Hjelpe meg!!!

Skal sei der er skikkeleg fart i sakene utendørs.
Regner vannrett og vinden får fart i det meste.
Jager meg nærmast inn før eg kjem ut..
Men heilt greit.
Dette veret vert litt formykje sjølv for gamla.
Takke meg til sofaen og kaffikoppen.
Ikkje fins her treningstudio heller.
Skikkeleg kosemeginnever.
Rett og slett.
Skal på jobb,men det er no ei stund til.
Koseleg med litt stille innedager og.
Heilt gåen i armane etter å ha jobba noko veldig i søvne..
Hadde mareritt…og skjønner jo det etter å ha vakna med ein arm eg ikkje klarde bevege.
Og det godarmen😂
Har non berre sovna i feil stilling.

Håper vinden roer seg ute.
Ha ei fin nyttårsafta

No må gamla ta seg ihop

Vert nesten skremd av min eigen latskap.
Sit planta i sofaen,trykkjer i meg alt usunnt eg kjem over.
Sukker og stønner og beveger meg overhode ikkje.
B

Har funne fram velferdsteknologien for i det minste gjere noko fornuftig.
Har null lyst til å gjere nokon ting.
Har rikelig å gjere,så burde starta.
Lysta til å gå i skog og mark er der på ein måte,men kjem meg liksom ikkje avgårde.
Skremmande…
Vert berre dorsk og lat,og brei bak.
Snøar i fjella ser eg.
Rusler etter vegen av og til.
Trumfar meg ut…men einaste eg då får er frisk luft…
Kan no håpe latskapen snudde med sola.

Nydeleg soloppgang innimellom regnbygene idag.
Etter det stakk den av🐷
Vinterdepresjon er noko skit.
Trur eg må riste meg sjølv ganske kraftig..
Men ikkje idag…
Får berre lese litt meir.
Ta på meg vestlandsbunaden og rusle ein tur…

Sjuk eller lat?


Frys…
Og det med varmepumpe og rødglødende vedovn..
Kvifor veit eg ikkje og er igrunnen heller ikkje så nøye.
Oslofrøkena har vore sjuk heile ferien stakkars.syns ikkje ho var så mykje bedre idag.
Men er på veg heim.
Anten er gamla berre trøtt og sliten,eller forkjølelsen jobber for å komme på besøk
Godt å ha fri og med god samvittigheit ligge strekk ut.
Skikkeleg nyte pynta hus.
Ete masse usunt og tenkje at….etter nyttår…då skal eg legge om vanane…
Ikkje idag iallefall.
Mykje eg legg planer om,men verre med gjennomføringa.
Men ,ein kan jo drøyme..så lenge ein fortsatt ser forskjel på draum og virkeligheit.

Så får eg sjå kva 2019 har å by på.
Ikkje godt å vite
Idag skal eg berre la humla suse

.

.

Kolapsa

Ikkje veit eg helt kortid,men hadde sovna sånn delvis liggande på sofaen.

Vakna lettare forvirra meg vondt både her og der..
Er no litt lite søvn etter nattevaktene som er årsaka.
No ser eg søvnløs i seattle og hekler litt.
Roa har senka seg i huset til gamla.
Frihelg.😁
Kjenner det skal bli godt.
Skal berre late meg eitpar dagar.

Mange tragiske hendelser dei siste dagane minner meg på kor skjørt livet er
Karpe diem.

Kom på at kvardagen er like rundt hjørnet og eg må lese litt om velferdsteknologi…men ikkje idagæ

Morgenro i juletida

Ute piskar regnet ned.
Ingen julesnø for meg,
Berre flott syns eg.
Har krølla meg opp i sofaen og nyt freden og kaffien.
Ikkje heilt iform.så er nok ein fornuftig plass til nattevakta.


Kos på jobb og i jula.
Men sofaen er god og ha innimellom.
Feire jul med barn og barnebarn er jo ekstra stas for dei fleste myrsniper.
Det er dei fleste mødre trur eg.

