Endelig ferdig

Langt frå perfekt.Klarer å stramme detta hersens mønsteret kvar gang.
Etter å rekt opp felling og hals…
Var ikkje pent..så gidd eg ikkje meir.
Genseren er no heit og god…

Var med naboen på Reiduns blomsterbutikk i Leirvika idag..
Der var masse pent🙂
Etterpå var vi på grava til pappa.

Imorra hadde pappa hatt bursdag..
Litt nye blomster må til.

Litt kjekt å ta slike små utflukter ilag.
Treng ikkje vere det store.

Var på vekta istad…
Set stadig vekk rekorder..og ikkje dei eg vil sette..
Går opp når eg vil gå ned..
Er nok alle søtsakene eg ikkje klarer styre unna..
Uffameg…
Og når formen er laber,så hiv eg innpå verre enn verst…
Ikkje bra…Ikkje rart vekta går til topps
Jaja…
I morra er det tidlegvakt..

Er redd dette kan bli eit langtidsprosjekt…
Snart leggetid for gamlemor..

God helg😁

Dra på lopphavet

Litt sånn nyskjerrig av meg.
Kan vere positivt,men…ikkje idag

Fann eit fint glas med eit eller anna grønnt innhald..
Ikkje eg som hadde brukt det ,men tenkte at..
Tja ..kan no bruke glaset…
Gadd ikkje hente brillene for å lese kva det var..
Det var gruelig dumt..
I det eg opna loket small det ei ekstrem sterk kvitløksduft mot meg..
Bora seg innunder hud og hår..
Eg er allergisk..
Tårene spratt.hovudverken small på med full styrke..
Ut med pokkerskapet,og opp med alle vindu
Heiv innpå paracet og ut i frisk luft..
Kor dum kan ein bli..

Gjekk meg ein tur.

Fortsatt hovudverk men bedre..

Vore hos.
#hjertebladhagen og idag
Koselig.Med naboen..
Fått middag hos naboen har eg og.
Lasanje og salat.
Berre lekkert.
Kaffien tok eg hos Merete i kjellerbutikken.


Kjøpte litt meir,men desse skal ikkje ha så mykje vatn,visstnok..
Så står under tak..
Litt kjekt berre å gå å sjå på blomster ilag med andre,som i det minste veit kva dei heiter🙂

No er eg kommen godt opp i sofakroken..
Godt å tilbringe resten av kvelden her..

Fytti katta

Tett i toppen,småforkjøla og tufs…
Sto likegodt opp.

Har tulla meg godt inn i teppet.

Ute er det kaldt og det høljer ned.
Får følelsen av sein høst.
Huttetu
Føler for å legge meg og sove vekk dagen.
Men no er det ikkje lenger fare for skogsbrann eller lite vatn i bekken🙂
Må sjå det positive i elendigheita
Gamla får hive innpå paracet så kjem ho seg og ein tanke

Ha ein super dag.
.

Turister i farta

Høyrde det kom bil på tunet..
Det varte og rakk…
Såg bilen var tyskregistrert..
Hytteturister..
Omsider ringde det på..
Gamla ut..
Skulle hente mjøl ,sa karen…på tysk sjølvsakt..
Mjøl?kva slags mjøl?
Har dei ikkje ringt…han såg ut som eit spørsmåltegn
Nei..ingen telefon her.
Ikkje ante han kva dei trengde mjøl til eller kormykje…
Sende med han kveitemjøl..
Antar det var rett..
Iallefall kom han ikkje att..

Eg såg nok ut som det trollet eg kan vere😄
Sånn er det når eg vert forstyrra når eg halvsøv på sofaen..

Vintertemperaturer og hagl på ettermiddagen…
Kor er varmen…er snart sommar.
Joggeskoa var supre.litt store..Bakdelen med å ha ein fot større enn den andre og butikkane ikkje har 39.5…
Jaja…kan til å med bruke tjukke ullsokker.

Eia var eg der

Burde vore på fjellet idag.men formen seier at det er idioti..
Vetet og forresten.
Var på ein liten svipp søndag.
Eg er noko treg å gå .når nokon då spør om guida tur så er eg liksom ikkje så veeeldig på tilbudsida..
Men søndag måtte gamla til pers..
Går ofte tur i fjellet hadde eg fått beskjed om..
Jaja…dama starta i fullt driv…hjelp…måtte hive meg på lestane det fortaste eg kunne…
Dabba fort av..og takk for det. turen vart kjekk.
Kos å vise litt av den flotte naturen vår.

Einingsfjellet gir nydelig utsikt og er passe høgt

Litt kjekt å vise turistane kva vi har å by på.

Rart med korleis angsten for å ikkje strekke til hindrer ein i ting
Panikk for å vise vande fjellfolk rundt…eg vert jo eit heft..
Men…her strakk kondisen til.

Fin måte å verte kjend med andre.

