Latskap og matskap😁

jammen er det godt for gamla å ha fri
Sitte på reva og la dagen gå forbi
Ete opp ein sjokolade ,eller tre
Ingenting får ligge ifred

No veit eg berre så inderleg vel
Kjenner det både i kropp og i sjel
Det gjer ikkje godt for verken vekt eller kropp
Men ikkje så lett å sette ein stopp

Til våren eingang,når lyset kjem att
For i mørketida får gamla heilt fnatt
Og kroppen den har det med å skyte litt fart

I bredda sjølvsagt,for høgda går ned
Inntil våren kjem skal den få vere i fred

Fattigmanns trøst er å trøste seg sjøl
Uten altfor mykje tut og kjør

Fann ein blomst i hagen hos ho mor
Kjekt med alt som spirer og gror.
Ikkje så stor og kanskje ikkje så flott
Men i mune auge ein roseknopp

Som eit slakt


Sovna eg.
Skulle sjå nyheitene og vakna til Huskestue…
Sånn lettare forvirra ligg eg fortsatt.


Mørk før og etter jobb.
Skikkeleg grå dag,men uansett godt med litt frisk luft..
Kjenner det skal gjere veeeeldig godt med fri til mandag.
Ikkje 18 lenger…ikkje 40 heller kjenner eg…
Ikkje misforstå..
Koser meg på jobb…men koser meg heime og eg…
Litt vel mykje kanskje..
Men mat er godt…og stratosplata er tom…skulle ta ein bit…
Korleis resten forsvann så fort er litt mystisk.
Dette vart tatt igår..
Litt finare ver…
Idag var turen våt.
Mulig eg bør gjere noko fornuftig..
Men ikkje idag….

Rekreasjon for kropp og sjel
Komme frå jobb,skifte til varme klær…
Joggesko og refleksvest.
Tusle avgårde ut i frisk luft.
Nyte stillheita.
Tømme topplokket..
Berre nyte lydane frå naturen

Litt på skeiva,men kva gjer vel det.
Av og til susa bilar forbi.
Ut i grøfta…
Litt glatt å gå og heilt sikkert like glatt å bremse…

Har laga meg pannekaker…
Åt fort og nok litt vel mykje…
Så litt vondt i magen får eg no berre ha…
Fri imorgon…
Livet er ikkje så verst