Trur eg vert skrullete

Meir enn vanleg.
Tatt opp fleire omganger.Mønster er noko herk.
Ein eller annan plass stemmer det ikkje.
Kor…ja søren veit.
Går inn i potten av ei veke der det meste går til dunders.
Av og til er det slik.

Skavlan holder på med sitt…svorsk.
Eg er frustrert og trykker i meg sjokolade..
Burde alvorleg fått meg eit trimapparat i stova…
Om ikkje anna enn ein sykkel..
Må ha det her skal eg bruke det…
Ikkje har eg stor plass heller…

Sjokolade er godt…
Alt for godt…

Dusjer faktisk og om kvelden..
Litt av ein diskusjon.
Dusjer ein om morgonen eller kvelden…ser Skavlan…

Dusjer midt på dagen og for den del…
Alt etter kva eg skal eller gjer på😂

Vi er jo ulike…
Viktigast er å ikkje stinke ilag med folk..det er ikkje så lurt…
Burde vore hos frisøren og ser eg…
Ser i det heile ut som madam mim.
Skaffe meg ei gryte og ein kost.
Heks er tingen.
Utseende har eg..
  

Kuling betyr innetid😂

Ute er det regn og kuling minst.
Skikkeleg ufyselig.
Sport på TV.
Fyr i ovnen.og sofatid
Sånn passe i form.

Fått meg vinnisse hos ho mor.
Går fint med siderposer😁
Koser seg borti kroken.
Fann tilslutt fatet til adventslys.
Der var dei fine lysestakane frøken mi laga eit år.
Kjekt med heimelaga gaver.
Ikkje så mykje adventspynt hos meg og nissane må vente litt til
Likar roa advent har med seg.

Har ikkje kjøpt noko særleg med gaver heller eg..
To.
Ikkje at eg har så mange men ikkje fått ønskeliste.
Syns det er greiest.
Slepp total skivebom.
Men er ikkje jul endå.

God fredag

Hjelpe og trøste

Skal sei vinden tek i.
Formeleg så eg får følelsen av at huset lettar…
Får skikkeleg tak…riv og ruskar
Ser på Sofias engler mens vinden prøver få parabolen ut av stilling.
Flott program.

Prøver strikke litt,men har ikkje heilt ånden.
Det einaste som er på topp er matlyst.
Jaja…
Måtte ut å sjekke.
Mildt ute men ekkelt med sterk vind i mørket…
Litt utrykt.

Liker meg ikkje…minker vel om litt

Naturen kan vere lumsk…
Håper på litt energi så eg kjem meg opp av sofaen.
Går seg nok til.
Kjøpte meg roser før i veka…sånn til trøst

Ufyselig

Ute altså…
Kjenner meg litt sånn eg og.
Våkna av mareritt…sånn skikkeleg eit.
Hadde mista både telefon og veske…
Og det på tur…

Nesten godt å våkne opp i senga..
Litt skjelven endå.
Fekk ikkje sove så har flytta inn i sofaen..

Har no TV idag om ikkje meir.
Fekk til og med tuneren levert på døra.

Burde vaske opp om ikkje anna.
Dagens mål.

Ha ein super torsdag

Sjakk og advendstjerne

Sjakk.Hurtigsjakk.
Det er tingen.Går fort nok til at eg ikkje vert lei.

Fått tuner idag og jr har montert.
Han henger opp adventstjerns mi i same slengen.

Litt av ein latter på ein av desse sjakk komentatorane.
No heier eg litt her eg sit.
Ute er det vind som riktig koster rundt hjørne.

Lurer på kor eg har den brikka som eg har adventslys på…..
.Det kan bli det neste mysteriet.
Sist sett i januar…
Lys har eg jo kjøpt….
Dukker vel opp eindag
.

No kan advendt komme.
Eg er nesten klar…

Det rusker og går

God morgon frå sofakroken.
Gamla er ikkje i form ..
Vart vekt av ei koseleg dame frå jobb som lurte på kva det gjekk i…
Kjekt det…Men då forflytta eg meg inn i sofakroken.
Fyrt i ovnen.
Varmepumpa den jobber den.men eg treng mykje varme idag ,kjenner eg.
Hovudet kjennes tett og tungt og resten er ikkje bra det heller.

Ute har skyene samla seg og vinden har tatt tak.
Slutt på fineveret no.
Tilbake til godt gammaldags vestlandsver

.

Var godt med ferske skiver frå Naustdal dampbakeri.
Glad i brøda derifrå.
Så passa på å kjøpe med meg heim.

