Skal sei det bles

Bles skikkeleg ute..
Ikkje anbefalt å reise på sjøen.
Merker det godt på husa.

Mett og god og trygt og godt i sofakroken
Fyr i ovnen og lys på bordet.
Kunsten å kose seg.
Koronnaviruset brer om seg og angsten for å verte smitta aukar.

Klart at når ein vert smitta av sjukehuspersonell så vert ein litt uroleg.
For dei fleste av oss er det nok trygt.

Skulle nok gjordt ferdig den andre gensaren eg har under arbeid…men etter å ha rekt meir opp enn strikka, så trur eg vi begge har bruk for ein pause..
Kan få strikkesperre av mindre

Før opprekking…
Ha ein fin lørdagskveld.

Frå stille til kuling

Vintermorgon

Uffameg…
Tidleg oppe idag og.
Heilt tett i topploket.
Er nok mange som meiner det er normalt,men no er eg i tillegg forkjøla 🙂

Måtte paracet og nasespray til,så sto opp.
Vaser rundt i pysjen og tjukk jakke og sokkar.
Vind og snø er ikkje yndlingsveret akkuratt.
No vil eg ha vår eg..
Men tydelig ikkje eg som bestemmer.

Skremmande kor fort dette koronaviruset brer om seg.
Nye virus som ein ikkje har kur for er skumle

Lite ein kan gjere med det.
Berre dei vanlege hygenereglar

Sjølv er eg berre stappa forkjøla og syns det tek på.
Vil ikkje sleppe taket..Pisslei heile forkjølelsen.

Men får no gjere det beste utav det.
Kaffi og godmorgen Norge.
Innever er det uansettt.

Ha ein strålande dag

Ikkje vask ullklær i maskina,uten å ha briller på

Veit ikkje om eg skal le eller grine.

Strikka meg to gensarar i fjor.
Berre det er ein bragd i seg sjølv.
Mykje brukte og mjuke og gode..
Drops air…
I dag er dei desverre vorten til noko ubrukeleg lite noko..
Ilag med yndlingsjakka mi..Den var ull og kjøpt.
Og dei fine mønstra strikkasokkane eg fekk av mamma…Det var nesten det tristaste..

No har eg no ikkje så mykje klær som passa…
Ikkje kan eg skulde på nokon heller..
Utgjordt..
Dyr fadese igrunnen.men gjordt er gjordt…
Har vaska dei i maskina før altso…
Og var sikker på at det var ullprogrammet eg hadde på idag og…
Lettare sjokka over eigen innsats..
Vel og merke er eg forkjøla og slapp,men dette burde eg no klare..Hadde det no vore ting eg var mindre glad i..Neidå….

Bestillt nytt garn .
Og jakke får eg kjøpe meg eingang..
Jaja..
Irriterande.
Ødela no kun for meg sjølv.
Og betale må eg og sjølv.
Ikkje var garnet på tilbud heller

So no er eg tilbake i sofaen….
Tek på med slikt vas…

Skal vaske ei maskin med handdukar…
Dei krymper no ikkje..

Jaja..

Det var den gensaren:-)Men har den på bilde:-)
Den andre hadde omvendte fargar.

Har no arbeid ei stund,men får vente til garnet kjem:-)

.

Tankane flyg og snørret renn

Har stått opp før fuglane,og det heilt frivillig
Dvs.Er potta tett,så var det klokaste
No er frukosten inntatt…dvs.nasespray og paracet.

Nasa renn og eg er alt anna enn tiltalande
God gammaldags forkjølelse antageleg
Kaffien er kommen i koppen
Treng noko varmt

Mørkt ute,så kva slags ver det er aner eg ikkje
sikkert skikkeleg innever

Måtte bite i det sure eplet torsdag
Har rikeleg med bukser…Men dei har krympa,og det gjer ikkje eg,for å sei det slik.
Tvert om .Dess meir eg skal legge om livsstilen ,dess meir et eg. Usunnt og mykje
Totalt uten mål og meining
No venter eg på vår og bedre ver. Om ikkje anna kan det verte fjellturar og bedre kondis
No er i alle fall nye bukser som passer innkjøpt.
Hjelp ikkje å drøyme om det eg ikkje har viljestyrke til
Jadå. Bør trimme meir. Mage og lår…men har ikkje overskudd i det heile fortida.
Null og niks…Orkar ikkje,gidder ikkje
Ligg hos meg sjølv og tankesettet,antageleg…
Har fått oss treningsal i kommunen, men syns det er litt vel langt å køyre att og fram…
Så enn så lenge så går eg berre turar etter vegen.
Men i dag er det sofadag,kjenner eg.
Kanskje det er litt mykje sofa til dagleg,men i dag er det nødvndig.
Kjem overskuddet med våren skal tru?
Håpet er lysegrønt.

