Fiksa litt på fasaden

Ikkje at eg trur det gjer så stor forskjel.
Prøvd ut dei grønne produkta til Laila.
Frisørloftet er vorten grønn.

Om resultatet er annarleis veit eg ikkje.
Men håper det er bedre for håret.

Fekk ordna bryna med det samme.Deesverre så var det ingenting å gjere meed desse rynkene mine

Jaja.Er som det er .Problemet er at sovehjartet mitt det er litt skralt.Får gjespe meg gjennom nattevakta.
Har og lært meg at det ofte er ein fordel å merke frosne middagsretter og anna dill
Er forskjel på ris og smelta reven ost..
Såå idag har eg ete ostesmørbrød til eg vart kvalm.
Akk ja.Mett vart eg no om ikkje anna,men var liksom ikkje det eg hadde lyst på

Ikkje alltid så enkelt dette livet:-)

Utgått på dato

Har fått med meg at ein må vise pass i banken for å ha betaling via nett.
Skal innførast.
Ok ,tenkte eg.
Tek det med til Førde.
Rett til den skuffa eg visste det var i..
Niks..
Såg gjennom den og resten av skuffene..
Ingenting.
Tre ganger sjekka eg den hersens skuffa.
Ikkje så mykje som låg der, og iallefall ingen pass.
Sa .mykje pent.Ga opp.Hadde ikkje tid å leite.
Kom på noko anna eg måtte ha med.
Åpna den berømte skuffa for 4 gang..
Og kva trur de eg fann.

Åpna det for å sjekke…
Gyldig til 23.02 2019..
Godt eg ikkje skulle utelands..
Så gamla har vore hos politiet.
Det var godt eg skulle bye meg..
Følte meg topp.
Sånn lenge sida eg burde vore hos frisør.
Totalt usminka..
Det må ein vere når ein skal ha injeksjon på auget..
Håret måtte bak øyrene,og luggen måtte opp..var for lang..
Eg seier ikkje meir..
Bra eg bruker pass sjelden…Skal jo vere til å identifisere deg med,sa den hyggelege dama.er jo sånn du ser ut.
Jau..
Attpåtil hadde eg minka 2 cm sidan sist..
I høgda…
Godt dei ikkje måler bredda…15 kilo ekstra sidan den tid..
Jaja..
Fått ny injeksjon på auge.
Makulaen blomstrer og synet minkar..

Middag på coop.
Kanskje ikkje noko for Hellstrøm, men held for meg💚
Kjøpt nye strikkepinner.nr5.
Ikkje meir pinne7…
Grytt i meg massevis med mat..etter eg kom heim
Skal skjerpe meg…
Men ikkje idag.
Auget funker ikkje heilt endå..gamla er sliten.sofa,strikk og camp kullinares…

I morgon går alt så mykje bedre

At det går an

Den følelsen du får når du studerer den genseren du nett er ferdig med og ser…
Den er diger..
Mykje større enn den andre eg nett er ferdig med

Jaja…litt for tjukk pinne..
Sånn er det når ein ikkje passer på.
Men var ikkje meininga eg skulle ha genser å vokse i.
Skulle jo vere litt stor,men…
Når eg veit den i tillegg skal dampas ut i rett størrelse
Jau…eg kan vekse mykje….

Heilt likt meg…har det med å ha npkre flauser i mnd.
Lagt opp genser til snuppa mi..
Pinne 4,5…for trur det er bedre med litt liten enn for stor.

Gale Lise i full blomst

Vore rimeleg stille frå alteregoet mitt i det siste
I motsetning til meg,er gale Lise glad i å gå i fjellet og ellers vere i full aktivitet.Sånn nonstop
Vore eit nydelig vårver idag.Kven skulle tru det var slutten av februar?
Skikkeleg sånn lat dag.Vurderte om eg skulle ta ein tur på fjellet.Etter mykje akkedering med meg sjølv rusla eg berre ein tur etter vegen.Sånn etter at Norge hadde sikra gull og bronse:-)
Laga middag og åt både vel og lenge:-9
Slengde meg mett og god ned i sofaen for å få med meg hopp…
Det var då det starta.
Maset frå Gale Lise

