Teke på…

Sliten
Nett klart å få i meg litt mat.
Sånn skikkeleg svolten og sær var eg
Sær er eg endå.
Sår i tannkjøtet etter behandlinga.
Bedøvelsen er ikkje ute endå heller
Men måtte til.
Tannkjøtbetennelse er noko skit.
Topploket er ikkje det det engang var.
Ikkje høyre eg og ikkje ser eg og hjernecella har tidvis ferie.

Energien er på eit bunn- nivå
Lyspunktet er..
Det lysner litt for kvar dag og vi nærmar oss vår.
Hoggormen har visst begynnt å krype or hiet..om det er eit lyspunkt….usikker
At han gidd i ruskeveret.
Kanskje han berre er svolten.
Håper energien kjem med lyset.

Må nok riste litt i meg sjølv i tillegg…
Men ikkje idag

Handball på gang

Semifinale
Eg er klar.
Krope godt opp i sofaen og tulla meg inn i slumreteppe.

Der fekk søren ta meg Croatsia mål…
Fyrt i ovnen og middag på gang.
Mat må ein ha
Tek på med handball.

Erna har rydda i rekkene.
Nye statsråder.Såg ut som dei gledde seg til jobben om ikkje anna.
Ser kor det går…vert nok ikkje verre.

Hatt meg ein tur på sykehuset idag…
Det vanlige..
Vert sliten av denne køyringa..
Kom tidleg heim,men har ikkje gidda gjordt nokonting…
Latskapen lenge meve.
Litt surt ute…Men er jo januar…

Kos med frihelg

Blomster frå meg til meg…
Med kort…Du er slett ikkje så verst🌹

Ha ein super fredagskveld

71 grader nord

Ingenting som slår å krype sliten opp i sofaen etter jobbehelg og sjå på Onkel p,Almås og gjengen.
Brokete forsamling på tur..Eg digga da.

Ete formykje…
Men litt for glad i mat og søtsaker.
Rekkjer litt oppatt på genseren kvar dag..
Går smått..men ein gang kan eg vel slutte å rekkje og starte å strikke.
Vert no ikkje trålaus om eg vert motlaus.
Ute rusker vinden som vanleg.
Inne har tulipanane lagt seg til å sove.
Ovnen brenn og gamla slapper av.
Heldigvis fri imorra

No er eg lei

Vind og regn og stor flo.
Vinden gjer meg snart sprø.

Bles visst sterkt i regjeringa og ser eg.
Siv er og lei.
Men det er av å måtte gje ved dørene og ikkje av vinden.
Vi har alle vårt.

Floa er over sitt høgste.
Mykje vatn og vinden den tek tak.
Hatt meg ei runde og trekt frisk luft etter jobb.
Treng å lufte hjernecella

Er mildt og fint.
Ingenting å sei på temperaturen.
Er igrunnen ei uverskråke…men alt har si grense.
Må no vere rikelig vatn i alle basseng.
Elvar renn det overalt.

Gjorde godt men det gjer sofaen og.

Tid for innekos og i morra har eg fri.
Venter på kva Erna syns om Siv si misnøye…
Imens tek eg meg litt kaffi

Fullstendig kaos hos gamla

Prøver pakke ned jula.
Då er det ein oppdager kormykje ein har.
Nissane er trykte ned i plastkassar innkjøpt idag på Europris.
Dei klaga over at det er trangt i kassane..
Nokre slapp.Er for store.
Hatt meg ein sjukehustur så kom litt seint igang.
Pauser må eg ha.
Må planlegge.
Trengde frisk luft så tok meg ein tur.
nydelig
Kjende det gjorde godt heilt ned i storetåa.
Slo av ein prat med ein anna som var på luftetur.

Så no sit eg her.
Kaffipause og datatid.
Eposten må eg og lese innimellom

Huset er bomba og eg må ta meg ihop.
Dette går ikkje.

God fredagskveld.

Stormsafari?

Populært det..
Nå gjerne komme her, men eg deler ikkje begeistringa.
Fasinerande…
Javisst..men alt med måte og no er eg lei.