Trur eg må prøve å rusle ein tur etter vegen..
Prøvegå dei nyinnkjøpte joggeskoa😁

Kanskje dei gneg

Ute av drift

Ikkje i form…Veit ikkje heilt kva det er,men følest som eg har hatt meg ein durabelig fest,og fått i meg noko eg ikkje har tålt.
Balansen er ikkje heilt som den skal og er svimmel og kvalm.
Sikkert ein virus.
Går nok over,men ubehagelig er det no
Nett som hos tannspesialisten
Har nemlig vore der idag.
Bedøvd i halve munnen og med sleven rennande nedover eine kjaken,så er eg litt av eit syn.
Men må til.Ellers dett nok tennene ut:-)

Var glad eg kom meg heimatt i sofaen.Så her sit eg som eit gammalt vrak.Delvis kondemnert og lite til nytte
Svolten som berre det:-)

Uff…Ikkje min dag idag
Men ,men ordner seg nok sikkert….Ein dag på sofaen gjer nok susen

Nyt tilverelsen

Benka meg på altanen med boka mi..
Her har vore alt frå bikiniver til no eg får lyst på tjukke sokker og boblejakke
Litt sånn småfrekt å legge seg framfor sola på denne måten.

Går litt tregt med lesinga mi,.men er no kommen halvvegs
Litt småsurren etter nattevakt
Har no fått morelletreet i jorda.
Ein bragd berre det.
Så er det jo å håpe at eg får ei morelle eller to.
Kven veit..
Har sett poteter og.
Sist eg forsøkte fekk eg mindre opp enn eg sette ned…
Lever i spenning
Men dei er no starta på forsøket..
Potetlauvet kjem no opp.

Jammen er dinna nordavinden kald..
Sola kom att ho,men det gjorde vinden og.
Kanskje på tide å trekke i hus.

Ha ein fin kveld1:)

Gamla på krigsstien

Mot dårleg kondis,slappe muskler og giddaløysa..
Så eg slo plenen…og det på ein søndag..
Men,var i dag eg var i drevet etter hagebesøket..
Plen og plen fru blom…men ser no bedre ut..
Måtte halde meg i aktivitet så eg ikkje sovna

Hegg er det mykje av.pen å sjå på,men for allergikarane er den ikkje så pen…
Gamla på tur

Sjøen er utruleg grønn fortida.
Fullt med maur og flott i skogen
Koser seg når gamla kjem..formeleg syg seg på…uff…

Hærlig tur..gjekk seint men på fram…

Vakkert og tørt å gå

Lurte på om eg skulle sove litt..
Litt sånn ustø😋

Gjorde seg med pause og appelsin..

No lar eg meg imponere av gjengen i 71grader nord…mens eg febrilsk prøver halde meg våken….
Gamla sovner nok snart…
God kveld

Hjertebladhagen

Kosa meg i heile dag
Sov litt først..var dautrøtt etter nattevakta.
Men rart kva eitpar timar med søvn kan utrette.
Og så det flotte veret❤
Fekk med meg mamsen og drog på besøk i hjartebladhagen.
Koselig liten butikk i kjelleren til Merete.blomster og tilbehør .
Frø,krukker og det ein måtte trenge.
Fekk kaffi på terassen til Merete og kosa oss i hagen.
Nydelige sommerblomster..og flott utsikt

Butikk til å verte i godt humør av.
Kjekt med slike små butikker i bygdene

Kjøpte litt blomster og eit morelletre..
Sikter høgt..har no sett det i ei bøtte med vatn..trur det er lurt..
Resten får eg ta imorra…
Litt lite jord her og hardt å spa…
Men,i jorda skal det ,om det vil eller ei..
Ser no om det overlever.

Amaryllisen min blomstrer om ikkje anna

Skal innatt i hjertebladhagen..
Må først kjøpe meg litt mold og krukker🌷

Sånn typisk meg glømde eg ta bilde av blomstene…
Men eg kjem att

Må ein så må ein


Traff desse på min vandring idag.
Har ikkje sett ulv.
Slit med nattesøvn.trøtt..så idag har eg vore .mykje ute.
Vandra både opp og ned,her og der

Nydelig natur og passe temperatur

Berre rekreasjon for kropp og sjel



Viktig med litt appelsin i veska..

På tur både føremiddag og i kveldinga.
Godt fornøgd med dagen var det tid for mat i magen❤
Godt sliten og trøtt og midt i klassekvissen ringde telefonen…
Det er då ein ser på nr. Og tenkjer…
Skal eg ta den…
Så no er ei trøtt gamlemor på nattevakt…
Kva gjer ein ikkje for sjelefreden…
Eller for å sei det som det er…
Hadde ikkje hjarte til å sei nei der eg sat..
Einaste unnskyldning var at eg var trøtt..
Er liksom min andre heim…

Håper eg held meg våken