Søndagsro

Har eg hatt og det til gangs.
Ikkje gidda nokon verdens ting.
Ete selvfølgeleg…glad i mat:)
Av og til gjer det godt med slike dager.
Til og med sovna frå Lewis ikveld.


Fin dag men sur nordavind.
Går liksom gjennom marg og bein..

Ødelegg litt av sommerfølelsen.

Sleit meg opp på bygdeheia i kveld.
Rett og slett blytungt….
Kroppen syns ikkje noko om det…
Men,oppe var det gløymt

Denne dagsturhytta skal eg besøke når det kjem sti dit og den er ferdig.
Er så fint i ytre Fjaler
Men tek på …så har sove godt på sofaen..
Burde kanskje flytte til senga…

Stille oppvåkning

Søndag
Tidleg våken.
Sett meg i sofakroken med kaffi og pledd.
Skyene ligg tett over himmelen,og seier lite om kva ver det vert idag.
Gamla er litt trøtt etter gårsdagen.
Ikkje at eg gjorde stort

Berre kosa meg eg.
Korssundet på redningskøyta sin dag.

Konsert med ein glad gjeng.
Grillmat og avslapping.
Fint i Korssundet.
Konsert i Holmedal om kvelden

Koseleg plass og fin musikk.
Holken er verdt eit besøk.
The Other End og Daniel Kvammen.
Sjølv gamla syns det var vakkert.
Utekonsert,sommer og ferie
Sosialt med familien.minner ilag.
Kjekt og viktig.

I dag er eg litt småtrøtt og frostig.
Ser sola er begynnt å bryte gjennom skydekke.
God søndag

På nye stier


Her hadde ingen av oss vore.
Trygt med ei turvand veslesyste.

Full fart

Vi gjekk og vi gjekk.skogen tok liksom ikkje slutt.

1,5 km….men fin sti..
Så vart det bløtt…og kjende det i lårmusklane..

Det er då ein håper på utsikt som kan forsvare strevet..

Verden opna seg…
Vakkert

Flott støl og nydelig

Vi hadde litt att.

Var verdt skogsturen

Godt fornøgde
kanskje vi skal gå ned ein annan veg neste gang.

Heimatt betyr nedover..

Litt småskummelt med tre som er på veg ned.

Kjekk tur og kan anbefalast.
Utsikta på toppen er verd slitet

Avslutta dagen med villblomsterplukking med Oslofrøkena mi.

Hatt ein fin feriedag.
Viktig å kunne glede seg over dei små men viktige tinga i livet.

Fått meg ny venn:-)

Fann han i postkassa igår.
Trivelig type,og stille og beskjeden.
Lite han seier,men glad for å komme ut or posen.Litt slitsom måte å reise på:-)
Visste ikkje kva han heitte stakkar,så ga han navnet Alfred:-)

Kjekt med selskap:-)Ikkje det at han seier så mykje,men eg snakker jo for to,så ingen poroblem

Sola skin,så lurer på kva eg skal finne på idag:-)
Må nyte ferien.
Berre litt meir kaffi først:-)

Elvevandring i solskinn:-)

Skal ikkje så mykje til for å få smilet fram hos gamla:-)Berre sånn ørlite solskinn gjer susen.Forventer ikkje sommertemperaturer lenger.Rekner med at sommaren den hadde vi i april:-)
Ut på tur ,aldri sur
Gjer godt for kropp og sjel.
Og idag var det vått.Veeeldig vått:-)

Gummistøvler er tingen slike dager,eller høge fjellsko:-)
Vanntett må dei iallefall vere.
Men var rett og slett hærlig å vandre rundt på heia att-

Litt sånn følelsen av hinderløype.Var igrunnen glad eg hadde staver og støtte meg på:-)
Gjer noko med sjelefreden og roa i kroppen når eg vandrer rundt sånn aleine i skog og mark.

Kven er det som trippar på mi bru:-)
Gå slik og tusle,ete litt blåbær og kjenne på feriefølelsen:-)


Men gamla strålte av pur glede:-)

Appelsina var heilt utmerka:-)
Sitte i ly for vinden og berre nyte roa og utsikta:-)Ubetalelig:-)
Gjeld å gjere det beste utav ferien.
Alt hatt 14 dager.Fyk avstad i eit fæla tempo.

Berre å gjere det beste utav mangel på sommarvarme:-)

Gamla , Vera og strikketøyet

Koser oss kvar kveld vi på denne tid.
Ho med å løyse mordgåter og eg hjelper til frå sofaen,mens eg strikker litt.
Reine Miss Marpel

Fått meg nøstekopp idag

Berre lekkert.
Har jo nett tatt oppatt strikkekunsten.
Sånn til heimebruk😍
Men berre raglan.orker ikkje tanken på sy og klyppe…

Kjekt med gaver og hyggeleg besøk ein litt småsur dag.
Men no skal det verte varmare…skal sjå vi får litt sol og sommer..
Om ikkje anna opplett.
Blir jo reine velstanden.

Nye vestland fylke får 19 fleire ledara enn vi no har tilsaman står det på nettet
Trudde ein fekk mindre administrasjon ved å slå oss ihop eg.
Kva er det vi då må spare på.
Potten vert vel den same..
Pengar veks ikkje på tre der heller..
Vi vil nok merke det..
Ikkje alltid eit gode å vere stor.

Men får strikke vidare eg…
Fortsatt god kveld

Ferietid og feriever

Det er ikkje alltid det betyr sol og sommer.
Men,når ein ferierer heime og bur i vest,då veit ein at livet ikkje alltid er ein fest🙂

Vind,skya,litt sol og litt regn.
Heller dårleg med sommerlege temperaturer.
Høst.
Men,lite å gjere med.
Lurer litt på kva eg skal tusle med idag.
Veke to av ferien alt,så berre fantasien som set grenser.
Soling er ikkje aktuellt

Ikkje vorte ferdig med Harry heller…
Vi vart litt ueinige.
Strikket har eg tatt fram att etter ein pause…vi var litt lei kvarandre.
Sånnt skjer..
Eller mulig vestlandsbunaden skal komme på.Gamla treng trim for matlysta er stor i feriemoduset.

Men først må eg våkne til liv og kroppen komme igang.
Litt treg i starten😍
Ha ein super dag

Posten skal fram

Henta posten min litt seint idag.
Berre reklame,tenkte eg.
Hadde no tilslutt endeleg fått reva opp or stolen.
Fjelltur på gamla idag.
Ikkje stort fjell,ikkje lang tur ,men dog..
Kosetur med veslesysta.
Vind på toppen

Einaste plassen ein kunne skrive seg inn i turboka🙂

Men tross vind på toppen

Og vind i hår og kropp,så var vi fornøgde vi.
Vått og slept,men unngjekk skade.
Det var då eg kom heim eg henta posten.

Men…visste ikkje at eg hadde fått ny sambuar.
Skulle 1.5 km.lenger den posten…
Jaja..var nok meininga eg skulle ha litt meir trim.
Så då var det berre å bytte fjellsko med joggesko og labbe iveg..
Nett som i gamle dager..då var vel apostelens hester og framkomstmiddelet..
Mottakaren vart glad han.
Gamla fekk litt tiltrengd trim og alt var i skjønneste orden.

No er det strikk og tv resten av kvelden
Badehotellet eller Vera🙂