Søndag er kos

Herleg med late søndager.
Fått raspeballer hos naboen❤
Litt bortskjemt.
Rydda litt i rotet mitt og slapper av.
Litt sol og litt regn.
Haust.

Skjønner ikkje heilt korleis ein får heilt strøkent på kjøkkenet.

Jaja..
Litt nytt og litt gammalt kjøkkenet mitt.

Vakkert.

Hadde no i grunnen tenkt å lage middag sjølv,men når naboen fekk besøk så vart det middag på meg og.
Kjempegodt var det og.

Håndball på TV.
Gardina ligg no her visst eg får ånden…
Trur eg må ta meg sjølv i nakken…
Bestillte meg genserpakke på nett…
Las etterpå at den var liten i størrelsen…Jau…

Kim Larsen har takka for seg…
Har høyrt mykje på sandane hans framigjennom..
Funne roen i sofakroken.
Fått fyr i ovnen.
Gamla nyt tilverelsen

Innekos

Det flotte med ekte drittver ute er at ein kan kose seg inne.
Finne fram håndarbeid,kryssord eller ei bok.
Fyr i lys og ovn.
TV,data eller radio.
Til og med vore ute i regn og blåst.
Gode regnklær.
Vore på middag hos ho mor.
Klippfisk kjøpt på Atløy.Båten som tøffare i Fjordane fortida og selger grønsaker og fisk.
Godt med gode naboar.
Nyt frihelg og tankar krefter til ny veke.
Små elvar er vorten store.nye dukkar opp på stader dei ikkje skal.
Vegen renn vekk hos meg og andre.
Naturkreftene gjer som dei vil.

Vi menneska vert små.
God lørdag😘

Sjølv gamle hekser må til frisøren

Litt godt å vere ferdig kl.14 og rett til frisøren

Var på høg tid…
Fekk både kaffi og noko attåt..
Visst no nokon spør kor eg var den dagen i september då vi hadde sol,så veit eg det.

Men ein rekk ikkje alt her i verden.

Kva trur de skjedde då gamla tok ut uten regnklær?
Regnet kom selvfølgeleg…
Skulle nok ha følgt magefølelsen…
Men men…

Bles no ikkje og var skikkeleg godt å komme heim.
Kjende det var godt eg hadde fått varmepumpe….
No er det sofa og tvkos

Viktig å kose seg..
Fyre i ovnen skal eg og …
Frihelg og avslapping❤❤

Ynskjer alle ein fin fredagskveld

Går til streik!!!

Er so lei detta regnet…
Og no er det i tillegg kaldt..
Stiv som ein pinne og verker overalt….gi meg litt godver så humøret og kroppen kjem litt i lodd.

Regn er greit det…i perioder..
Men ikkje i månedsvis..
Høstdepresjonen er begynner å melde seg og eg slit med motivasjonen.

Lite eg kan gjere med det.
Berre å ta smertestillende og smile blitt😂
Psyker meg opp til trimturer eg veit eg treng.
Uffameg seier eg.
Livet skal ikkje berre vere ein dans på roser.

Ha ein super dag

Sjølvdigging er kos😂

Hatt ein kosemegdag idag.
Larris var jo med sjølvsagt.
Han fekk litt bensin på første bensinstasjon…
Vært billigste utover dagen,men kven kunne vite det.
Sist mandag vart prisane skrudde opp tidleg..
Jaja..ikkje den store utgifta

Starta med frukost på Olefine.
Sat der og kosa meg i eige selskap.
Egotripp😄

Var på handel må vite…
Tok litt av.
Når då brillene ikkje er på og prisen på buksene var ei hemmelighet til eg skulle betale,så kjende eg at eg vart litt betenkt….

Tok ein liten samtale med meg sjølv og kom fram til at eg fortjente kvar ei krone…og vel så det😎
Du er jo berre fantastisk…så eg til meg sjølv..
Ikkje bygda å lite på😃

Men…middag tok eg på Coop.
Litt fornuftig er eg innimellom.

Om det å bore hos tannlegen kjem innunder kos …tvilsomt
Men hyggeleg er ho og med bedøvelse går det meste

Stor vassføring i elva iallefall…

Har hatt stripa mi på utsikten

Vakkert men reine vinterfølelse i solskinnet.
Kaldt…så må nok finne fram lue og votter.

Men….mat må ein ha.
Skal eg kose meg så skal eg det

Godt mett her eg sit under teppet.
Jammen har eg det godt😍
Til og med fått roser av meg sjølv.

Så no er eg ein god del fattigare
Men går seg no til….
Er lov å slå på stortromma av og til🙄.

Sjølvdigging er tingen😉

Kvitt på frontruta

Snø på fjelltoppar.
Lihesten er dekka av kvitt på toppen.
Gamla skal på biltur
Høyrer Larris så smått banne der han står ute og hutrar
Eg er stiv som ein pinne.
Hjalp lite med ein dusj.
Her er det stemning på morgonkvisten😎
Litt tidleg med kulde og lave temperaturer syns eg.
Rett frå regn til snø vert vel mykje sjøl for meg.
Håper på mildvær og sol😍

Nei…Må vel få på meg litt meir anstendige klær og gjere meg klar…

Ha ein super dag.

Stille og fredeleg

Vinden har stilla for denne gang.
Regnet piska ned ,men så lenge regnet kjem frå oven og ikkje frå sida så går det no i grunnen greit.

Rusla meg ein tur etter vegen og kjent på stillheita ein søndag føremiddag.
Roen senkar seg i kroppen og eg kjenner at eg har det bra..
Hadde det ikkje vore for gnagsåret..
Jau eg har plaster på.Skikkelege sokkar og.som ikkje sig ned.
Det var det eg ikkje hadde då eg fekk det..
Men ellers går det greit

No nyt eg kaffien og pleier meg sjølv.

God søndag

Vinnerlykke og arbeidshelg

Har landa som eit slakt i sofaen..
Dvs..det er lenge sida…
Litt småforkjøla og sliten..
Men gamla har vunne idag.
På lynlotteriet til helselaget.Demensaksjonen.
Attpå til slo eg til med 55 kroner i lotto.
Har feira med popkorn og smågodt til det taut ut øyrene…

Korleis folk får energien sin frå er meg ei gåte…
Men har det heilt greit i sofakroken.
Seinvakt imorra og det skal bli godt…
Litt meir i min modus…
Har ikkje gjort ein skit etter eg kom heim..
Rett og slett berre ete og slappa av.
Og syns det er heilt greit.
Regnet høljer ned som vanleg…

No er det krim.Vera😁
Tulla meg inn i teppet og godt mulig eg sovner her eg ligg.
Livet er ikkje så verst😋

Det hardner til

Skal sei det piska rundt hushjørna.Verre skal det bli.
Tv’en har kobla ut.
Litt for tøffe tak for parabolen antagelig.
Glad eg har tak over hovudet

Fyrt i ovnen.
Kveikte lys.
Henta fram batterilysa…
Kven veit kor lenge lyset held stand😄
Best å vere føre var.
Sit godt opptil i sofaen med data og strikketøy.
Litt småkoselig…Men litt utrykt kva vinden kan få tak på.
Lite vi kan hamle opp med dei sterke naturkreftene.
Fri imorra heldigvis….
Kjenner det skal bli godt å late seg litt.

Litt skummelt med denne vinden kjenner eg.tek godt i huset.

Får kose meg som best eg kan