På jakt etter anene

Dagstur med veslesysta som sjåfør .

Køyrde frå Oppedal via Brekke og over Ynnesdalen.
Der kom bestefar eller morfaren frå.
Har ikkje kjørt den vegen på over 20år.

Trur dei som bur der no lurte felt på den skrulla som tok bilde.

Fekk no noko å snakke om.

Kryssa grensa til Masfjorden.
Ikkje langt unna kom bestemor frå.
Gjekk ikkje so langt.

Var der eingang eg var liten.Hukser besøket men ikkje at det var så bratt..
Vidare bar det..
Godt med stødig sjåfør og tante som guide.

La turen innom Frøyset gardsmat.
Men bonden var opptatt med kalvar og ho mor på tur.

Men vi har no vore der og utsikta var super.

Kjekt med nye plasser.
Ein tur innom gravplassen

Foreldra til bestemor.

No sette vi kursen til Alvhild.
Der fekk vi full oppdekking.
den utsikta.
Vakkert.

Flotte damer og takk for kaffi ,kaker og nydelige skillingsboller.
Ikkje vore der før.
Vakkert.

Kafebesøk på Hosteland før vi snudde nasa heimover.

No var det ikkje så mange slektningar som var heime.
Kanskje dei berre var glad til.
Ferieturar treng ikkje vere så lange.
Korte turar med folk eg er glad i gjer godt.
Mange plassar eg ikkje har vore.
Og med sjåfør er det jo berre lekkert.
Takk for ein super dag❤❤❤

Sofadag

Er rett og slett berre trøtt og slapp.
Orker liksom ingenting
Hadde vore flott ver å gått fjelltur i.
Og rydda busker og kratt som veks uti vegen..
Men orker ikkje …
So eg har sove og slappa av.
Må vere lov det og iblandt.
Trur nok allergimedisinen har litt skulda,men sånn er det no.
Har no ferie.
Meldt regn så kan sove i fleire dagar❤

Går seg nok til.
Kroppen treng berre litt kvile.

Er igrunnen makelig anlagt og bør nok ta meg sjølv i nakken

Nei no altso

Når det er 4 grader og sludd over Langeland i juli ,då syns eg det er litt på grensa.
Steike fint inne og kose meg i ferien ver og litt av ein overgang.
Men,veret styrer vi ikkje.
Var som snarast innom Førde og sykehuset.
Fått injeksjon på auge og handla det eg mangla til tacomiddag.
Fekk med liste av prinsen.
Han har kontroll.
Besta er ikkje glad i taco.
I det heile er eg sær i matvegen.

Men vi har ete rester av gårsdagens fiskemiddag til lunch.
Trur vi var like svoltne begge to💞


Ser på feriebilder og tenkjer at..
Kjem nok godver att eingang

Men eg har regnkler og er vanntett…so nokonlunde

Naturen er no her så er berre å snakke litt tøft til meg sjølv og gå tur

Men ikkje idag.
No er det..Gamla tek verda med ro dagen…
Den er ganske ofte.
God fredag😍

No skal gamla heim


Har igrunnen gått greit med å halde avstand..
Men på flyet derimot er det både tett og svett..
Så munnbindet er alt komme på plass.
Men er ei stund til flyet går.

Utkasta😎
Ikkje akkuratt,men flyttehjelp.
Kan no passe bagasje i det minste.
Litt kan ein bruke meg til.

Men for sikkerheitskuld fekk eg idag følge på toget og hjelp til innsjekk .
Ikkje så enkelt for ei forvirra veggelus.

Har kjempegod tid og godt er det.
Fann faktisk gaten heilt aleine
Trur eg er på rett plass.
Fuglane veit