Uffameg


Her ligg gamla…og her skal eg bli ei stund
Ute snør det…eg hadde nett fått inn vårfølelsen.
Går ikkje an å stole på noko
Fyrt i ovnen
Trøtt og frys..
Grunnen er nok nattevakta

Skal ikkje på fjelltur eller trimme kroppen.
Det gidd eg ikkje
Glad for at det er heilt normalt å verte sliten,ligge på sofaen og ha null energi.
Er søndag.
Trur eg må lage meg noko varmt å drikke…sove litt til kanskje..
Ligg på veret😁

Sola sender no stråler inn gjennom skitne glasruter.
Støvete er her og ser eg…
Ikkje berre berre denne sola.
Har til og med tatt på meg briller.

Ha ein super søndag

Kunst og assosiasjoner

Denne står ved sjukehuset i Førde.
Av ein eller annan merkelig grunn skremmer den meg.
Tanken bak er kanskje ei hjelpande hand.
Kva veit eg.
Får følelsen av roboter og skremmande vesen

Får liksom følelsen av at den grip tak i meg ,heilt uten gode hensikter…

Spør meg ikkje kvifor.
Er jo litt staseleg der den står.
Trur eg er litt rar😁

Telenor,regnver.vind og hekling

Kjære kunde..
Vi vil no slutte å reparere kobbarnettet…du kan fritt sei opp kundeforholdet..
Jau..til kva.
Skjønner at fiber er tingen..
Men ,her uti periferien så får vi ikkje det..
Telenor er einaste som har mobilsamband..
Så kutte dei heilt ut kan eg ikkje.
Er vel satelitt som vert løysinga når nettet til telenor ikkje vil meir..
Og det er ein smule dyrt..
Må liksom ha internettforbindelse..

Ikkje berre berre å bu i distrikta..

Ruskever er det og.
Skikkeleg surt..
Så her sit gamla.
Stapper i munnen det eg måtte finne..
Hekletøyet er funne fram..
Mem…det stemde ikkje.så her vart det oppattrekking og mindre pene ord på ein søndag..
Fy skam..
Ser på sport og jubler med dei som kaver i veg og håper på vår..
Skal nok gå meg ein tur..men ikkje endå..
Orka ikkje..
Tiltak med denne påkledninga..
Hett og godt her inne.
Er no søndag.

Musestillt

Vart plutselig sånn trykkande stille i huset.
Litt rart eg fekk den følelsen
Er jo vand med å vere åleine..
Men når ein har hatt huleboere rundt salongbordet …
Når tegneseriane ruller på tv.
Det er oppretta pop up kafe på barnerommet og ein er mange rundt middagsbordet

Når eg får hjelp til litt monteringsarbeid og det er full fres…så går alle..
Vart utruleg stille..
Kva gjer eg no liksom..?
Gamla vart rastlaus…
Ute var fjorden kvit og vinden vel sterk..
Så eg har fått rydda litt på soverommet..Heia på brødrene Bøe…kjekt

Etter fleire dager uten frisk luft så må eg sei eg hadde litt abstinenser…
På med vindtette klær og refleksvest.
Vinden hadde stilna ein god del…
Var godt å komme ut.

No har gamla landa i sofaen.

Gleder meg til neste besøk

Gamla har gått i hi

Skikkeleg ruskever ute.
Regnet piskar mot rutene og huset knakar…
Innever og tid for familiekos.
barnebarna styrer tv menyen.

Ovnen brenn lystig iveg.
Besta strikkar no litt innimellom.
Snarg ferdig håper eg
Koselig .med slike kveldar.sløv etter nattevakter så passer supert.
Trur barnebarna syns det bles vel mykje hos besta..
Iallefall når tvbildet av og til forsvinn.
Men til innekos passer det utmerka.

God fredagskveld frå gamla i sofakroken

Gamla på oppdagelsetur

Eller for å sei det som det er.
Forvetenskapen tok overhand.
Ikkje enkelt å vere nyskjerrig alltid.
Har lurt på det lenge.
Kva skjuler seg bak dette vegskiltet?

Ser ut som nedi der er det mange som bur..
Men er det alver eller dei underjordiske,eller er det bygninger…

Ikkje den beste veistandarden…
Eg tok sjansen.
Labba iveg


Vegen er ikkje for bilar,men spennande på nye stier

Litt kjekt å vandre rundt i nærmiljøet..
Litt usikker på om eg har lov,men sto ikkje skilt

Var nydeleg flott då eg kom til vegs ende…
Men trur dei fleste som bur her held til i busker og kratt,eller under jorda..😉
Antar det er hyttetomter,,for var eitpar hytter å sjå…

No veit eg no kva som sjuler seg nede i skogen.

Godt kva ein veit..
Nyskjerrigheit er både godt å vondt å ha…
Ha ein super dag.

Jammen er eg heldig

Tenk å få bu sånn midt i naturen
Berre å ta på seg skoa og ta den turen
Gamla er lat så eg går helst på flata
Nesten så tregst at eg kunne vorte mata

Vore ein kjempefin dag her hos meg
Litt kaldt i vinden men godt å få lufta seg
Skyene har samla seg, så i morra er det over
Men er regntett så tåler litt gråver

Tausheit er gull

tale er sølv…
Har prøvd å vere stille nokre dagar.
Gå litt under jorda.
Er ikkje typen til å vere stille igrunnen.
Kjeften går iett.
Snakker på inn og utpust…

Tante Inger har bursdag idag så hipp hurra.
Litt for langt til at eg kan stikke innom på kaffi.
Heilt ærlig har eg kolapsa i sofakroken.
Laga meg salat og kyllingvinger og tek chips til dessert.
Så får vekta berre stige til himmels.
Gamla er sliten og det er helg❤

Hipp hurra for besøkstjenesta i røde kors.
I går var dei på plass hos oss…på jobben altso..eg er nærmast flytta inn.
Med seg hadde dei musikarar .
Dans på lokalet.
Stor stas og kjempestemninng…
Får sånn godfølelse.
Rett og slett triveleg.
Til og med gamla fekk danse..

Idag er det ruskever.
Null energi på meg fortida..
Omtrent som ei utsleta vaskefille..
Jaja…
Imorra er det atter ein dag

Ha ein super fredagskveld

Orker ikkje,gidder ikkje

Ikkje gjordt ein skit idag eg.
Sove litt då..gidd rett og slett ikkje nokonting.
Nesten heise…men kanskje i morra.
Fekk til slutt på meg joggeskoa og tok ei stripe etter vegen
Har jo vore nydelig ver

Flott morning på jobb.
Kaldt og frosne bilruter

Var vakkert heime og.
Litt for fint til å ikkje nyte ,men var den dagen idag🙂

Fekk jo med meg stafettgull.stas.

Litt godt å berre kose seg og.
Tanke litt krefter.
Trur eg berre skal fortsette på den linja.
Einaste bakdelen er at eg vert like brei som ei låvedør tilslutt.
Mars.Vår og tida fyk.syns åra går ekstremt fort no.Er nok alderen.
Fastelaven på søndag og
Må bake…boller er berre lekkert
Fastlavensris er ikkje så greit når ein er allergisk,så det får vere.

God fredagskveld frå gamla i sofaen