Moderne tider

Er ikkje berre på privaten hos oss menneske ting kan skjere seg..
For koronaen har visst tatt på samlivet til nissefamilien på jobb og.
So no har dei tatt med seg kvar sin unge og flytta i kvar sin krok

Pappaen held til med eine tvillingen i nærheita av døra..og selvfølgeleg må ein følge med på begivenheitenes gang.

Nissemor bur så langt frå som ho kan.
Utsikt var prioriteten der..

Ser ut som det er ei god løysing..

Sjølv har eg putla meg heim.
Hopp på tv og middag i emning..
Eg er svolten❤
God helg

Eg frys


Mest på beina..
Kjem det snø?
Sliten kjenner eg.
Fridagen har gått med til møte.
Ikkje 20 lenger kjenner eg.
Ikkje berre berre..
Men men.
Vert ikkje gjordt mykje her i huset.

Vinter i lufta..

Hadde planer om å få opp adventslysa idag..jaja..er ikkje søndag endå..

Viktig å slappe av og.

Lefsebaking er tingen

Ikkje for meg altso.

Flinke kollegaer eg har..
Baking på jobb.
Eg held fortet så lenge.
Tok si tid,og lukta nystekte lefser..
Vert svolten av slikt.

Så kom diskusjonen..
Skal dei steikast på 1 eller 2 sider..
I gamle dager var det 1 sa mor mi..
Det var det her og.
Måtte spørje idag for meinte ho steikte på begge..
Det gjer ho..
Det var det nokon av damene på avdelinga som og hadde gjordt..
Eg lærde korleis ein bretta og la inni..
Ellers hadde eg mest tid med dei som venta på smaksprøven.
Var ifølge dei himmelsk❤
Gjer seg med aktiviteter på jobb,men lefser tek tid..
Så neste gang tek vi peparkaker..
Eg er best på å vaske opp.

Bør nok leve litt sunnare for kjenner at lite bevegelse og høgt matinntak og mengder søtsaker ikkje er så lurt..

Ha ein super kveld

Ruskete både ute og inne

Kor tek folk energien sin frå ..
Eg har null og helst på minussida.
Trur eg er versjuk..
Rusla ruta mi sånn nokonlunde uten regn

No er det skikkeleg ruskever…
Ikkje at det har vore bra føridag heller..
Har ikkje det minste lyst å gjere noko i kaoskjellaren heller..
Pussa ein vegg og gjekk lei..
Er no søndag.
Steikte meg lyr til middag.
Himmelsk..men vart eg blidare..niks
Bør nok kanskje ta meg litt ihop..
Lurer på kor eg har adventslysa..
Kanskje eg skulle henge opp stjerner no i desse tider..
Får prøve leite fram litt energi ein plass.

Fekk ikkje meir energi av å lese kommunebudsjettet..

Rett og slett sånn surmag idag..
Godt det kun går utover meg sjølv

Med dunder å brak..

Sov lenge og hadde meg ein avslappingsmorning.
Regn og vind…
Men,kom meg no ned i kjellaren til det blå vidunderet..
Og idag starta den..
Men det var ikkje berre eg som var vaken.
Tor med hammaren hadde tydeleg ein dårleg dag..
Torever og strøm er ikkje mi greie,så tutla meg i full fart oppatt for å dra utav dei støpsla eg kunne.
Har dårleg erfaring..Hagl store som klinkekuler…bad day
Men,aldri så gale at det ikkje er godt for noke..
Fekk tørka litt støv og fanga nokre hybelkaniner..
Og no er tapeten borte vekk..
Og det er trinn 1..
Vert nok dyrare og meir arbeid enn eg tenkte..
Men sjå kva som dukka opp..

Veggmaler❤❤
Koselige minner❤❤❤
Varmer eit mammahjerte etter mange år..

No er det Skal vi danse og sofakos..
God lørdagskveld i ruskeveret

Dra meg langsomt….

Idag tenkkte eg…no skal tapeten til pers..
Har hatt pause ei stund,for med vatn og skrape var det nyttelaust.
Men tapetfjernaren var på plass,så gamla fann fram bruksanvisninga og sette ihop.Enkelt:-)
Fylte opp med vatnog venta…Sto 15 minutt.
det gjekk 15…ingen reaksjon…ikkje vart vatnet hett og damp var det så aldeles ikkje.Einaste som vart hett var temperamentet mitt.Så eg sjekka ledningar.Alt som det skulle…Og venta ..og venta.
Sende i frustrasjon snapp til naboen om elendigheita..
Fann fram vatn og svamp og skrapa og sa nokre mindre pene ord…mens eg skulte på pokkerskapet:-)sto no der og jobba i mi eiga verd…Plutseleg banka det på glaset,…ikkje godt for sarte sjeler..
Skreik så dei antageleg kunne høyre meg kilometervis..Glad eg bur langt frå folk..
Men du veit…

