Sofa og Trump

Han er i Nord Korea.om berre eit skritt eller to
Visst vorte gode kompiser.Helser på.
Gode venner skal ein ikkje kimse av.
Overrasker stadig,og håper det kjem noko bra utav det.

Hos meg er det roleg oppvåkning i sofakroken.
Heimeferie og ruskever.
Har regnklær,så skal nok komme meg utom døra..
Men ikkje no.
Kjenner meg litt gjennomrista etter fleire timar med høgtrykkspylar igår.
Ser litt bedre ut utanfor,men det skulle no ikkje så mykje til.
Er dette å komme igang.

Må ned å plukke litt jordbær..
Ikkje så mykje,men gode å ete.

God søndag

Rett eller feil valg…

Idag tenkte eg at….sidan stien til dagsturhytta i Fjaler går frå Furset så burde eg kanskje gå den vegen idag..
Brukar gå frå Skår…
Og trur eg skal fortsette med det😎


Parkeringskilt..
Så Larris stillte seg opp han,og gamla ho gjekk…

og ho gjekk…
Første delen er skogsveg…
Kor lang den biten er er litt avhengig av kva ein gidd,såg eg…

Men her starta stien,og her blei det vått…
Skikkeleg bløtt,og gjørmete..

Godt eg hadde tatt på dei høge fjellskoa:)
Litt lenger oppe låg det sekker med stein og sand.

Blir nok bra tilslutt,men krev nok mykje dugnadsinnsats..
Angra einsmule på vegvalget idag eg.

Herifrå var det berre kos.
Selvfølgelig litt vått av og til,men er jo i naturen.
Får følelsen av å vere på veg til ein annan topp,enn om eg går frå andre sida av fjellet.
Rart igrunnen.



Blåbær:)
Gode var dei og.
Turen sitt høgdepunkt😍

Urørt natur.

Der er jo varden

Alden har gjøymt seg.


Dagsturhytta i Fjaler.
Litt usikker på kor stien bort til den skal gå.
Vert nok bra tilslutt..
Men gamla skal halde seg til stien frå Skår solenge…
Passer meg bedre.
Men fekk energi av turen.Det skal den ha.Mulig det låg i gjørma.
So no er graset rundt husa slått…iallefall det eg kunne ta med plenklypparen.
Godt fornøgd med dagens innsats…
Best å skryte sjølv.
Mat har eg og fått i meg.

Kom på eg har gløymt å hente posten

Eg vil vere med..

Trur eg er vorten vel for meg…
Må vere alderen…
Var liksom nett kommen ned i vegen for å gå stripa mi…
Stoppa ei hyggeleg dame i bil og lurte på kor det gjekk og kor eg skulle…
Nei berre gå ein tur,sa eg…
Ho skulle på fjellet…
Eg er med…
Stakkaren torde nok ikkje sei nei,og eg var jo kommen inn i bilen før ho hadde fått sukk for seg…
Sikkert småfrekt..
Men fjelltur vart det med ei supersprek
Dame i slutten av 70 åra..
Ser ung ut og sprekare enn meg.Hadde aldri tippa alderen
Koselig tur ..så takk for at du tok meg med.

Hadde ikkje komme meg på fjellet idag uten drahjelp

Vakkert som alltid.

Godt det fins så mange hyggelige sjeler…

Harry og strikketøyet

Trur igrunnen Harry Hole hadde hatt godt av å strikke litt,istadenfor all denne alkoholen.
Ikkje så macho ,men iallefall sunnare…🌹
Ikkje så glad i for høgt alkoholinntak.
Syns ikkje folk vert særlig sympatiske då eg,men det er meg.
Vi er litt ulike der..
Og Harry han drikk😁og romanen er litt sånn småekkel…
Er krim…men går litt innunder huda…
Så når Harry drikk,så strikker eg heller…
Og ser på Vera…krim det og.

Går no på fram….

Går litt tregt med Harry…
Får litt gåsehud av heile romanen..

Elendig internett…her er fiber eit framandord.
Merker det ekstra godt etter nokre dagar i fiberen sitt rike.
Hissig fortida merker eg…
Telje til ti…

Har kosa meg med jordbær fra eigen hage…
Så litt positivt finn eg jo😍
Gode var dei og.
I morgon ser nok verda lysare ut

Helse i kvart eit steg…eller?

