Sliten.no

Av og til så må det vere lov

Ikkje at eg har vore så aktiv akuratt,men løye med det.Går i ett sjølv om ein jobber i kommunen:-)

Slengde varene eg hadde handla inn i gangen,og gjekk rett på tur.

Gjorde godt det.

No har eg no delvis fått ting på plass.Ser på rotet rundt meg og tenkjer…skit i det

Orkar kkje,gidd ikkje og har ikkje det minste lyst.

Huksa no å kjøpe litt lyspærer så lyset kunne gå opp for meg og.

Grytt i meg ein pose med chips,ein halv pakke nøtter og er kvalm.

Kva vitsen med inntaket var,det aner eg ikkje.Heilt unødvendig..

Må nok skjerpe meg.

Har mest lyst å gjere som nissane

Slenge meg sånn lettare henslengt ned i ein stol

Vinden rusker godt ute,så eg håper snøen held seg vekke.

Seinvakt  i morra, heldigvis..

Må ta meg litt ihop og rydde vekk litt av alt papirstyret eg har slengt rundt meg…

Ser ut som eit katastrofeområde:-)

God lørdagskveld:-)

Morgongretten

Ikkje greit å ikkje heilt vere sånn superopplagd og grei om morningen:-)

Men så lenge eg får vakne i fred og ro,så går det seg til.

Skyene dekker snart himmelen heilt,og redd vi får snø.

Er det noko eg ikkje treng når eg har arbeidshelg, er tett snødrev og uframkommelege vegar.

Vel og merke er det vinter,men litt hensyn kan det no ta

Flott om morningen,hadde det berre ikkje vore så tidleg:-)

Må ut eintur i dag ,kjenner eg.Er nokre dager sidan sist luftetur,og det merkast i ein gammal skrott.

Har ikkje gjordt noko anna enn å ete heller,og buksene krympar i vask.

Uting:-)

Men no får eg få i meg litt kaffi til og håpe maskjeneriet startar opp

Ha ein super fredag:-)

Pussing av fasaden

Litt frisørbesøk av og til trengst når ein ser ut som eit takras:-)

Ikkje at det vart så mykje bedre,men gjorde no eit tappert forsøk.

I dag har eg vore til behandling for tannkjøtbetennelse.Ingenting å sei på bedøvelsen.Den var rikeleg.Halve fjeset med nasa var totalt ute av kontroll til langt utpå ettermiddagen.

Og det frå før ni..

På julehandel med talevanskar og svolten som eit uver,det er ikkje å anbefale.Var så eg fekk lyst å anngripe dei stakkars ekspeditørane…

Lysta til å handle vart heller laber,så tok heller med meg Larris heimatt….

Kaffien eg kjøpte på vegen havna delvis utover klærne…Skal sei gamla var i humør

vel heime grytte eg i meg eit halv brød….kom seg.

I kveld har eg vore på julemiddag med jobbenÅt for både meg og dei som ikkje kunne…

Så no er eg iallefall mett..

I morra får eg sjå om eg klarer finne ut av kva eg igrunnen mangler til jul

 

Prinsen testa iqen til besta…Trur han syns den var litt på grensa.Men,forklarde raskt poenget….

Litt kvalitetstid er viktig:-)

 

Frisøren må til

Såg om mulig verre ut enn normalt.
På høg tid,men er jo mykje som skal til før jul…
Men,julepresang til meg sjølv

No er der gjordt.
Imorra er det tannlege
Halve gapet skal renske for tannstein.
Reddast det som reddast kan.
Slit med tannkjøtbetennelsen.
Før fekk røyken skulda.
No er det for dårleg tannpuss…
Skal ikkje vere enkelt

Prinsen testa besta sin iq…
Den var heller laber til prinsen sin glede.
Men.han viste meg fasiten.
Grei sånn.
No har eg forete meg på svigerdatra sine solskinnsboller.
Til dessert er det mandariner

Held jo ikkje med ei når eg er i drevet

Her er det håndball på TV.
Kaldt her…Litt varmare ut med kysten.

Mat må ein ha

Litt glad i tomatsuppe.
Toro er tingen for oss som ikkje er flinke på kjøkkenet.
Egg opp i idag.
Liksom det eg fekk lyst på.
Dagane går og vekta aukar.
Skummelt med kjeksbaking.

Andre søndag i advent.
Vore på basar.
Kos og masse gode kaker.
No er det ikkje alle som har vinnetlykke,men går til grendalaget,så ikkje si nøye.
Litt avbrekk i kvardagen.

Må visst kjøpe fleire julekort.
Har ein plass, men uvisst kor.
Er no starta om ikkje anna.
Får kjøpe i morra.
Frimerke har eg..
Det har eg huska…
Har mista lysta til å sjå farmenfinalen etter alt skriverier.
Ikkje det minste spennande lenger.

