Uverskråka

Liker i grunnen litt ruskever eg.
Gå tur med regnklær og kjenne regnet piske mot ansiktet.
Ja sånn skikkeleg kaldt regn kan eg styre meg for.Idag er det i grunnen passe

La meg tidleg i går,så hadde fått unna både butikk og gåtur ganske tidleg.
Mørke kvelder no.Og når vinden rusker i huset så frester senga litt tidlegare enn om sommaren.Er b-menneske så var nesten så eg overraska meg sjølv.Mulig eg går i barndommen og vert Amenneske att.

Litt godt med fridag.Berre rusle rundt i mitt eige tempo uten det minste planer.
Litt lesing,tv og kos.Og det midt på dagen.Aldeles supert.
Er litt lat..eller i grunnen veldig lat.
Ingenting som haster,liksom.
Må nok kanskje finne meg eit prosjekt eg kan styre med heime.
Vurderer å male litt i kjellaren…Men, veit det vert eit litt stort prosjekt,og gruer meg på starten.Er eg først begynnt,så må eg jo gjere meg ferdig…

Blir svett berre med tanken..

Ha ein super torsdag:-)