Livet er supert

Tenk å vakne til sol og skyfri himmel i dagevis.
Litt kaldt er det jo..
Men har ein ein solkrok så er ein berga..

Krim,sol,kaffi og smågodt.
Då har eg det supert..
Mulig eg heller burde tatt ein fjelltur,men er ein smule lat.
Det fine med godver er at ein føler ein får litt energi sjølv om ein jobber.
Har jobbepåske..fri torsdag
Sånn er det i helsevesenet.
Men er som det er.
Eg later som eg er på hytta ved fjorden…
Ikkje at eg har nokon

Viktig å nyte øyeblikka.
Synd med den flotte kirka som
Brann ned…uerstatteleg.
Livet er av og til urettferdig

Signallaust

Ingen signal står det på tven.
Det har det gjordt sidan igår.
Mulig det hovudet og er ute av funksjon..
Mitt har slått av.
Litt sånn utkobla heile gamla.
Frys og er litt småpjusk..
Jaja…sånn er det.
Gidd ingenting.prøvde sove,men fekk ikkje til det eingang..
Litt skyer på himmelen idag og sola tek ein pause innimellom.
Lysta mi til fjellturer forsvann like fort som den kom.
Lyspunktet idag er at den kvite amaryllesen blomstrer.
Hardfør type sikkert.
Ingen grønne fingra her igarden

Litt på halv åtte denne og som resten av huset.
Null signal både hist og pist.

Men
Har testa det eg kan og meir er det ikkje eg kan gjere.
Huska no i det minste å bestille blekk til skrivaren.
Noko berre det.

Var no på fjellet med oslofrøkena på mandag..
Kan ikkje vere like flink kvar dag…

Lysta til tur kjem nok att eingang.
Får lette på reva og sjå om eg klarer rydde litt kanskje…
Latskapen lenge leve

Kva skal ein sei

Likar ikkje hagearbeid.
Er det folk her driv med for tida
Hage har eg…Naturhage.
Mose og hagejevel koser seg..
Ikkje eg.

Så kor skulle eg få ut klippetrangen?
Tok med meg hagesaksa og gjekk til fjells eg.
Mykje lyng og eine i stien.
Klipte reiv og sleit.

Bra denne.Heilt ny.Den gamle var totalt ubrukelig og fekk kunn fram sinne1🌹
Men dette gjekk unna.Klypte meg oppover og syns eg var flink..
Avstanden mellom klyppa auka etter kvart som gamla vart sliten


Til slutt var eg trøtt og sliten
Hadde vondt her og der..
Ikkje nokon ungdom lenger:)

Skikkeleg godt å nærme seg toppen.
Vore ute i timesvis.

Oppe og godt fornøgd med eigen innsats.
Etter fleire timers jobbing og godt sliten var det i mine auge ei perfekt turløype.

Kaldt på toppen,men trua på meg sjølv som stiryddar var stor…til eg starta på heimturen..
Må ærlig sei at eg sleit litt med å sjå kor eg hadde kvista..
Ingen kan skulde meg for å ha satt varige stygge merker i naturen.
Løye med det…korleis timevis med jobbing liksom forsvinn i lause lufta..

Men fekk masse frisk luft.
Er sundt sliten og har vondt overalt

Sofaen er super å ha

Hjelp det er vår

Vakna for meg grytidleg.
Og i dette flotte vårveret så måtte gamla nesten stå opp.

Utsikta til første kaffikoppen var magisk.

Tok meg ein liten fjelltur før sola fekk tak.
Ikkje noko høgt fjell,så ingen fare for at formen skal ta av.
Men var ein flott start på dagen

Nydelig ute no.
Alt vakner til liv
bles litt på toppen.

Vore ute i heile dag.
Fantastisk å kunne gå t tskjorte.
Fregnene storkoser seg i varmen.
Eg er ikkje vand med så mykje frisk luft kjenner eg.
Godt med tre dager fri når dette veret er på plass.

Må nytast.

Trur ikkje eg orker bevege meg ein meter imorra.
Har ilt hist og pist😘utål..

Litt godt å sitte med beina på bordet og ta livet med ro.

No tek eg kveld

Fortsatt nydelig ute.sola skin.
Det er vår❤

Idag har eg vore på fjellet.
Rett frå jobb.
Inn med veske.
På med fjellsko og vatn i flaska og eg var klar
Sånn retteleg fornøgd med sol og varme

Må innrømme det var godt å sjå varden..
Gjekk ikkje nett fort..men i t-skjorte.
Kjende formeleg fregnene spratt ut..

Men for ein utsikt


Når det er varmt og godt og eg kan sitte og nyte.

Prikken over i en

Men skal ærlig innrømme..
Etter dagvakt og fjelltur var gamla sliten og beina møyre.
Godt med dusj og svolten vart eg..
Så no er det pannekaker og Sommerhytta
Livet er supert

Kan berre gå ein veg

Vorten lat og tung i sessen.
Har utruleg mange unnskyldningar for å sleppe sette nasa utom døra..
Var sånn i dag og.
Men så tok forstanden litt kontroll.
Hender eg har litt av den og.


Kava meg oppover..
Her var det nokon som hadde rydda.
Sånn fliskutter skulle eg ha hatt.
Fint når det er så flott opprydda.
Var tungt å gå…

Jøss ,tenkte eg…Hinderløype..
Jaja…berre å forsere..
Kjende pusten slo litt raskare..

Det var vått og det gjekk smått…
Det er når hjartet bankar så du trur det er på veg ut,når snørret renn or nasa,tårene renn og du puster som ei sekkepipe,du innser at…
Du lever!!

Men det er vert slitet

Det å gå slik i naturen gir meg styrke i sjela..
At eg får pusteproblem og svettebyer i kald nordavind,seier mykje om formen…

Oppe…
Og der var det temmeleg kaldt og luftig.
Søkte ly bak varden så eg fekk skrive meg i boka..
Oppdaga at eg hadde brukt dobbel så lang tid som i haust..
Pokker til greie..
Her er det berre ein veg for kondisen..
Og det er opp..
No skulle eg derimot ned..
I motvind

Vakkert og flott utsikt .

Får berre sånn matlyst etter all denne friske lufta
Skoa står til tørk og gamla vurderer å verte litt sprekare.