Tsunamien har igjenn tatt mange liv.
Naturkreftene er nådelause og grusomme.
Set ting i perspektiv
Vi vert små i forhold.
Verden er stor og full av forskjeller.
Nokon har det som oss.Andre har ingenting.

På jobb er vi mange nasjonaliteter og religioner.
Nokon feirer jul no.Andre i januar og andre ikkje i det heile.
Spennande og lærerikt.
Viktig med respekt og nyskjerrigheit for kvarandre.
Er vel det nestekjærligheit handler om.

Sjølv skal eg ligge litt på sofaen og fundere over livet ei stund til
Ha ein fin dag

Julefreden senkar seg

Ute er det rett før julesnøen daler ned.
Glatt.
Nydelig sang på tv.Kurt Nilsen med fleire.
Juleroen har senka seg.
Hatt familien på besøk.Kos meg spel og kvalitetstid.

Tid til ettertake og tid til familien innimellom jobb.
Godt og berre sitte å nyte tilverelsen.
Brenne advendslysa og puste lite grann.
Imorra er det dagvakt.
Vore ute og kledd på Larris eit teppe.
Treng ikkje fryse heilt inntil margen

God jul frå meg til deg:-)

God jul til alle
Nyt så godt de kan.
Ikkje alle har same gledesfølelsen i jula
Viktig å tenkje på at ikkje berre vi,men og dei som er rundt oss skal ha det bra.

Sjølv sit eg her stappfull av nylaga gjærbakst..
Vakker vart den ikkje,men smaken går.
Ferske bollar er best,så eg har ete for fleire.
Godt å ha frihelg og slappe av.
Tanke litt krefter og surre med mitt.
Skal verte kaldare ,ser eg.
Treng ikkje det for min del.Plussgrader går heilt fint.

Pynta treet idag,så no kan jula berre komme.
Må berre dra over golva.
Merkeleg kor mykje eg klarer å grise.
Litt godt å sitte med pledd rundt beina og nyte roa og julepynta hus.

Ynskjer alle ei riktig koseleg jul🎅

Full oprydding ute

Og det tek naturen seg av.

Rusker i vegger og tak.

No er ikkje desse glass mine v nyaste dato…trekkjer litt syns eg..

Er ikkje komme meg utav pysjen.

 

Tek si tid…

Dette var igårmorgon…korleis det vert idag aner eg ikkje..Mørkt ute..ikkje bekmørkt ,men…

Har ikkje heilt funne julestemninga i år.. Prøver så godt eg kan.

Jula kjem no om ein vil eller ei.Vipps så er den og forbi og vi har eit nytt år.

Kan no vere greit for alle som ikkje er så glad i jula.

Fins mange av dei og..Jula er ikkje alltid forbundet med glede.Mange ulike sjebner

Kanskje på tide å starte dagen snart.

Burde kanskje rydde litt rundt meg.

Ta meg ihop pitte litt.

Ha ein super dag

 

 

Stilletid

Nyt stillheita og roen
Berre lyden frå varmepumpa som jobber for at gamlemor ukkje skal fryse.
Fått på meg ull og drikk kaffi mens eg nyt kaffikoppen og utsikta.

Godt med slike gode rolege morningar.
Klokka er ni.
Mørkt ute fortsatt ,men snart solsnu.

Takk og lov.

Likar best den lyse årstida.

Snart klar for å starte dagen.

Ynskjer alle ein strålande tirsdag

 

Har posten tatt juleferie?

  1. Iallefall så har det ikkje vore postbil  her i ytre strøk.

Mandag..sikkert nok derfor.

Det har hendt før..Er nok ikkje så viktig antagelig.

Litt sånn småirriterande…jaja..

 

Mangler vel folk der og.

Berre kosa meg idag eg..skulle pakke inn julegaver,men det er ikkje gjordt.

Inviterte  naboane på middag om ikkje anna.

Vore å funne fram nissane.Har nok litt anna og.

Hatt fri idag og nytt kvart augneblink.Ryggen krangler etter eit feillyft…så tek det litt piano.

Kan jo risikere å verte ståande i vinkel eit hjørne..😁Hadde vore litt av eit syn..

Godt å berre roe ned litt