Iallefall har kroppen og ikkje minst psyken min godt av det..

Såg ut som desse her lurte på kva slags gala kjerring som var ute og gjekk.

Gjekk same ruta med ekdstemann igår..
Dvs…iallefalk starta vi ilag..Eg har elendig kondis
Fann liksom ikkje ut av ruta uten hjelp…
Har nemleg gått so langt aleine…
Men kven kan skjønne at ein må gjennom her for å komme på skogsvegen?

Står liksom mange plasser skilt med privat veg…
Då torde jo ikkje pysa meg..

Men her var bomveg…då kan eg gå..

Og eg gjekk og gjekk og gjekk og gjekk..
Oppoverbakke…

Hadde nok fått kondis visst eg gjekk kvar dag…

Her inne bur nok tusser og troll

Syns desse bakkane aldri tok slutt.

Her bur nok draugen

Skal visst ligge nokre stølar langt inni her…
Det får verte til einannan gang

Her snudde eg…
Var litt yr,vart litt våt,men kjenner det gjorde godt.

Hadde gledd meg til ein dusj,men ikkje denne typen

Jaja…jylla må jo ut,men ikkje over meg…
Nett innom fotballskulen på veg heim

Kjekt for dei håpefulle.

Lukta både jylle og svette…
Så dusjen var eit must..

Sofatid🐕

Mandagsdikt

Gamla sit ute og prøver å nyte
Helst uten baktanke om å syte
For er det ferie så må fregnene fram
Så har sett meg ut på nærmaste tram

Kaffi og krimbok om Harry Hole
Litt mord på morgonen det må eg tole
Ikkje heilt bikiver
Så trykt for folk med dongeri og lær

Viktig å lære seg det å nyte
Tolerere at ein med åra for mang eit lyte.
Sommar og ferie
Barnebarn
Held kroppen i drift og hjartet varmt

Mandag😂

10 grader,skodde,men sol
Vert å stå tidleg opp for,men for kaldt med kaffikoppen i solveggen,syns eg..
Trøtt er eg og.
Prinsessa er 8 idag.
Koser seg med tv og schopkins eller kva det no heiter.
Besta sit i sofaen og prøver vakne

Fann meg ein passande kopp.


Hadde bål her og

Kjekt å rusle rundt

Kveldstrim i klatreparken.
Kos med ferie.
Dvs…gamla har ikkje klatra😁
Ikkje kjekt med den tjukke skodda som ligg som eit lok.
Litt meir plussgrader så kjem det seg.

God mandag

Feriemodus

Og det i sofaen.
Idag har eg inneferie
Klart eg kunne reist til sydens sol og varme…
Men når det ikkje er eit tema,må ein ta veret som det er.

Og det er vått..veldig vått.
Litt godt å sove lenge..
Og til å med i eit mørkt rom..
Har endeleg kjøpt meg lystette gardiner..
Vel å merke ser eg på oppussingsprogram det flotte med å ha stooooore vindu, og våkne opp og nyte utsikta…

Men å sove i dagslys er ikkje heilt mi greie..
Men,dette hjalp på søvnen.
Så etter to netter med god søvn,håper eg gardinene er grunnen


Liljer er vakkert.

Snart få i meg litt mat.
Ikkje bålver endå,så håper det letter til kvelden.
Jonsok eller santhans.
Men fortsatt tidleg på dag..

God søndag😊❤

Mygginvasjon

Myggen har overtatt hagen og uteområde.
Dei er mange,dei forsvarer seg som supertrena spesialagenter,og håplaust å prøve å ta igjenn

Gamla har trekkt seg tilbake.
Fienden har fått inn mange stikk,tross god beskyttelse.
Tatt alergitablett,har lapp på auge etter sprøyta idag.
Ser ut som eit gammalt lappeteppe.
Så no et eg søtsaker og syns synd i meg sjølv.
Skal få med meg Mord og mysterier for riktig å spisse kvelden:)

Kanskje eg skal strikke litt.

God fredagkveld:)