Sjuk svak og dårleg bak

Så heimedag og sofatid
Ute herjer storm og regn.
Dvs.er nok stiv kuling ,men auker på.
Står rett på hus så rusker godt.
Ved og batterilys er klar.
Kan nok bli strømstans
Sånn sett ein grei dag å vere sjuk på.
Går nok over
Vurdert å gå til postkassa,men trur det får vere.

Vannstell og inntørking gjer susen ser det ut som.Grønne fingrar det har eg ikkje.
Ikkje har eg vorte ferdig med julegaver eller fått julematen i hus.
Vert nok ei råd.

Sofa og tv.
Mest repriser.
Litt småekkelt med vinden.
Auker i styrke.
Verst når det er mørkt,for då ser ein ikkje kva som skjer.

Naturkreftene skal ein ikkje spøke med..
98
Slit med mønsteret på armen.

Midstill mønsteret,tel deg ut frå pila som visast midt på ermet kor du skal starte på diagrammet..
Jau…
La opp ein ny.
Held på å telje meg ihel..
Skal nok prøve tillatt ein gang.
Nesten so eg dukkar kvar vindråse som rusker i huset…
Er nok berre starten…
Vorten brei som ei låvedør og bedre vert det ikkje av julekjeks og julemat.
Trur eg tek meg ein liten lur her eg ligg.
Ha ein fin kveld

eg frys

Skikkeleg fått frosten i meg trur eg.Får liksom ikkje varme i kroppen
Tjukt påkledd og inntulla i to tepper.
Inne er det hett og godt,men eg frys på legger og bein….uffameg…
Ute var det såkalla pisseføre på morgonstunda.Slaps og renneføre enkelte strekker.No regner det loddrett og vannrett.Skikkeleg innever:-)
Eg skal på basar.Gleder meg.
Får ta på meg stilongsen:-)
Grytt i meg mat og ein pose peanøtter.Skaffa meg kun ilt i magen:-)
Ser på ski og drikk kaffi

Endeleg er polfararane kommen i tryggheit så vi slepp høyre meir om dei.
Klart det er litt dramatisk i isødet,men dei har no virkeleg utsatt seg for faren sjølv.
Merkeleg kor slike ting kan ta plass i mediabildet.
Det og julematen.
At verden er full i krig og elendigheit det er igrunnen lite viktig:-)Berre vi får ha julematen vår ifred
Vi er igrunnen temmeleg egoistiske.
For meg må folk ete nett kva dei vil.
Salat,fugl,fisk eller kjøtt.
Trur vi har det litt for godt
Mange fattige i Norge og.Ikkje alltid lett å få økonomien til å gå i hop for alle
Vi er ulike i tankegang og økonomi:-)
Jula er jo tida for rausheit og nestekjærligheit:-)

Kaffi er reine vidundermedisinen:-)
Sit og lurer på kor raus og innkluderande eg igrunnen er.
Kor egoistisk er eg igrunnen innerst inne
Er eg verkeleg sånn som eg trur….
Sjølvransakingens dag…Litt lurt til tider
Cupfinale på tv,og eg bytter kanal.Ikkje mi greie:-)
Ha ein fin søndag:-)

Handball 🙂

Frå Akuttmedisin til basartillaging

Det er det som gjer livet så kjekt igrunnen
Det at det inneheld så mange og forskjellige oppgåver og interesser
Etter to dager på kurs har det idag vore tilbake på jobb og nokre kjekke kveldstimer med forbereding til basar

Utruleg mange flotte gevinster på bok
Og,fine ting på åresalg
På søndag skal eg jobbe,men rekk litt julegrantenning og basar.
Basar er kjekt og sosialt.Og ein støtter ei god sak.
No er det grendalaget.I små bygder må alle gjere litt for at hjula skal gå rundt
Litt dugnad må til.Men det er utruleg kjekt.
Rart med det..Er vi fleire som stiller opp,så går ting unna i ein fei.
Eg er god på å hjelpe til,sjølvskryt er eg og god på:-).Så får andre stå for planlegging 🙂
Gjeld å finne sin eigen plass i samfunnet:-)
Litt småsjefete er eg nok og:-)Sikkert ikkje berre litt
Glømde heilt å ta bilde av gevinstane….Søren ta..Jaja….No er det for seint altso.
Men imponert over ho som har fått fatt i alle gevinstane,og alle som har sponsa

Ute er eit helsikens ver.
Regner trollkjerringer og bles kraftig
Godt å krype opp i sofaen med teppe godt rund meg.
Funne fram strikket..Og ser på Mastersjef…
Farmen må eg og få med meg:-)
I morra kan eg sove lenge.Eg har fri:-)
Berre velstand må vite

Ha ein super onsdagskveld:-)

Borte bra men heime best

Landa i sofaen etter travle, men lærerike dagar i Florø.
Akuttmedisin.
Caser som nesten veks ein over hovudet.
Fantastiskke kurshaldarar.Kjempeflinke i Ambulansetjenesta.Heia Årdal sin fantastiske og inspirerande flotte kurshaldar.Super dame:-)

Ikkje verst han frå Redningsselskapet heller:-)
Og for nokre flotte sjukepleiarar dei har i Florø:-)
Kjekt og nyttig å lære av andre.Finne sin eigen plass i systemet,og kjenne på følelsen av å stå oppi situasjoner eg ikkje er vant med.

Vi kosa oss vi som reiste frå vår kommune
Lang reise og lange dager:-)Men så lenge ein føler ein har att for det ,så går det fint.

Men sliten er eg…
både sånn og slik
Tidlegvakt i morra og tilbake til normaliteten:-)
Men kjekt å fått sjangsen til oppfriskning av kunnskaper.
Viktig det og
Ikkje berre å gå å vase i den vanlege tralten:-)Begynnt å verte gammal og sær:-)
Sikkert godt å vere kvitt meg nokre dager:-)Men…ikkje kvitt meg endå

Juleforbredelsane er fråverande,men jula kjem no uansett
Gåvene skal eg få i hus
og ellers er det no berre å vaske av golva,smelle på nokre juledukar,få opp treet og vips så er det jul:-)Stresse gidd eg ikkje,og eg er god å jobbe under press:-)

Ha ei strålande veke

Desember

Snøen har kommen..
Eg kan styre min begeistring.
For det betyr og glatte og vanskelige køyreforhald på smale vegar uten rekkverk.
Sånn er det å leve i utkanten.
Og jadå..veit eg har valgt det sjølv.

Nyt søndagsmorningen i sofakroken,med teppe og kaffi.
Ferien er slutt .Vore mykje møte og kursing.
Fått unna dei nettkursa eg aldri får tid til.
Så no er til og med brannkurset i boks🌹

Men….har ikkje vore særlig aktiv.
Ete godt og kosa meg..
Kor mykje eg har ete det såg eg på vekta idag..
Ikkje alle rekorder ein er like glad for😶
Ingen eg kan skulde på heller…
Søren ta.
Her må det nok tøffare tider til.

Skal rusle meg ein tur kjenner eg.
Idag skal eg berre slappe av og ta verden med ro.
Fått opp adventslys og staker.
Langt frå ferdig med julegåvene…
Men har litt tid.
Fått litt juleynskjer..kjem nok i mål.

Rart med det.Brukar å ordne seg.

Kanskje på tide å krype ut or pysjen og på med vinterklær og brodder.
Rusle ein tur og kjenne på godfølelsen.

Kaffien er inntatt og eg er nesten våken
Ha ein super søndag❤