg.
Ole Lukkøye er like om hjørnet…

Dreg på åra…

Skjønner ikkje kor andre tek energien frå.

Mord og mysterier

Fredagskveld herifrå sofaen.
Heldig med kjøpet av den…
Sofaen altso..
Nesten altfor god…
Herifrå skjer det meste…
Iallefall når eg har litt lite søvn bak meg og prøver snu døgnet…

Har nett lufta meg litt…
Latskapen lenge leve..
No er det strikk og krim…
Kos det og for ei halvgammal heks…

Har lite med arbeidslyst…
Kanskje eg skal bevege meg litt…
Er til vurdering..
Merkeleg kor makeleg eg er vorten med åra…
Men ser at folk vert veldig aktive som pensjonistar…så er eit håp

Inntil den tid så gjer eg som denne her…
Sit godt planta på reva

Hengemage og lausflesk

Er vel då eg bør skjønne at trening av magemusklene og styrketrening hadde vore tingen…
Men gjer eg det?
Langt ifrå….
Og eg burde.
Hadde vore godt for rygg og arm…
Seinare…..
Ser på flesket som velt utover her eg ligg på sofaen…
Ingen magemusklene å spore på mils omkrets…
Ikkje kan eg skulde på andre heller…
Så no ligg eg her stappmett og velt på sofaen…og tenkjer på kor greit det hadde vore med litt meir muskler….

Tenkjer at….søren og…
Vært ikkje idag heller…
Alt for mett som vanleg…
Trur eg bør skaffe meg sjølv litt fleire gode vaner….

I morgon er det Skifjordag.
Håper inderleg det vert oppholdsvær..
Ser ikkje lovande ut.
Skifjorden bryggeri har åpen dag.
Heldige vi som har bryggeri i bygda🙂
Kjekt at nokon får ting til.

Giddalaus etter nattevaktene mine…
Ser på svenske Hollywoodfruer

Ikkje ofte eg gjer det…
Ho der Gunilla er til og med verre enn meg….
Akk o ve…
Men ho får jo til og med betalt for galskapen🙂

 

 

#Ironi#humor

Jau….sofaen er god den

Hjelpe meg for eit liv ..
No har eg tilbrakt dagen på sofaen…
Hadde sikkert vore mykje meir fornuftig å ta ein fjelltur..
Tusla meg tilslutt runda mi etter vegen…
Det mest fornuftige eg har gjordt idag.
Men av og til er det nok lurt å berre slappe av litt.
Litt har eg no sove…
Snart klar for jobb.
Litt godt å vere tilbake i vante gjenge og.

I august…Snart jul😎
Tida fyk jo avgårde……

Ole Lukkøye har ferie

Hjernen har hatt ferie i 4 veker og vel så det.vil nok mange seie..
Eg har det med å tenkje mykje på mangt…opplevelsene kverner rundt…
No er det jo slik eg og løyser problema.sånn i dagleglivet…

No har eg kobla av …sånn skikkeleg merka eg…til no

Gamla er tilbake på jobb..
Og dermed slo hjernen seg på full guffe…
Søvn…Nei det har den ikkje høyrt om..
Totalt utsleten har eg lagt meg på sofaen…
Her har eg tenkt å bli resten av dagen🙂