Gamla og hovudlykta

Mildt og stjerneklart og nydelig ute…

Men her uti periferien er det verken gatelys eller lysløype…
Vintertid …er mørketid.
Når eg hadde fått middagen i magen og rydda opp var det mørkt ute.
Einaste som nytter er anten vanvittig godt nattsyn,eller lommelykt…

Det var då eg kom på…har jo kjøpt hovudlykt..
Men kor var vidunderet…
Tok si tid å oppspore og få i batteriet…
Men etter det var det berre velstand

Eit av mine smarteste kjøp

Verka som berre det.
No verken joggar eg ,eller driv med nokon voldsomme bevegelser…
Men til mitt bruk er den super:-)

Kva skal ein med kostyme?
Kan skremme fanden på flatmark😘

Natteravn

Merkeleg dette med søvn
Lys våken.
Ute bles det skikkeleg.Kjenner det rusker godt i huset. Mildt.
Frå kulde til varme på nokre dager.
November.
Treng litt tid etter sein og helgejobbing for å komme i sovemodus.
Men bakdelen er at inntak av det eg ikkje bør ete er størst i litt små trøtt tilstand

Men no er det tomt og eg er småkvalm.
Bør nok tusle meg i seng snart.
Har litt eg skal gjere når natta går over i dag.
Gleder meg til neste helg.
Då er det fri😎

Motor bak gjev kraftige tak

Ganske luftig ute idag.
Gamla rusla sin vante rekreasjonstur etter jobb…
Skal meir til for å skremme meg😁
Mildt og fint.
Berre litt regn og vind,tenkte eg

Godt kledd.

Sånn ganske så godt beskytta for ver og vind tusla eg avgårde gjennom skogen.
Slett ikkje verst,tenkte eg…
Det var til eg kom ut i opnar landskap

Var som eg plutseleg hadde fått motor med turbo i baken.
Fauk avgårde totalt uten styring..
Skal sei gamla fekk fart på seg …
Klarer til slutt å ta ein usving🤣

Då var det slutt på motoren kan eg sei.
Baksa meg meter for meter framover til eg igjenn kom inn i lunare farvatn

Godt eg har nokre kilo å dra på.

Men tilbake i skogen var det berre velstand

Stille og fredeleg

Og rekreasjon for kropp og sjel.
No er eg sånn godt sliten.
Maten putrer på ovnen og eg har tatt lørdagskveld

God helg😘

#foto#tur#natur#humor

God fredag🍊

Her er det snart jobb.
Slik er det å vere turnusarbeider.
Ein av bakdelene.
Men,trivst på jobb så er som det er.

Ikkje gjort noko fornuftig på formiddagen eg.
Rusla meg ein tur og besøkt naboen😁viktig med ein roleg start på dagen.

Ete til eg nesten sprakk og har landa i sofaen for rekreasjon.
Kan ikkje slite meg ut

Kutoppen 😁
Det og nyheiter på dataen.
Sjekka mail…Viktig det og av og til.
Så er det gjordt til helga.

Fått ut litt mat til fuglane.
Sikkert ikkje berre fuglane som likar det,men henger det litt vekk frå huset..
Mus vil eg ikkje ha inn…
Dei er liksom ikkje så lett å bli kvitt.
Gjer seg til på ubestemt tid…
Ikkje så glad i slike gjester

Jau…det rusler og går

Driv og våkner til liv.
Kjekt å stå opp til ferdig kaffi og fyr i ovnen

Stille i huset
Prinsessa og foreldra er ute av huset.
Kun prinsen som et frukost.
Fordelen med å verte større og ikkje skulle i sfo.
Eller trur frøken stortrives og kjekt det fins

Gamla skal berre slappe av.
Iallefall nokre timar til.
Kroppen bør få tid til å våkne til liv.
Kroppen treng tid….lever sitt eige liv
Løye med det…

.

Nokre koppar til no så starter den nok opp😂

Ha ein super dag