Gamla på tur

I dag var det slutt på latskapen.
På med fjellskoa…
Tungt skal eg berre sei..kondis står seg dårleg, og er ei stund sidan sist eg kava meg oppover..
Men nydelig ver.

Er så fint med blomstene som er overalt

Maur overalt i starten….opp heile lida..
Reine personlege trenarane..
Kven har vel lyst å verte full av maur…
Berre å gi på det vesle ein kan…pusta som ein kval og var lykkeleg då eg endeleg var over verste maurstien.


I det gamla kava seg over toppen ,med tunga på knea…starta rabalderet.
Der sat det tre gaukar i to kommunar og ropte koko med dei var god til…
Og dei vart ikkje stille heller..
Er ikkje pent å sei til gamle kjerringar at dei er koko…
Tre mot ein er rett og slett mobbing..
Det skeit dei i…


Sat lenge og tok inn utsikta.

Godt å komme heim i sofaen…
Fri og 17 mai imorgon.
Berre lekkert
Og bør gå oftare på fjellet

Fantastisk ute

Og var godt å komme heim.
Å vere på kurs slike flotte dagar er ikkje det store…
Men,no er eg heime.
Fått meg ein spasertur og..sånn etter vegen..
Var på vekta…
Skrekk og gru…skal sei kiloa snik seg på ,sånn uten at ein merkar det..
Før ein prøver kjole altso…
Ante gale….jaja…får skjerpe meg ei stund…ikkje så lett å verte kvitt…

Litt koseleg utafor hotellet
Men heime best…
Vakkert ver.Våren er kommen att.
Håper på ein flott 17mai.

Litt avslapping og nyheiter må til.
Kvardagen er best…og litt kos til fest

Slitsomt på kurs

Kurs frå tidleg morgon til 18 er ikkje for pyser…
Sliten…
Så her ligg eg

Sånn rett frå middagsbordet.
Mat 20…er stappmett.

Og sliten



Ia og ferielova når klokka har passert normal arbeidstid tek på for gamle folk.
Må kjøpe meg forstørrelseglas for å lese enkelte ting ser eg😁
I morra er det konflikthandtering.
Kjekke tema.greit å kunne.
Men sliten er eg.
Koselig rom og god seng
Maten var altfor god…
Rakk prøve kjole før middag….butikker her må vite
Fytti katta..
Trur eg burde prøve klær oftare…
Her må det bli slutt på å dytte i seg usunn mat…
Uffameg…
Liksom greit heime i joggebukse og vide gensarar…
Jaja…
Strømpebukse som presser ihop det meste må kjøpast inn…
Prøvde joggesko og…
Trur eg må kjøpe dei i morra…

Men skikkeleg godt å legge seg …
Sovner nok om ikkje så lenge.
Start halv ni imorra..
Ikkje for pyser…😁
Så opplagd som eg er om morgonen så er nok konflikløysing tingen…
Ikkje tilsnakkande før etter 10…
Føler meg som ein oppblåst kval…

I morra er det heldigvis ein ny dag …
Må starte psyke meg opp til innskjerping på søtsakene…det har vorte mykje i det siste…
Så kanskje eg kan prøve kjole uten å få bakoversveis

Filter kan brukast til så mangt:-)

Testa filter på snap eg,gamle kjerringa.Artig igrunnen.
No vart det no ikkje direkte til min fordel:-)

Litt sånn småskummel type.
Er nok det gamla og når sant skal seiast:-)
Prøvde smile på eit.Tenkte det vart sånn litt bedre:-)
Jau…

Ledigang er rota til alt vondt:-)
Har nemlig hatt fri idag.
Naturen rundt meg er det ingenting å sei på

Og det uten filter til og med.Godt å sitte med sjøen ,drikke kaffi og berre vere til
Fridag der ein kan få lov å ikkje gjere anna enn slappe av og la humla suse
I ein travel kvardag er dette eit must ,kjenner eg:-)
Tanke litt nye krefter.
Vorte litt varmare i veret,og føler igjenn at våren er her:-)

Nyt kvelden i sofaen min,men strikk og tv.
I morgon er det ein ny og ubrukt dag:-)

Som overkjørd av ein dampvegvals

God morgon..
Tja,god og god.
Nydeleg sol ute i det minste.
Gamla er stiv som ein stokk,snufsete og kjenner at …det er leeeenge sida eg var ung og sprek…

Litt travel dag igår gjer starten litt sur idag.
Sånn er det nok for mange…
Men går seg til om ei stund..
Fekk no med meg nydeleg solnedgang igår,så har sine fordeler.

Har fått ordna hårtustane og vore med kjekke folk,så verdt litt sur morgon.

Godt med ein fridag idag:)

Berre sose rundt og gjere lite og ingenting.

Larris i trøbbel

Nei og nei.
Stakkars Larris.ikkje fred å få

Her prøver ein å få seg litt søvn, og så vakner ein til følelsen av bli kvelt.
Sommardekk og allting.
Gamla er stiv og støl og morgongretten🥀
Snodig par som snart må ta laust.

Men er friheitsdag i dag så gratulerer med dagen🙂

Stille ute
Blir nok ein fin dag

Går seg nok til for meg og.
Men no er eg lei denne kulden.
Snø har eg ikkje sansen for.
Og er ikkje nokon gledespreder om morgonen,for å sei det mildt.

Ha ein super dag.
Gamla treng meir kaffi

Kolapsa i sofaen

Sånn med tunga ute og armane på feil plass.
Vakna heilt groggy.Handleddet på venstrehanda kjendes ut som det var brote.
Rett og slett uggen…
Var som eg knapt visste kor eg var…
Sånn er det når ein har sove forlite etter nattevakt og trur ein kan døgne som før i tida…

Vore innom naboen eintur.
Hadde tenkt å gå ein tur,men syns det var så kaldt…så her sit eg att.
Lurer på kven som har funne på den idiotiske reklamen til Drygolin.
Mister lysta på heile malinga…
Er i rette humøret til å irritere meg.

Hadde snøa inatt..vekke no men nordavinden gjer det temmeleg ukoseleg.

Fått strikkedilla og gjer igrunnen det eg ikkje kan…spent på resultatet.
Skal ha meg ei kosemegogkommetilhektene helg.

Sola skin og det ser heilt nydelig ut utanfor stoveglaset…
Gamla treng 5 grader til…
Gidd ikkje finne fram att stilongsen.
Sylvi er tilbake som statsråd.
Spent på kva det måtte bringe..
Som minister for dei eldre så vil det ha innvirkning på meg og.

Ulvejakt i fjella…
Svensk ulv på ferie på Vestlandet.
Liker nok fjord og fjell.
Hjort er det nok av.

Sas er på lufta att.
Håper dei fekk orden på arbeidstida.
Sjølv slepp eg i streik.
Godt er no det.

God fredagskveld🌹
Eg skal fortsette å strikke og irritere meg over ett og hitt😁