Sommarvarmen på hell?

Venter på regn
Imens nyt eg all fritid ute.
Skit i husarbeidet..det kan eg ta når det regnar
Hadde ingen varme i min ferie.så nyt fritida mellom jobb og soving

Fått sprøyta mi i auget idag..
Så etter timer i heit bil var det rekreasjon å bade med barnebarna

Ein smule kaldt i sjøen her med meg.
Full fjære var det og.
Litt varmare lenger inni fjorden.men gadd ikkje meir bil.kom meg uti til slutt

Paradis er kjekt det men tek på gamla sotmbct kne..
Eg fekk lov å gå på slutten.
Ikkje så strengt,besta..
Supert😏

No nyt besta resten av dagens sol.
Prinsessa ser tv.
Kvalitetstid

Gamla og kleggen

Den formeleg elsker meg.
Heile familien gjer det.÷
Eller dei hater meg som pesten…sikkert meir det
Og dei fins i tusenvis.

Aldeles nydelig dag.
Sommer med stor S
Og eg har frihelg..
kaffi på balkongen om morningen er supert.
Romaner vert slukte i godveret
Hadde vore perfekt…hadde det ikkje vore for kleggen.
Den er overalt.
Vore i Hjartebladhagen og handla og i varmen.

Vakker denne.
Spørs kor lenge den held ut med mitt stell.Kleggane deltok under planting av blomster Dei stillte opp.
Med fullt mannskap…
Eg er full av stikk…
Bada har eg og gjordt..
Kleggen stillte..
Eg er dårleg til å symje..
Det utnytta kleggen..
Trur rett og slett han ville drukne meg
Sette seg i håret og ansiktet og gamla fekk hetta…

Nydelig badetemperaturer
Sjelden eg klarer gå rett uti uten problemer..
Hadde det berre ikkje vore for kleggen..
Den er veldig på hugget fortid.


No nyt gamla siste kveldssola på altanen
Reiser tidleg hos meg..
Ser den på den andre sida av fjorden og er pitte litt misunnelig

Nydeleg med sommer og frihelg
Livet er godt og kleggen let meg så nokonlunde ifred..

Sommersol og fregnetid

Sommeren er kommen til gamla.
Vore på nattevakt..
Hatt meg ein time på puta,men vakna av ein helsikens krampe i høgreleggen.
Alderen sikkert,men ilt for det..
So eg har funne fram caps,bok og solkrem og tutla mec ut på balkongen
Sov vekk gårsdagen,så tenkte eg fekk nyte denne.

Livet er ikkje so verst
Ha ein super sommerdag

Siste feriedag

Kor i verden vart desse fire vekene av?
Borte vekk:-(
Om eg er klar til å starte på jobb att?
tja…kunne godt hatt fire veker til
Men må ein så må ein,og trur dei som jobber er glad for litt ferie:-)
Er nok greit når ein først kjem igang

Skodda ligg som eit teppe over fjorden.Grått og trist,men samtidig vakkert.
Litt rart det der,korleis ting kan gi forskjellige bilder og vekke ulike følelser .
Men naturen er stemningsskapande

Vekene fyk avgårde sånn ubemerka.
Noko i det at dess eldre eg vert dess fortare fyk tida.
Syns veka var mykje lenger før.For ikkje å snakke om året

Sånn kose meg inne dag.

Drittlei klegg og kvist:-)

Det er berre forbokstaven
Er så enormt med busker og kratt som veks opp rundt huset.
Tek ein vekk ein så kjem 100 att neste år…Minst..
Samme søren kor mykje eg klypper så vises det knapt…

Har to av desse.Ein litt større..Og innsatsen den starta bra..Berre det at det gjorde innsatsen til kleggen og.Den storkosa seg med å plage stakkars meg.Ingen som er så innpåsliten og kontaktsøkjande i mitt nærver:-)
Held rett og slett på å klikke.


Lei både klegg og desse kvistane ,tok eg meg ein liten fjelltur:-)
Bakvegen på Einingsfjellet

Litt godt å få luft under vingane.
Kleggen?Den var pokker meg her og


Litt kald vind,og ingen klegg:-)
Gamla tusla seg heimover ..kvisten venta…
Litt meir og pause hos naboen:-)Kan ikkje slite meg ut…
Vart kjempefint ute…Veret altso
Sette meg på altanen med boka mi,men fekk litt dårleg samvittigheit…
Arbeidet venter.

