Vakker helg i vest

Vore ei super helg.
Høsten på sitt beste.

Stiv og støl etter gårsdagens yoga kom eg meg på fjellet

Rekreasjon for kropp og sjel.

Vidsyn.Dagsturhytta i Fjaler.
Tenkte eg måtte innom den idag.
Bruker ellers kun gå til varden eg😁


Tanker krefter og nyt augeblikka

Heim til børsa og tvaksjonen.
Kjekt å kunne bidra som ei lita brikke.
Mange bekkar små gir ei stor å

Fekk raspeballer hos ho mor i forbifarten.
Berre velstand.
Kvelden har senka seg.Fortsatt stiv og støl

Er igrunne skikkeleg godt i sofaen med teppe,strikk og tv.

I morra er det slutt på fri og godveret😶
Redd eg vert endå stivare i kroppen enn i dag

Nå er det hennes tur

Innsamlingsaksjon Care Norge
Og eg er klar
Larris og,for skal tilbakelegge nokre mil
Kjekt å kunne bidra til at kvinner som lever i fattigdon,får muligheit til å tjene penger,bestemme over eigen kropp og verte høyrt.

Klart det går ein del av pengane vekk til administrasjon.
Men noko kjem fram.
Er sånn hos oss og.
Vi dreg ifrå utgiftene vi har hatt.resten er overskotet vi kan bruke.

Viktig å vere solidarisk,syns eg


Nydelig morgon,men kaldt høstver
Sola varmer nok opp .
Kjenner gårsdagens yoga på kroppen
Armane er verst faktisk…
Jaja…her må det nok trenast litt styrke.

Men ikkje idag…
Vurderer ein tur før børseberinga…
Men først meir kaffi

Ha ein super søndag

Yoga time

Pup up yoga sto det…

Når ein har runda 60 og aldri prøvd,så er det på tide.
Så idag var dagen

Kom inn i lokalet til matter på golvet,lys og lav musikk.
Osa fred og harmoni.

Lille Mandela Yoga frå Førde…

Kjære vene kor stiv eg er…
Strekk og tøy.
Inn med det meste,rak rygg og pust…
Var rett og slett smerter.. ante ikkje at eg var så stiv og totalt uten muskler..
Helsiken.
Ein fot rett bak ..Den andre dreg ein opp til kneet med sving innover…
Der tok krampa gamlemor..
Under høgre fot..
Fytti…
Ikkje ein einaste øvelse vart tilnærma lik det den skulle…
Slapp av og nyt…
Jau…lett og sei
Men eg gjorde mitt beste og yogainstruktøren ho var fantastisk.
Anbefaler på det varmaste.
Men.gjorde godt…
Og skal pine meg igjenn.
Hadde tenkt meg på fjellet,men kjende at det nok var i overkant.
Rusla meg ein tur etter vegen

Nydeleg ute men no kjende eg at sofa,det hadde vore supert

Tusla heim og la meg til bløyt i badekaret
Hærlig.
Fått i meg middag og krope godt opp i sofaen.
Kaputt.
Så får den flotte kvelden ute fred for meg.

God lørdagskveld.
Redd eg kjem til å kjenne det i morra

Fantastiske oktober

Tenker på onkel idag.
Hadde vorte 73.
Trur sola skin for han


Måtte nyte soloppgangen idag.
Utruleg flott.
Kolapsa på sofaen etterpå.
Ikkje av sola,men av nattevakta.

Kan ikkje sove vekk slike flotte dagar.Så sto fort oppatt

Vakkert med desse flotte fargane.
14 pluss og har vore mykje ute
Kveldshimmelen er utruleg flott.

Sjelefred…
Hadde det ikkje vore for at mønsteret til genseren eg strikkar er borte vekk…
Har lett overalt.
Under,over inni og oppå det meste.
Papirdunken vart snudd på hovudet..
Finn masse rart…
Men ikkje strikkemønsteret…må nok skrive etter eit nytt…
Men pokker så irriterande….
Må nok kanskje vorte kasta…for tviler på det spøker….sporlaust vekke

I morra skal eg på yoga…
Korleis det går er eit åpent spørsmål.
Aldri prøvd ,og stiv som ein stokk…
Men duger ikkje uprøvd.Kan bli innvikla

Ha ein super fredagskveld🌹

Rekreasjon for kropp og sjel

Nydelig haustdag og fri

Nydelige oktober
Kor heldige vi er som bur i dette vakre og fredfulle landet

På fjelltur med veslesysta.
Vått men flott tur.
Alltid kjekt i godt selskap.

Vakkert og stille

Kvalitetstid

Viktig å stoppe opp og tanke krefter

Ned til fårikål😍
Berre velstand.

Kveldsroa har senka seg.
Sofa,pledd tv og avslapping.
Carpe diem❤❤

#turløype #fjelltur #natur#foto

Skal ikkje vere enkelt

Sov..
Tungt og totalt utkobla.
Igrunnen nett sovna etter nattevakt.

Der ringer telefonen…
Eg slo av.men ga seg ikkje…
Helt i halvørska tok eg den.
Kva kontordama på auge pool må tru om meg veit eg ikkje.
Ho fekk nok berre bekrefta ein mistanke..
Sa mykje rart
Har de prøvd finne avtaleboka i veska i halvørska?
Mykje i den veska…
Legen måtte flytte time..
Ikkje enkelt når ein har mange avtaler den dagen…
No må eg opp før hanen har tenkt å bevege augeloka…
Men greit å få fleire ting unna på fridagen…
Fått fyr i ovnen.
Frys og er forvirra😂
Krølle meg oop i sofaen.
Sove og innever

Vakkert og kaldt


Fekk ikkje sove.
Godt på ein måte.
Det å stå opp og nyte soloppgangen er nesten magisk.
Sitte her i sofaen,inntulla i pledd.
Godt grep om kaffikoppen,mens eg ser utover fjorden.
Sitte her
Lytte på radioen i bakgrunnen
Fundere over livets hendelsar
Lese aviser og nett.
Noko er bra…andre ting ikkje.
Livet er ikkje berre solskinnsdagar.
Gjeld å gjere det beste utav det.

Bruker ofte korte fjellturer, eller berre gå etter vegen til å klarne topploket.
Då kan ein få ut det ein måtte ynskje av tankar,sortere dei og nullstille.
Ikkje alt ein tenkjer som bør komme ut.
Dei fleste av oss har vel seriøse og mindre seriøse sider.


Kaldt ute om nettene no.
Vi nærmer oss vinter.
Fått på vinterdekka.
Litt for skummelt for meg tidleg morgon,og seint på kveld.
Kanskje litt pysete,men er no meg.

Kanskje eg skal ta meg ein tur før jobb.
Men først må eg våkne🌹

Ha ein super søndag.

Høstmorgon


Hausten har tatt tak
Kulden gjer inntog og tid for fyr i ovnen og ullklær

Flott årstid med nydelig fargespel.
Men,samtidig går ein inn i mørkare tider i naturen og sjela.
Ikkje så glad i mørketid og vinterdepresjoner,men prøver å vinkle det positivt.

Snart ta på meg varme klær og rusle meg eintur
Håper å få hjelp med vinterdekka til Larris.
Tryggast med vintersko🌹
Pyse delux.

Siste feriedagen min idag.
Skal nyte den til fulle
Stakkars Larris er kald og frossen.Har ikkje hus han stakkars

Vedfyringens dag😁
Ha ein fin onsdag