Åt litt mykje kjenner eg.
Litt sånn stakkars meg trøsteeting.
Jaja…
Kanskje eg berre har godt av eit par dager på sofaen😁

Verdensfreden er i fare og konfliktene nærmar seg.
Skremmande.
Endå fleire sedligheeitssaker dukker opp i media.
Verden er vorten tøffare og eg kjenner det skremmer meg.
Idag er endeleg ein ende på dette sjakkdramaet.
Eg er ikkje så glad i det skal eg vere ærleg.

Skal eg gå i pysjen eller ei….
God onsdag frå gamla på sofaen😍

Larris har virus og gamla frys

Ikkje heilt i høgget nokon av oss..
Larris hadde ein eller annan koblingsfeil på hybriden.
Sikkert som å ha krystallsykja.
Kvifor dei oppdaga det først no…det er uvisst.
Mistenker dei for å ha konkludert med at det var eg som var problemet sist vinter..
At eg ikkje er god det veit eg..treng ikkje på Toyota for å vite det😂

Idag har eg fått behandling for tannkjøtbetennelsen og for muskulaturen.
Godt bedøvd i halve ansiktet var det ikkje snakk om matinntak…
Tok det att heime…nesten ihelsvolten.

Fekk haik med naboane heim…
No er eg rett og slett slakk

Prøver å sjå TV gjennom nettet…
Det er håplaust.
Ovnen prøver så godt den kan å få varmen i ein slakk skrått…
Håplaust

Larris vart kanskje i orden til helga.
Mulig eg får tuneren og ..Vert jo reine julekvelden.

Ikkje gjordt noko til jul..
Kjøpte meg no adventslys idag.
Noko berre det.
Jula kjem uansett den😊

Der for Larris

Gadd ikkje hjelpe til…

Kva søren…så Larris.
Med den der køyrer ikkje eg…

Hjalp ikkje at den unge mannen prøvde sitt beste…
Starta ikkje og takk for det i grunnen.
Godt det er andre som ser galskapen

Streta imot..

Men måtte opp…
Dårleg med slepekrok såg det ut til.
No er han reist.

Kva eg skal gjere no uten bil det veit eg ikkje.
Men men…Vert nok ei råd…
Det meste ordner seg.

Ikkje fått gjordt ein skit idag eg.
Får ta litt advendsvask til helga.

No berre slapper eg av

Livet er av og til litt innfløkt

Skal ikkje vere enkelt.
Larris er godt fornøgd…Skal på spa..
Og har time til sjekk.
Vert henta må vite.
Av Viking.
Korleis eg skal klare meg uten bil det skit han i

Vakkert ute

Men hjelper lite på mobiliteten.
For her går innen kollektivtrafikk.
Her kan ein snakke miljøpolitikk og at folk må ta kollektiv transport uten at det har betydning.
Her går det nemlig ingenting.
Litt langt å gå på jobb…
Jaja.
Imorra må eg ta fantasien i bruk for å komme meg til Førde.
Ikkje så heldig som Larris 😂
Håper berre dei finn ut av det..
Skal på møte idag…
Har hyra inn bil med sjåfør.
Kjekt når nokon kan hjelpe…

Sola har no komme inn i stova.
Litt sliten,småforkjøla og sur…
Ikkje det at det er hjelp i…
Får ta ting som det kjem…

Men er av og til godt å lette på trykket.
Litt kaffi og mat så kjem det seg.
Må vere løysingsorientert

Sint,frustrert og oppgitt

Her er grunnen.
Etter å ha oppførd seg skikkeleg i snart eit halvt år er det slutt.
Så snart vi bikker under 5 grader får Larris angst…
Og til det grader…
Blinker med alt den har,nekter og starte og roper på..kontakt forhandler…
Fy f…. seier eg
Etter timesvis ute i kulden i helga for å lokke og lure….og det etter seinvakt..fekk vi oss heim..
Men idagtidleg fekk Larris aldeles hetta…det kan ein trykt sei gamla fekk og…
Larris gaulte og skreik på forhandlarhjelp..
Nekta å la seg slokke og..
Det lynte kraftig frå toppen til gamla…der eg måtte ringe rundt til naboane  i håp om at nokon kunne få meg på jobb…
Klarer vekke ho mor..
Verkstaden er jo stengt i helgane…
Skal ringe i morra tidleg.
Forrege vinter meinte dei det var batteriet på nøkkelen…
På ein ny bil liksom…
Kva dei no trur det er det må Vårherre vite..
Eg er forbanne over å ha kjøpt ein sommarbil…
Det eg treng er ein pålitelig vinterbil..
Sånn skikkeleg mandagsbil er det….eyxxyr

Måtte gå av meg litt frustrasjon.
Skal ringe i morgon…
Langt til Førde…og eg er avhengig av bil….

Jaja….
Tuneren på TV så og takk for seg…
Lurer på kor mykje gale eg har gjordt med den dårlege karmaen