Trøtt.no

Kjennes  ut som eg er tyggen og oppattspytta.
Ser nok slik ut og.

Prøver hekle litt men augene går omskot🤣

I går var det bokslepp  på på omsorgssenteret.

Med Norvald Tveit .
Ny bok..Dama
NRK var på plass samt full sal.
Stas av ein forfattar på snart 91.

Venter på boka…ugla på gamleheimen…

det var ein mild tittel😂

Vore flink å gått tur med loddbok.
Ja var mykje gåing for saka..
Går jo allikevel.
Omsorgssenteret skal jo ha basar.
Viktig å bidra litt om ikkje anna.
Dugnad må til i bygdenorge
.

Hangler og går

Var på vekta idag….
Jau…
Ikkje rart buksene er vorte trange…
Skjønner ikkje kor eg får denne matlyst frå…

Tidleg oppe var eg og..Ikkje at det hjelp på humøret …
Men har no vore ute og fått frisk luft

Flott ute no men litt småsurt.vinden gjer det eit par grader kaldare.
Burde nok gått litt på fjellet etter gammalt.Fått oppatt kondisen…
Men…finn liksom ikkje den lysta..
Merkelege greier…
Borte vekk..

Må få henta nummerskilt til huset og.
Sånn 5 mil køyring for eit lite skilt.
Men…Inga bønn.
Litt giddalaus for å vere ærlig.
Maser om KrF.på TV.
Rett og slett bra dei snart har dette landsmøtet så det vert stillt
.

Snart slutt på godveret visstnok.
Slutt på frihelg og går mot arbeidshelg.
Kjenner høstdepresjonen snike seg på.
Med mørkare kveldar vert det forsterka.
Men men…Ikkje alt eg kan gjere noko med.
Får prøve gjere det beste utav det.
God mandag😂

Søndagstur og klokkesnu

Nyt å stå seint opp…idag vart det jo ikkje så gale etter klokka…Men sola sto høgt på himmelen..
Nesten for gale,men gjorde godt

Kaldt men flott…

Familiesamling hos ho mor.
Middag fekk eg og..Reine velstanden

Sjølv om eg har varmepumpe så er varme frå vedovnen det beste.
Vert lunare…og litt kos.
Ute er det mørkt…
Eg er glad i sommartid eg.
Treng litt lysare ettermiddager.
Så er det opp til meg kan vi ha sommartid heile året.

I nyheitene dreier det seg for det meste om KrF.
Lite parti med stor betydning.
Rart det der I grunnen.

Men er sant ordtaket..
Lita ute kan velte stort lass…

Ha ein fin søndagskveld

Kroppen skranter og tennene med😋

Men no er gamla fornøgd,med veret og livet sånn generelt.
Jaja…kroppen skranter og tennene med.
Vekta går opp og hukommelsen ned..
Men…sånn er livet.

Når då ein endeleg har fri på ein av dei få dagane sola skin…
Jau då koser gamla seg…

Gjeld å gripe dagen og peanøttposen😂

Stor sofa med plass til alt eg treng…
Nokon kaller det rot..
Eg kaller det planlegging til avslapping😁
Skal vi danse på TV.

Vore på butikken og henta meg pakke med tråd idag…
Fekk den trua på meg sjølv etter genseren…
Kva det skal bli…
Litt usikker for trudde eg hadde bestillt litt andre farger…
Jaja…
Men i kveld skal eg hekle

Frihelg 😁

Vore nydeleg idag…
Vinter i lufta..synd at eg har sove vekk det meste av den…
Men vert trøtt av nattevakter om sola skin eller ei.

Vakkert ikveld.
Vore innom naboen som snarast.
Litt greit med sosial kontakt iblandt😋eg er noko sær og vanskelig.

Gidd ikkje feste ender…så starter opp noko nytt.
Har ein del prosjekt som treng den siste finpussen…
Men ikkje idag.
No er det sofa.fyr i ovnen og TV…
Småtrøtt…
Godt det er frihelg.
Skal nyttast til å slappe av tenkjer eg…
Kanskje eg burde rydde i fryseboksen…Fann noko der idag som eg slett ikkje visste kva var…
Merking er fråverande og husken på nullpunktet…
Men får sjå om eg gidd😁
God fredagskveld

Gjer det eg ikkje kan

Strikka meg gensar
Mønster og eg er ein heller dårleg kombinasjon.
Er som den hersens tråden stritter imot og dreg seg ihop berre på pokkerskap…
Men …det får stå sin prøve…
Var i grunnen kjekt….hadde det ikkje vore for stramming…
No må det festast endar,dampas i fasong….det sto i mønsteret…og…så får ein no sjå…
Har bestillt meg tråd til ein ny…

No har eg funne eit nytt prosjekt…
Noko må ein ha på nevane….