Alvorleg talt!!Skulle ikkje du på fjellet idag…Og kva sit du her etter?Trur du vi får medalje kanskje?Bortkasta
Det var igår eg hadde tenkt det..at eg skulle gå på fjellet idag altso
Og skal du sitte inne og kope i godveret.Noko alvorleg som plagar deg eller?
Berre litt småforkjøla og lat igrunnen…
Samvittigheita si gale Lise held ikkje fred.
Nye staver har du og allting
Fekk til jul.Hos mansen:-)Skikkeleg pene:-)

vrei meg fleire ganger i sofaen.Att og fram og så søren heller..
Kan jo berre gå sånn litt oppi lia kanskje?
På med utstyret .Dei endå ikkje brukte stavane i handa,og inn til jr…
Fekk stavane i rett lengde,,
Du,kan du sjå etter meg visst eg ikkje melder meg før det vert mørkt?

Jaaa…Han drog på det…For eit mas,tenkte han sikkert….Reknar med han hadde rykt ut ved behov:-)

Utruleg dårleg kondis på gamla…Kom an,sa gale Lise…
Ser meg ut som kom an…Men ein får gå i det tempoet ein klarer

Det fine med å vere i dårleg form er at ein har god tid til å nye utsikten:-)

Nydeleg dag

Naturen lager sine eigne hjarter:-)

Litt snøflekker er det hist og pist.
Og det er vått…Ikkje noko for lette joggesko.Men med gorotec går det flott.Heilt tørr då eg kom heim:-)
Kom til å tenke på pappa mens eg vandra rundt.
Brukte gå innom og sei eg gjekk på fjellet:-)
Telefonen som som regel kom på heimveg ,nåreg var kommen på ranen og såg nedover til fjorden:-)
Nærmer du deg?
Syns nok eg var i overkant treg.
Koselege minner 🙂


Merkar at no hadde det vore godt å vere oppe:-)Ikkje så langt att og på med vindjakka.Ein smule kaldere på toppen


Av og til er det godt eg har gale Lise..
Utruleg fin tur,som folk går sjelden.Ingen som hadde skreve i boka på 3 månader,så var på tide gamla fekk rev i segla.
Aleine i naturen.Er vel ganske vått heile året,så er no derfor der er liten trafikk.Men eg trivst med å gå å labbe slik aleine i naturen:-)
Gjer godt for kropp og sjel.
Matlysta vert desverre berre skjerpa,for eg orkar ikkje ta meg heilt ut:-)

Hovmod står for fall.

Igrunnen eit godt ordtak
No gjeld det meg sjølv
Når ein peiser på fjellet i kuling rett etter slakke dager,så får ein kvitteringa.
Tilbake til start.
Hovudverk og vond hals.
No kan eg ha det så godt.
Gamle kjerringa skulle hatt bedre vit.
Men det som var godt for musklaturen var ikkje bra for resten.
Same kor ein snur seg er reva bak.
Så eg har havna i sofaen.
Litt sær .Det må eg innrømme.
Grytt i meg paracet,så går seg vel til

Ting går seg til.
Bra kletørke,og henge opp klær det orker eg i det minste:)

Sport på tv.
Sola skin
Snart vår

Gamla og fiskebollane

Rask og grei middag tenkte eg..
Så langt alt i orden.
Smør i panna,litt mjøl,litt melk..
Passe tjukk og så kraft..
Det var då eg kom på at eg ikkje hadde åpna boksen.
Full fart….trur du loket gjekk av…niks
Febrilsk røring i sosen.
Snudde boksen og ny runde med åpnaren…
Opp med boksen over panna…
Sat fast…men plutseleg tok det av.
Plups og det var åpe i begge endar…
Krafta fauk på meg og ovnen..
Ein liten del nådde der den skulle vere.
Sosen med fiskebollar ,som kom fortidleg i, brant i botn.
Gamla prøvde febrilsk tørke fiskekraft av koketoppen..
Varslaren slo av heile skiten..
Fram med ny panne.
Tørka opp så godt eg klarde..
Fekk endeleg på att platene…
Den enkle og greie middagen var alt anna enn enkel.
Smaken vart sånn passe.
Ikkje heilt min dag.I etterkant reine komedien.

No har eg rekt oppatt fleire cm av gensaren…grytt i meg ein chipspose og dungevis av druer i frustrasjon over manglande kunnskaper.
Har null sjølvkontroll …
I morra er ein ny dag og nye muligheiter

Gamla på ville vegar

Litt usikker på kva for virus eg fekk idag.
Trengde mjelk og ketsjup så fann ut at då kunne eg jo smelle på fjellet i same slengen
Det er då ein har høg tillit og tru på seg sjølv og sin eigen kondis


Før meg ikkje ut i frestelsen!!