Junior han berre sjekka ledningane og vips starta elendigheita som ingenting var hendt…
Reine julekvelden.
Så no er tapeten kommen av den eine veggen.
Imorra får eg ta neste.Mulig tapetfjernaren har eit personleg problem med meg..Skjønner den godt.
Men var i ferd med å verte gjensidig.
Men får vere nok for idag.
Har funne roen med tv og familiens ære:-)
Kan ikkje slite meg ut heller

Ha ein super fredagskveld

Gamla og kulden

Vi er ikkje heilt på lag..
Nattevakt og kulde og snø er berre elendigheita.
Vind og snø endå verre..
Vakna stivfrosen halv ett…på dagen altso.
Kroppen var pinnestiv og verka …
Kul og sove..
Kikka ut glaset..såg snødrevet…tok dyna under armen og tusla inn på sofaen.
Tok tjukke sokker og genser utapå nattkleda..
Har varmepumpe altso..
Fann smertestillande.passa på å få i meg næring..
Mat hjelper mot det meste..
Kraup innunder dyna..
Sovna etter litt..
Her var antagelig plassen

Litt av eit syn..


No trur eg snøstormen er vorten til regn.
Godt eg skal haike med ei superdame på jobb.
Eg er pyse..
Kom litt fort denne snøen.
Men vi er jo i midten av november..

For min del kunne vi hoppa over både snø og kulde..
Men skal vel tenkje på min neste..
Av og til kunne eg tenkt meg å vere reinspikka egoist..
Løye med det..
Men passer seg ikkje.
Har verken baka eller vaska og veit ikkje om eg skal heller.
Mykje godt på butikken.
Er berre å dra over golva,finne fram julestyret og vips er det jul.

Må no handle litt gaver..
Er lat fortida..Men har no litt tid endå..

Fredag den 13…

Har krølla meg godt opp i sofakroken.
Ute uler vinden og regnet har komme på besøk.
Vore steike god kletørke nokre dager..
For oss med plass ute til kletørke.
Har ikkje tørketrommel..
Men kleda er vaska og gamla har dusja og vaska av meg litt maling..
Fri og sånn passe iform.
Så eg tek verden med ro..
Tenkte eg fekk jobbe med dei veggene eg har fri ..
Så pussa og grunna.
Søla noko grådig når eg maler med rulle.
Lurer på om eg skal ta meg fem minutt i drømmeland.

Hadde ulykkesdagen min igår så får greie seg med det..måtte jo selvfølgelig stikke fram handa i det eine sonen skulle ta ei tung plate ut gjennom glaset..
Kjende det godt kan ein sei.
Men isa ned både vel og lenge,så gjekk no bra..
Litt blå og kjenner det.
Min eigen feil..

Idag er eg berre slapp og trøtt..
Godt med frihelg.

God fredagskvelg

Tabbekvoten veks for kvar dag..

Idag var eg klar.
Tapeten skulle til pers.
Hadde jo handla tapetvaskar…
Ned i bilen og henta kassen..
Pakka opp…
Der stod eg…
Malersprøyte…Sperra opp augene og skjønna null.
Det er då ein seier ting som ikkje nokon bør høyre..
Sånn er det når ein er uten briller..
Spør betjening i kassa kor eg finn det..
Henter det er trur eg skal ha.
Betaler og går.
Antar den unge mannen såg kva eg hadde kjøpt,men var nok litt bedre salg..

So no står eg her.

Den vil ikkje ned…
Pokkers greie..
Etter eitpar timar uten nemneverdig resultat gjekk eg ein tur for å roe ned gamlemor..
Grunna litt panel i stadenfor..
Så har eg i det minste fått utretta litt…

Kanskje eg skal sprøytemale ..

Akk ja

No har eg endelig fått fjerna desse kvite prikkane rundt augene..
Litt blåveis og tre sting..
Bedøvelsen var ikkje det store.men redd at alternativrt er verre..

Så no er det litt sårt.
Tok prøve av elendigheita,men er nok fett..
Er liksom det som legg seg alle plassa..
Alt for glad i mat og søtsaker..
Er flink ei stund og så skjer det seg..
Hatt pause i prosjektet kjellaroppussing..
Tenkte eg fekk ta meg sammen.
Langfri i helga..
Går ikkje på denne måten.

Var innom coop og såg på skyvedører..til gangen
Ikkje første gang.
50 prosent..så no ryk sparepengane..
Men hadde ikkje måla selvfølgelig.
Dei må eg få hjelp med…
Her må det handlast mens tilbudet fortsatt er der..
Dyrt som fy..
Men har snakka om det i årevis..
Må skjule rotet💛😜
Eller få det ryddigare..valgfritt.
Eg roter noko veldig…
Sliten idag.