Parabolen har nok tatt seg ein omdreining,for eg har fått kanaler eg aldri har hatt før.
Er ikkje så god i språk så lite eg forstår.
Så no får dataen gjere nytta.
Ingen vits i å få det fiksa før vinden roer seg..
Det vert ikkje idag.

Alle brannane rundtom skremmer meg.
Sjekker dobbelt overalt.

Hagla ute.
Innever.
Veret får ein ikkje gjordt noko med.
Og fasinerande syns eg igrunnen ikkje det er heller.
Berre skummelt.
Det syns Larrisen og når vi må køyre til og frå jobb.
Ingen fordel å vere liten og lett bil i sterk vind.

Men vi står an av og håper på roligare tider.
Ha ein fin dag

God morgon💞

Kos med lat søndagsmorning i pysjen.
Nyt kaffikoppen og ser tv,mens eg ser ut på eit regnfullt og forblåst landskap.
Snøen er nesten vekke og er grått og trist.
Ute
Inne koser eg meg og funderer over kva 2020 bringer av nyheiter.
Livet og samfunnet er i stadig endring.
Kronekursen er dårleg og alt vert dyrare.
Stadig fleire goder forsvinn og økonomien til mange er knapp.
Ute i verden er det svolt og nød.
Krig og elendigheit.
Norge er eit godt land å bu i.
Håper det varer.
Livet er skjørt og vi veit ikkje kva det kjem med av overraskelsar.
Nokon gode…andre tvert om.

Kjenner eg vert eldre og forandrer fokus på kva som er viktig
Godt å ha familie og venner som bryr seg og ein kan bry seg om.
Jobb ein trivast med og gode kollegaer.
Ein har mykje kortare tid framfor enn bak.
Koser meg litt kvar dag.
Viktig å stoppe opp å nyte dei små øyeblikka, og ikkje irritere seg over ting ein ikkje får gjordt noko med.
Gir berre dårleg humør og sur stemning

Smil til verden og har ein litt flaks,så smiler den tilbake

God søndag
🌹

Sit no her

Rart med desse planane.
Alt ein liksom skal gjere når ein har frihelg..
Koker vekk i ingenting.
Giddalaus.
Burde gått meg ein fjelltur idag.
Iallefall oppoverbakka.
Treng sørgjeleg litt kondis…
Gjorde eg det…
Langt ifrå.
Mykje meir avslappa å gå flate vegen..
Fekk no litt frisk luft..
Men vart mektig svolten og godtesjuk.
Lenkter etter lysare tider.


Amaryllesem eg fekk til jul er rent vakker…om ikkje anna.
Eg slit no på med dette mønsteret…
Nokon racer vert eg nok ikkje,men må no klare å verte ferdig ein gang.
Går seint

Skremmer meg med uroa i verden.
Skal lite til før det eskalerer.

I kveld er det idretsgalla på tv.
Mange flotte personar.
Jula skal få vere hos meg litt til.
Vart jo reine julestemninga når snøen kom.
Litt koseleg er det no og.
Gjer det litt lunare inne..

Litt usikker på korleis eg skal få att energien.
Rett og slett fråverande.
Er nok berre eg sjølv som kan snu på flisa…må berre finne den🙂

Kor vanskelig kan det vere

Helsiken…..
Eg tel og tel.
Midstill meg her og der..
Trudde at endeleg…no har eg det…
Så stemmer ikkje dette helsikens mønsteret…
Berre å ta oppatt…
Feilen er jo min eigen…
Strikka feil..
So no er det berre å komme meg tilbake til start…
Og å ta opp tek lenger tid enn å strikke…
Ikkje er rundpinnen god heller.

Tolmodigheit er visst verdens dyd..
Iallefall ikkje min styrke…

No bur eg i Vestland og ikkje Sogn og Fjordane…
Går sikkert bra det og sjølv om navnet er litt bakvendt…
Erna har halde tale.
Paven dasker til damer og vi skal alle verte rausare og bry oss meir om vår neste…
Det siste tek eg til meg…
Kongen si tale var god.

Godt nyttår❤