Kan hende fokuset mitt må vere på andre ting

Får vente til våren. Nett som Mumi.Om vinteren går eg i dvale

Legge meg ned å sove litt meir kjenner eg.
Nasa har fått åpne kanaler og papiret får bein å gå på

Regnet piskar mot ruta
Innever:-)

God lørdag

Forkjølelsen lenge leve


Gamla er slakke
No er det no ikkje dinna nasesprayen eg har,men gjer same nytta.
Har til og med paracet i tablettform.
Litt enklare syns eg…
Trudde denne forkjølelsen skulle minke..
Det kan eg visst drøyme om.
Men komme meg heim på eigen sofa og slepp vere til last for andre..Papir,nasespray og hostesaft..står ikkje på utstyret

No er eg i full forvirring om kva som er sunnfjorddialekt og kva som er sognedialekt.
Slike facebook grupper er kjekke.men går i surr..
No er eg ytresogning og har nok litt frå begge.
Austlenningane skjønner ikkje kva vi seier når dialekten tek av.
Nynorsk vert ein bagatell.
Skjønner ikkje så mykje av andre sine dialektar eg heller ..
Men artig er det.
Litt av personligheita vår.
Seier noko om bakgrunnen.
Må vere veldig fortvilande for folk frå andre land som har lært bokmål og kjem hit..
I tillegg snakker eg som eit maskingever..
På inn og utpust…
Ikkje no…Har meg ei stille stund..
Lewis på tv,og vind utfor glaset..
Eg nys…
Godt eg er aleine..

Går nok over…
Men seige greier..

.

Velferdsteknologi

Prinsen er levert hos ein kompis og eg og frøkena har vore på butikken i høljeregnet.
Igår snøa det.
Imens har Ruth støvsuga..
Ga på då vi kom heim…på badet..
No veit eg ikkje om det var planen,men hadde no forsert dørstokken.
Eg hadde ikkje lukka døra..
Syns ikkje ho er så nøyen og dreg i tvil at ho har vore innom stova..
Sa det til ho.
Lite hjelp å snakke til desse moderne hushjelpene.dei gir blanke blaffen

Trur ho meinte denne koppen passa til meg

Slakk og trøtt idag og.
Seig forkjølelse.
Men greit å vere inne.
Nesten like god sofa her og.
Antar veret er likedann heime,sjølv om eg trur det snøa meir der igår enn her.

Lurt å ta briller på når ein handler,merka eg igår.Iallefall på apoteket
Vel og merke hadde eg syn berre på eit auge.men burde jo skjønnt tegninga då eg syns pakninga var litt anna enn normalt.

Så no har eg stikkpiller istadenfor tabletter.
Paracetten har fått ei ny meining,men får gjere nytta til eg kjem heim.
Er so gale…
Jaja..
Litt tabber kvar dag er normalt.
Veit ikkje om eg skal le eller grine,men det første er gjerne best…

Gruer meg til heimturen,litt guffent ver og slakk kjerring er ein dårleg kombo…
Men heim må eg no..

God fredag🌹

Sånn småtrasige

Fått sprøyta mi på auge idag.
Ellers sånn småtrasige.
Reknar med det er influensavaksina som gjer at eg held meg flytande.


Vildkatten heiter dette spelet..
Eg taper
Ikkje så farleg.
Skulder på at eg ser dårleg.
Prinsessa mi trur ikkje på den🙂

Kjekt med litt kvalitetstid.
Sit no for det meste i sofaen…
Skikkeleg pissever ute,så tid for innekos.

Er igrunnen greit med sånnt ver når ein ikkje orker stort alikavel.
..
Ha ein super torsdag

Hjelpe meg kor det bles

Trøtt ,sliten og småsur på morgonkvisten.
Vinden har helde meg våken..
Ikkje at eg brukar å vere så opplagd om morningen.
Tvert imot.
Men ikkje bedre av lite søvn.
So gamla sto opp.
Ser ikkje så mykje ute endå.

Katten har fått frukost .
Ikkje min katt igrunnen,men mat må ein ha.

Eg har fått kaffi og håper det hjeloer
Tett i pappen.
Meir enn før🐒

Blir litt lei dette uveret.
Treng litt stabilt godver så det tørker litt opp ute.

Spår billigare straum..mager trøst,syns eg.
Grand prix vart kaos.
Likegreit å ha seinvakt å gå glipp av det,tenkjer eg

Nei,får drikke litt meir kaffi og prøve vakne litt.
Kjenner eg er forkjøla.
Ha ein super mandag.

God onsdag

I dag var gamla tidleg oppe
Fekk ikkje sove.
No er eg igrunnen søvnig og strengt tatt klar for senga.

Litt småtrasig ver.

Krona er lite verdt.
Sportsbutikkane slit og presidentkandidater har trekt seg.

Vinter med torden og ruskever i vente.
Verden går vidare.
Eg er småforkjøla og hovudet dunkar.
Hivd innpå paracet,så ordner seg nok.

Litt godt å kunne vakne litt etter litt her under pleddet ilag med god morgen Norge og kaffikoppen.
Heldigvis snart vår.
Glad for kvar dag det er lysare ute.
Mørketida og vintermånadane er ikkje mi greie.

Igår var det stor flo.
Idag er det litt snø.
Bør nok ut litt idag og..
Men ikkje no.

Ha ein super dag🌹

God morsdag til alle mødre

Hipp hurra for oss.
Vi gjer alle så godt vi kan.
Av og til er vi supermødre.
Andre ganger stikk motsatt.
Sånn er livet.
Kor ein snur seg er reva bak.
Mykje godt ungane mine er vorten sopass.

Brukar gå meg ein tur…
Ikkje idag.
Er eit helsikens ver for å vere ærlig.
Regn er einting.
Men det er sterk vind…
Er bedre i sofakroken.
Har jo morsdag.
Kan ikkje fyke vekk.