Gamla feira 60

Tida går:-)
Feira 60 års dag i Bergen med heile gjengen min
Koselig
Når ein då avslutter med å overaske meg med kaffiselskap eg ikkje ante noko om…
Ja då vert sjølv gamla mållaus..Og det skal noko til

Konsert med gutane mine.
Mark leverte,men litt våt start:-)Bursdagsgave
Kjekt med felles opplevelser:-)

Litt uheldig med Bergensveret:-)Regnvershelg:-)

Torgdag

Rusle rund på kaia.Kor er Atløy:-)

Lukta av fisk og sjø

Musikk i gatene


Kjekt med by og hotellhelg ilag.Ikkje så ofte vi alle er samla eller på tur:-)

Bergen har mykje å by på.
Feire med stoltzen,hotellhelg,middag med familien,overaskelsesfeiring hos veslesysta og kos

Får heller hjelpe at eg idag knapt klarer å gå:-9gangsperr er det vel det kallast:-)

Lever på opplevelsane og ikkje minst tida med familien.
Den var og er ubetalelig:-) Berre fantastisk:-)

All denne maten har selvfølgeleg tatt av:-)
Og fortsett i same baner litt til.
Skal nok ta meg sammen ein gang:-)Ikkje idag

Utfordring

Ut på trimtur med byfrøkena mi
Trudde vi skulle på Fløyen eg..
Så kom det…tek du ei utfordring mamma…
Stoltzen next…
Har gått den før…men det var nokre kondisar sidan..
Men,selvfølgeleg tek eg utfordringa…

Er då inga pyse..
Men kor lenge var eg tøff i trynet?

Likar ikkje trapper…
og der var mange

Ikkje alle var i den forfatning eg var:-)For å sei det pent


Mislikar trappene meir og meir

Er hater dei rett og slett
Vått,glatt,tungt som bly…
Eg var begynnt å få store pusteproblem og kjende meg svimmel’

Mj
Var ikkje syra som var problemet…Pusten….Trudde eg skulle stryke med…
Og det var laaaangt opp…:-)

Mellom desse bilda var ein evigheit av slit og kortpustenheit.Pulsen var på ville vegar og eg var utslitt…

Mål i sikte og gamla er totalt ferdig:-)

Er nok dette som skal til for å få opp kondisen,,,,Uten trapper….grusomt med høge trapper og mange trapper…

Vakkert på toppen,men gamla var sliten:-)Og våt

Men når ein har fått kvilt seg litt,så går utmattelsen over i endeleg oppe følelsen.
Resten av turen over til Fløyen og nedatt,var berre kos

Byfrøkena var i storform,og kald …Måtte vente veldig lenge på at mammaen skulle krabbe opp Stoltzekleiven:-)Kjekt med nokon som utfordrer meg litt….Men fy flate for ein dårleg kondis eg har



Våt og kald men godt fornøgd,var dusjen både god og etterlengta:-)

Stille før stormen


Nydelig…8 grader og sol.
Meldt full sommer og bulder og brak utpå dagen .
Så best å nyte roen mens den er her..
Nydelig desse junidagane.
Tidleg lyst og seint mørkt.
Min yndlingsmånad.
Mulig det er fordi eg er født i tvillingane sitt tegn.

Ha ein nydelig dag❤

Naturens hage


Elskar villblomstet❤
Står så flott langs vegkantane og nesten overalt kor eg ferdast.
Gjev meg glede og inspirasjon.
Ikkje flink med blomster,men nyte kan eg

Litt smågrått idag.
Tatt meg sjølv i nakken.
På tide å få alt som eg ikkje brukar,som om eg vil det eller ei er for lite ,eller strengt tatt…få orden.
Ser stort ut,men er ikkje så lenger smal over skuldrane😁
Strevde ganske lenge med å få av at ein bluse eg tok på …den såg stor ut…så er slutta prøve

Har uansett for fullt i skapet…så er no begynnt…
Må ha kaffipause😁
Ha ein super dag

Men back too work

Krisestemning delux

Her sit ein og et salat og kylling i eit frustrert forsøk på å vere sunn..
Det er då krisa er fullkommen.
Hjørnetanna er heilt laus..
Så no går det kun på vatn…
Vel og merke sende eg ut signal om at no trengde eg krefter til å legge om kostholdet…
Men var ikkje lause tenner eg hadde i tankane.
Håper eg kjem til hos tannlegen min imorra…
Kom jo frå Førde…
Som om ikkje frustrasjonen var stor nok som den var…
Prøvde klær idag eg…ingen positiv opplevelse…
Kor mykje eg prøvde stappe ned,så taut det ut.
Livmålet mitt aukar og aukar…
Uffameg..
Kjøpte jo klær…
Kan ikkje gå uten.
Ikkje min dag for å sei det pent..
Får håpe eg ikkje svel tanna iløpet av natta..
Og håper inderleg på tannlegetime…imorra
Gjekk meg ein tur i frustrasjonen..
Gjorde godt med frisk luft om ikkje anna

Fint med blomster frå naturen.
No sit eg her frustrert,feit og tannlaus.
Syns synd på meg sjølv og livet er noko skit.
Kun ein veg og det er oppover🙂

Gamla slapper av

Godt med dager der ingenting skjer
Berre surre rundt og ingenting gjer

Laga litt middag,som eg åt altfor mykje av
Tok noko enkelt,så eg slapp slikt eit kav

Kilo dei aukar og gamla vert vel rund
Det einaste er ,eg er gull verdt i kvart eit pund.

No sit eg som ei madrone i sofaen min.
Skikkeleg god ein.ikkje funnen på Finn

Strikkinga den går i det minste på fram
Skikkeleg mjukt og strikkegodt garn.

Ha ein flott søndag og nyt kvart minutt
Ingen veit kortid ting plutseleg tek slutt

Påfuglblå


Måtte berre sjekke korleis denne fargen blir i ein genser…
Veit eg burde fortsette på den som ligg i korga…
Men…ikkje nett no

Maya Love genser..

Var eintur på grava til pappa etter jobb.Bursdagen hans idag…vemodig…
Men sånn er livet.
Vore flott i ettermiddag,skjønnt sommertemperatur er det ikkje…


Sofa,tv og strikketøy..
Nyheitene.
Alsheimers og bompengpartiet..uten samanligning…
Det første er ein fryktelig sjukdom for dei det rammer…
Det andre veit eg ikkje kva eg skal meine noko om.
Rekner med dei og må ha andre saker på agendaen…ellers så syns eg det er vel tynnt..
Formykje bompenger er ikkje av det gode…men eige parti er litt spesiellt..syns eg..
Men vi er ulike og takk for det..
Ha ein fin lørdagskveld