Vinteren er i emning og i helga skal vi få sol….
Berre velstand.
Ny rådmann eller dame har vi og fått i kommunen.
Desverre er ikkje økonomien noko å skryte av…
Men er vel slik i mange kommunar

Borte bra men heime best…

Godt plassert heime etter fleire dager på farten.
Vippsa til tv-aksjonen…
Flott å kunne støtte ei god sak og når ein ikkje er heime..
Viktig å bry seg.
Mindre åleine saman.

Reist kollektivt og må vite.Først på bussen.
Den vart full

Forandring fryder.
Siste etappe med Larris.
Han hadde jo stått og venta.
Godt påpassa av Ingebjørg sidan matmor forlet han åpen😎

Har lova bot og bedring.
Vårt på vegane…lett å få vannplaning.
No er det TV og avslapping

Skal sei veret skal bli stabilt framover.
Godt eg har strikk å bale med…
Spørs kor det går no eg skal til på mønsteret….

Byluft

Treng litt stoveforandrin  sånn innimellom

Opplett innimellom i Bergen og.
Litt handel må til og kos
Var det som var formålet med turen❤

Fredagspizza😁
Viktig med mat ..men her er det jo lite med matvit.og god mat heile tida…
Buksene strammer og går knapt att…
Uff…

Ausekarane….
Litt underhaldning må ein jo unne seg syns vi.
Kjekt å gjere ting ilag…
Komme ut blandet andre innimellom.

Idag er det det eg kallar ekte skitver

Då er det berre å fortsette på strikkinga

God søndag

Når hjernecella kobler ut

Av og til lurer eg verkeleg på om eg har alle tastene inne.
Skremmande…

Den følelsen eg fekk då eg godt plassert i baksetet på veslesysta sin bil,på veg på nye eventyr,oppdaga at bilnøkkelen ikkje var med…

Larris stakkar,sto parkert på ferjekaia…
Fort gjordt å sjekke ..men huksa i grunnen ikkje at eg hadde hatt nøkkelen ..
Vel kan eg skulde på at eg var trøtt…men…Panikk…

Det er då det er godt å ha venner som bur på rett plass og kan sjekke…
.Larris stakkar hadde hatt nøklene heile tida han…og ikkje berre sine.
Ulåst bil med nøkler i…smart

Hipp hurra for gode hjelpara😍

Engler fins😁
No kan gamla slappe av..
Slit med søvnen…
Og når eg i tillegg gløymer å slå av vekkefunksjonen,så det ramler 0530…ganger 3…då har eg bedt om det…
Men….

Kaffi ordner det meste.
Ha ein fin dag

Gamla på loffen

Trur ikkje eg heldt har funne ut av desse turtraseane her….
Men oppdagar stadig noko nytt

Var bom på denne vege her…
Eg gjekk under…
Skytebane…
Her er den altso

Var eit flott anlegg.Det skal dei ha

Til og med sett ut ein båt i tilfelle syndefloda…
Greit å vere forberedt…

Litt kjekt med fine vegkantar

Elvane har roa seg etter storregnet

Fann meg ein skogsveg…
Men godt oppi kom eg på at det var vel hjortejakt ..i mørke klær og tett skog er det lite lurt…
Må nok ta den med refleksvest😎
Kor den gjekk veit eg jo ikkje..
Smalna inn oppi der eg snudde…

Flott og rusle rundt i naturen…

Her vart eg både svolten og tissetrengt.
Selskapsblære høyrer fortida til ..

Så best å snu

Kos med slike hus…

Gamla gjekk på det ho kunne.
Nett innom butikken …
Pæsa meg opp bakken…
Litt greit eg hadde fått grundig opplæring i kodelåsen …prinsessa var  streng der….er du 100prosent sikker at du kan den no besta…😍
Viktig å øve…

Skive med jordbærsylte er sterkt undervurdert
Karbohydrater til tusen…Men smakte berre lekkert…
Spørs om eg må ha litt til…
Vert svolten av frisk luft