Kompisen min:-)Vernebriller og hansker og gamla var klar
Ikkje store kapasiteten denne kompisen har …så det tek tid…Lang tid.Eg svetta og kleggen beit

Blir fin jord med tida.
Har slike hauger hist og pist.Gidd ikkje samle kvisten..Vart heldigvis ferdig med desse hersens greiene til sola forsvann 19.30…Då kom knotten,og der går grensa
Var rett og slett hærlig med ein dusj:-)
Fått i meg allergimedisin og fleskepannekaker.Dei smakte himmelsk:-)Alt for gode igrunnen og gamla er alt for mett
Full av kleggstikk,men godt sliten.Fin måte å nyte ein fin dag på.Må gjerast,og snart jobb igjenn.
Men viser ikkje allverden etter all jobbinga..Jaja.Veit no eg har gjordt det

No er det krim og strikketøy:-)
God fredagskveld:-)

Tid for eigenpleie

Berre lata meg idag.
Ute var det grått og litt vått.
Sove lenge.
Sein frukost.
Og ikkje minst.
Frisørtime.

Hadde nok vore lurt å ta det før Osloturen
Godt fornøgd.
Kunne uansett berre vorte til det bedre.

Litt triste nyheiter på tv.
Har krølla meg opp i sofakroken og funne fram strikketøyet…
Ha ein fin kveld:-)

Dagsturhytta

Desse plopper opp rundt om i kommunane.
Idag tok eg turen til Bygdeheia,og fjaler si dagsturhytte Vidsyn

Sett på den ei stund.
5minutt frå varden,og no var det laga sti
Koseleg turfølge som eg tilfeldig traff på.
Den gode samtalen med personer ein tilfeldig treff på ,er viktige og kjekke.
Koseleg.

Trur ikkje eg vil gå nedom den så ofte.
Liker meg oppe med Varden.
Men flott tilbud.

Snart slutt på ferien.
Sikkert slitne kollegaer som er superglad for å starte på sin.EgKunne godt ha fortsatt min:)

Frisørtime imorra.
På høg tid og litt kvardagspleie.
Hatt ein skikkeleg kosemegdag❤

Konsert på Gressholmen

Kristine Marie Aasvang

Aldeles nydelig konsert i magiske omgivnader.
Gjekk rett inn i hjarterota
Glad eg fekk opoleve den.
Endåtil gratis.
Anbefaler.
Roleg.nydelig og vert å høyre på

Vettakollen som startpunkt

I dag har gamla fått bevege skrotten.
Litt sjelven i beina og skriitteljaren syner knapt 30000..
Men hatt det supert.
Starten på løypa var litt heftig,syns eg..
Oslofrøkena for leikande lett trippande oppover..
Eg halsa etter det beste eg vann…trur ho syns det gjekk trekt…
Men bratt start er slitsomt..

Men kom no opp.
Flott utsikt.
<img src="https://cdn
Vi går til Frognerseteren..sa frøkena…
Den stien har eg ikkje gått..

Vi gjekk og vi gjekk


Litt greit med historie undervegs.


Mange vegskiljer gjennom livet..samme idag..
Planer er og til for å endrast..
Så nesten framme på Frognersetra var der skilta til Sognsvann.
Den stien hadde heller ikkje oslofrøkena tatt før..
Er du med?
Jøss då..gamla er med.
Fint å gå..og vi gjekk og gjekk

Spreke må vite

Mange kilometer..


Godt merka…

Nærmer oss Sognsvann

Flott der.
Reine idyllen.
Til og med toalett🌹
Var liksom høgdepunktet.
Litt avslapping og inntak av litt næring.

Skal vi gå nedatt til sentrum?
Jaja…kvifor ikkje .
Nærmare 7 km…
No problemo.

Må finne Akerselva.

Tenkte det var greit eg måtte ned og ikkje opp.
Men,sleit med høgdeskrekken nedover..
Litt uventa,men kom no ned.

Fann elva og nedover bar det.

Fint i Nydalen

Ein fin tur

Koselig.



På tur i fleire timar.
Kjempekos.Opplevelse utenom det eg vanligvis gjer.
Var godt med ein dusj:)

Gamla på busstur

Og ikkje berre ein liten
Tek si tid til Oslo..
Men,sat no godt og flink sjåfør
Ikkje noko sjønnheitsdronning…
Men skal no berre ta bussen.
Viktig å ha med rikelig med drikke..
Ikkje for mykje,men tissepause i Sogndal,ferja og Gol.
Strikk og bok.


40 minutts pause på Gol.
GOLSDAGANE
Hadde sikkert kunna gått rundt litt,men kjøpte meg mat og kosa meg i sola.
Litt greit å strekke kroppen litt.


Artig å sjå korleis naturen forandrer seg frå vest til aust

Må innrømme at eg sov litt innimellom.
Får inderleg håpe eg ikkje snorka..
Lang dag.

Våkna til litt på slutten.
Snart i mål

Her heng kleda til tørk:)
Kunst er så mangt.
Landa på balkongen
Her er det flott å vere.
Håper på sommer i morgon
Gå litt rundt og berre nyte sommerfølelsen