No er eg retningsvill og temmeleg rotete,men ein ting veit eg..
Einingsfjellet er ikkje der pila peikar…Trur igrunnen dei burde kutta den pila eg altso.
Pakeringa er eg godt nøgd med..
Det var herifrå det tok av.
Helsiken kor tungt.
Pusta som belgen til sekkepipa.nesten så eg kjende kor det reiv og sleit.Korleis kom eg på denne ideen…

Vått og slept og blytungt
Fekk jo hjelp.
Bles ein sabla medvind.skubba i det beste den vann.
Skal meir til for å få fart i eit baktungt spetakkel på tur.
Godt eg var godt rusta mot vinden.

Kan ikkje hukse eg har brukt sååå lang tid før

Var igrunnen så surt og vindfullt at eg ikkje heilt fekk nyte utsikta.

Huttetu.
Fekk no iallefall åpna tette nasebor og ellers det som måtte gått tett

Utsikta er super og eg var sjeleglad eg hadde kjempa meg opp til toppen

Hårreisande tilstander oppå der
Boka er forresten overutfyllt,så der trengst ny,altso…
Og ikkje ein dag e stoppar for å nyte utsikta.kva gjorde eg igrunnen der i den vinden..

Fekk hovudverk av heile greia

Vel nede så tenkjer eg att….jaja her kan kondisen forhåpentlegvis gå kun ein veg.
Andre hadde klart 4 turer på same tida..
Men kom meg både opp og ned.
Ikkje berre det heller.
Godt fornøgd med utelivet for idag.
No er det mat og sofakos.
God helg frå meg.

Genser på veg


Tatt fram att genser og strikkeprosjektet er på veg til å verte avslutta
Litt passeleg syssel å styre med når forma er sånn passe.
Mjukt og godt garn og behagelig å strikke.
Så enkelt mønster at sjølv eg kjem i mål med det.

Greit med desse strikkepakkane.

Fått med meg sprint og vm medaljer,fall og knuffing.
Ikkje direkte kjedeleg
Kjenner at mine muskler og bør strekke på seg.
Skodda heng over oss.
Litt sånn trist men vakkert ver.
Trur eg må ta på vestlandsbunaden og luffe etter vegen eintur.


Vått i marka.
Bør nok snart starte å gå på fjellet att…veit ikkje heilt når..
Lysta kjem vel ein dag.
Er litt makelig anlagt

Skallebank

De veit
Den følelsen når ein føler at augene,vetet og resten av innhaldet er på veg ut
Mulig det kan virke som her er gjennomtrekk i toppen til tider,men idag var det temmeleg tett…

Hovudverk er noko herk.
Og når då musklaturen kjennes ut som den er gått i vranglås,lurer eg på kor gammal eg igrunnen er..

Så til slutt fann eg ut at det einaste som var fornuftig var ut å gå.
Godt for hovudet og musklane i det minste

Sikkert ikkje bra for noko anna,men kor ein snur seg er reva bak

No ligg eg her

Prinsen styrer tv valget.
Snart leggetid og farmentid.
Prinsen er bedre i form og besta er skralare.
Nasespray og paracet gjer susen
Går seg til.
Kjekt med barnebarn.
Tida flyg.plutseleg er dei voksne

Måneskin og kaldare i lufta.
Kong vinter gjer sitt inntog etter sydenferien

Kosedag

God morgen besta…
Besta sov…og tungt..og djupt.
Sånn langt vekke..skjønnte ingenting.Snakker nokon til meg
Du må stå opp besta.
Må eg det?
Tek si tid før hjernecella kobler inn.
Vi er litt tette i toppen og har litt ilt i halsen begge
Litt av ei bestemor.
Men var veeeeldig tidleg,til unnskyldning.
Vi slapoer av.
Fri og kosedag.
Litt greit å ligge her i kvar sin ende av sofaen.
Ta ein mjuk start på dagen
Besta med kaffi og God morgen Norge.
Prinsen med padda.
Bles godt ute.
Null snø og litt vårleg.
Kjem nok att kong vinter.

Burde kanskje skifte frå pysj til vanlege klær.
Litt meir bestemor.
La dagen starte.

Ha ein super mandag