Kor vart det av sola,?

Syns so tydelig at det var meldt sol idag…
Kjem nok no..men..for seint altso..
Eg har ikkje kveldssol..
Jaja..
Etter å ha lagt på sofaen i to dagar.
Jobba nattevakt og ete døgnet rundt..
Så vart eg uvenner med badevekta..
Ikkje at eg trur ho lyg,men kunne tatt litt hensyn til ei sart sjel..
Så idag har eg prøvd å vere litt aktiv.
Ingen fjelltur..
Men gjekk no stripa mi etter vegen.
Fekk unna noko eg måtte gjere..
Så kanskje like bra sola held seg vekke.

Var kjempegodt med mat..
Er igrunnen trøtt,så har krope oppatt i sofaen.
Kanskje eg skal gå på fjellet imorra..
Får sjå.
No er det strekk ut på sofaen.

God fredagskveld

Kose meg inne dag

Må innrømme at idag passa det bra
Jaudå..ynskjer meg sol og sommarver eg og,men det styrer eg ikkje.
Og idag syns eg sofadag er topp.


Høstver

Skremmande med eksplosjonen i Beirut,og samtidig godt det er ei ulykke og ikkje påført.

Coronasmitten tek seg opp og vert nok snart meir bruk av munnbind i Norge og.
Sikkert lurt.
Ingen veit kven av oss som kan vere smitta ..ikkje alle vert sjuke

Er ei veldig spesiell tid.
Hurtigruta har påført seg sjølv litt dårleg omdømme, for å sei det pent.
Fort gjordt å trakke i salaten.
Starta oppatt på strikkeprosjekta mine.
Har eindel såkalla ufoar liggande.
Er sånn med meg..strikker eller hekler i perioder,og som lyn frå klar himmel er lysta vekke.
Då berre ligg det der..i ein haug.
Gjeld å passe på mønstera til lysta dukker oppatt.
Det kan ta tid.
No har eg mest lyst å sove
Godt med sovedager innimellom

God onsdag

Trøtt i trynet

Dette er ein sånn dag eg har lyst til å bli liggjande i senga med dyna over hovudet.

Er berre det at då stivner eg heilt til.
Liksom ikkje så mjuk å smidig lenger…
Litt surt,men sånn er det.
Har kravla meg inn i sofaen og får med meg nyheitene..
Corona og Brann.
Hatefulle ytringer på Facebook.
Og andre mediaplattformer.
Utruleg kva ein kan skrive på nett.
Der har vi alle eit ansvar.
Korleis ein vert kvitt det…
Ikkje enkelt.

Trur dette skal verte hovudbeskjeftelsen idag.
Fri💞og surt ute..
Bør nok vere litt husmor ser eg…
Men ikkje no.
Litt meir kaffi først.

Godt med slike rolige dager.
Morgenfugl har eg aldri vore.

Nyt dagen

Sommar og leselyst

Veit ikkje kvifor,men syns bøker og sommaren høyrer saman.
Trivst ute i sommarlyset med boka og kaffikoppen.
Ja når det er godver altso.
Ellers tek eg det inne.

Kva eg les er litt forskjellig.
Glad i krim,men les gjerne bøker som rører ved følelselivet.
Godt lys og ute om sommaren.
Vurderer å ta meg ein luftetur

Regkleda bør nok på.
Men friskt før jobb

Ha ein super søndag