Eit prosjekt

Pluss ,pluss…
Nok å ta meg til altso…visst eg gidd

God søndagskveld

Førjulstid

Ikkje så mykje juleaktiviteter på gamla.
Et kjeks.Snart fått i meg riflekjeksa.
Kvalm.
Sukk og stønn for eit latmannsliv.
Gidd ingenting.
Funne fram litt rødfarge..Kan no hekle litt om ikkje anna.

Viktig å nyte tilverelsen.
Skal på julegrantenning og basar i morgon.
Kjekt med tradisjon.
Ikkje vann eg i lotto heller…
Søren.

Henta fram nissefamilien min idag.
Dei brukar å få lov å få med seg adventstida.
Er ganske fredelige av seg.
Ikkje noko stress derigården.
Ikkje hos meg heller.
Trur eg må finne fram litt julekort.
Syns det er kjekt å få og sende.
Tradisjon kanskje,men allikevel.
Ikkje ferdig med gaver og lite klar generelt.
Men jula kjem den
Berre å dra over golv og slenge på nokre dukar,så er eg der.
Litt mat må jo til.
Tenkte eg skulle ta å skrive ei liste..
Løye med det..
Plutseleg har eg fått rikeleg av noko og ingenting av anna…ubegripeleg😂

Sovedag

Eller prøve sove dag.
Midt mellom nattevakter og treng søvn…
Men ikkje alltid kroppen lystrer det hjernen fortel.
Så her ligg eg.Mett og god.
Matlyst den er på plass.
No har eg jo julekjeks  og eg kan ete på…

Gode til kaffien.Eg dypper dei nedi

Ligg no her.slapper av i det minste.
Huskestue på TV…det må eg få med meg🤣

Uff.

Vinteren gjer sitt inntog.
Gamla er fortsatt sånn halvslakk og småsjuk.
Heng nok ihop …Kroppen min er ikkje så glad i vinter.
Då er det kjekt med teppe,kaffekopp og God morgen Norge.
Fin måte å våkne til liv på.

I nyheitene er det Venstre som er i farta fortida.
Bra dei byter på å vere i media.
Men interne stridigheter bør nok vere interne tenkjer eg.

Offentleg skittentøyvask er ikkje bra for nokon.

Jakten på kjærligheta er heldigvis ferdig på tv2.
Farmen går mot slutten og jula nærmar seg.

Eg er langt frå klar,men har no litt tid på meg endå.
Jobber i jula,så litt anna opplegg enn for dei som har fri.
Eg er ikkje aleine om det.
Helse Norge er avhengig av folk på jobb,og sånn er det i mange yrker.

Vurderer om eg bør ta meg ein tur ut i frisk luft..Lysta er ikkje den store.
Ikkje fekk eg avis igår heller..
Berre reklame..
Spent på om eg får idag..

God tirsdag

Ikkje bak når du er svolten

Fann på at eg skulle lage riflekjeks..
God idé i grunnen.
Etter bom på mixstafetten måtte eg liksom gjere noko.
Laga deigen,satte den i kjøleskapet og gjekk meg ein tur…

Helsa litt på Larris ,som er kommen frå ferie og kuropphald..
Får håpe han oppfører seg heretter..

Vurderte om eg skulle ete middag før steiking…
Nei…etterpå tenkte eg..

Første problem var…korleis fester eg kverna…Ikkje kjøkkenbord lenger.
Løysinga vart å ta ut ei kjøkkenskuff.
Då klarde eg feste kverna i diskpiata.
Tok tid…kjende eg var svolten men…etterpå..
Tek evigheter å lage riflekjeksa  med kvern når ein er svolten…
Stor porsjon…

Smakte utmerka. Iallefall nystekte…

Så vart nesten småkvalm..
Vart middag og tilslutt..
Var tenkt å lage krumkaker idag…røra er klar..
Det gjer  eg rett og slett ikkje.
Står seg til imorra i kjøleskapet..
Må berre sette klokka på vekking så eg rekk det før seinvakt..

No er eg sliten…av ingenting..
Og mett.
Resten av kvelden skal nytast i sofakroken..

Lurer på kor kjeksboksane mine er…
Sporlaust vekke.
Fann heldigvis ein gammal stor boks…

Sport og søndagskos

Gull på mixstafekk i skiskyting😁Flinke og kjenner gleden smitter.
Ute er det grått og vått.
Eg småfrys tross varmepumpe og fyr i ovnen.
Må hente meir ved kom eg på..
Gjer seg desverre ikkje sjølv.

Det gode med søndager er at ein kan slappe av med god samvittighet.
Nett fått i meg frukosten
Fortsatt god og mett etter matinntaket igår kveld.
Var kjempegodt.

Tatt oppatt og starta på ny frisk på gensaren.
Fann feilen.
Får prøve unngå fleire.
Vært litt sur på heile prosjektet så må ha litt avstand.

Får bevege meg litt så veden kjem på plass

God søndag