Sjelefred

Kjenner at all stress,kav og depresjonar forsvinn ut or kroppen.
Det å vandre inn i solnedgangen i stille ver,og nyte fargespekteret er magisk.
Heilt stille ute.
Høyrde knapt ein lyd.
Utsikten

Ein vert mållaus i slike stunder..
Når ein då på veg heimatt møter månen stor og flott er kvelden perfekt.


Heldig som kan vandre i slike omgivelsar..

Slutt på ferien og imorra er det slutt på latskapen.
Men inntil dess nyt er stillheita..

Når hjernecella har ferie.tek ting tid

Skal ikkje vere enkelt altso..
Er litt golvkaldt hos meg,men no ikveld syns eg det tok av..
Pakka meg inn i teppe og lurte på om temperaturen ute tok heilt av..
Til slutt fann eg ut at eg måtte sjekke om noko sto åpent…
Kan vere ein fordel å lukke utedøra!!!
Men no er det no utlufta og eg er kald oppetter leggene.
Fekk tøfler til jul,så beina er varme😍
Gjeld å finne det positive.

Fått både golv og golvlister på plass i kjellarstova..
Nedturen var at Ikea ikkje hadde bokhyllene eg tenkte dekke veggen med..

Håpet er at dei får inn fleire ,eller eg må finne ei anna løysing…
Kjenner det er irriterande..
Kanskje eg må måle den veggen alikavel..
Har berre grunna,for skulle jo dekke den med bokhylle..Fakerten
Jaja…
Litt ergelig at eg først oppdaga det etter at det var lista..
Men men…vert nok ei råd..
Ting tek tid..

Den vegen høna sparka

Skulle bake meg brød tenkte eg..
Kor vanskelig kan det vere..
Berre to..
Fann fram former,smurde dei..
Vurderte matpapir inni den eine,men tenkte…går no vel bra…
Det gjorde det og til brødet skulle or forma…

Synet bedreg..
For sjå her

Trur eg bør invistere i eitpar nye former..
Er søndag så mulig eg forstyrra søndagsfreden..
Har ei bolledeig og..
No er eg spent på resultatet..

Romjulsro

Juledagane er på hell.
Vore skikkeleg koseleg.
Ikkje så mange i denne koronatida,men kosa oss i den vesle kohorten.

No er det flåklypa,kaffi og hekletøy.
Oslofrøkena er reist att..
Vert rart..
Ute piskar regnet mot ruta..
Skikkeleg ruskever og innever.

Godt fornøgd med lampa eg fekk til jul..
Fornøgd med alle julegavene
Den som varma mest var sjølvlaga..

Rørde eit bestemorhjarte

Lenge sida eg har hatt juleferie..
Skikkeleg hærleg.
Vert lat av heile greia,men godt gjer det..

Spesiell jul der ein helst bør halde seg for seg sjølv.

Familieselskap og julefester er ikkje det ein bør styre med.
Vore eit rart år..
Kor lang tid det tar før vaksinering har effekt veit ingen.
Veit ikkje nok om bivirkningane heller..
Men,tida vil vise og vi starter jo imorra..
Kan no håpe ting bedrar seg..
Har fortsatt fri eitpar dagar til før pliktene kaller..

Men må sjå om Ludvik og Solan vert verande på månen..
God kveld

Julemorgen

Dårleg med søvn på ho gamlemor inatt.
Så har krølla meg opp i sofaen med kaffikoppen og

Ser på tv.nyt roa og julestemninga.
Uvant med lang julefri.
Men jammen er det godt.

Blir i julestemning med Sissel Kyrkjebø på Nrk.
Litt godt å stå tidleg opp slike dager.
Berre ta inn jula
Mange som tilbring jula åleine og av ulike grunnar.
Ekstra trasig for dei som må vere i karantene i jula.
Vi kan no håpe vaksina hjelp mot koronaen og håpe på bedre tider.
Men er redd dette tek tid.
Vi må kanskje lære oss å leve litt annarleis enn før.
Viktig å ta vare på kvarandre
Carpe diem.

Ha ein fin julekveld
Her er det snekker andersen .mens dagen gryr

God jul❤❤


Juleroa har senka seg.
Endelig fått svar på koronatesten..tok si tid når prøve 1 ikkje var brukande..
Negativ heldigvis.
I desse tider kan ein aldri vite..
Hatt barnebarna på besøk..
Julenissen hadde vore raus med julesokkar iår.
Alle fekk..rett og slett berre supert..
Eg fekk minst i min..
Må skjerpe meg til neste år..

Har tatt ut 60års veka mi..
Var igrunnen greit sidan desse testgreiene drog ut ..
Vert om det går endå meir asosial..
Og eg et for fem..
Mat må ein ha..

Er kos å nyte julefreden.
Sjå tv og senke skuldrane

Trur eg må gå å ta julebadet..
Er jo veslejulafra..

Kos dåke så godt de kan.
Livet er skjørt

God jul😊

Oslofrøkena disker opp

Kos med julebesøk av jenta mi.
Vert ikkje så ofte ein ser kvarandre med lange avstander og koronatider…


Måtte berre sjå på når retten vart lagt på fatet..

Fisk i form..

Berre lekkert.
I tillegg var det rotmos og brokkoli..
Nett som på restaurant..
Mora er ikkje noko racar på kjøkkenet..
Så ikkje meg ho har det frå.
Sundt og godt.

Kos med familiehygge.
Må nyte når vi kan.

Ha ein fin torsdag..huks nyt og ikkje stress..

Søndagskos

Har krølla meg godt opp i sofaen.
Vore hos mamma på nydelig raspeballar.
Åt liksogodt for mange daga..
No nyt eg synet av oslofrøkena som pynter juletreet.
Litt tidleg kanskje,men koslig.

Trivelig

Til og med smånissane deltek

Rampenisse..
Ikkje god i ryggen så her tek ein verda med ro..
Tyskland stenger ned no i førjulstids..
Rekner med det vert eit renn i butikkane dei to neste dagane..
Vi sukker over tiltak men trur vi skal vere glad vi har dei..
Her prøver vi å halde avstand sjølv om vi er ilag..
No er det ikkje så mange eg omgås..
Er ikkje det i normale tider heller..

Vi har hatt nokre nydelige dagar,men no er vi tilbake til normalen..
Utruleg kor godt sol og godver gjer for sjela..
Humøret stig fleire hakk..

Kjellaren ser ut som eit katastrofeområdet..
Nett som eigaren.
Det første vert det nok orden på med tid og stunder…
Har inngang oppe så slepp no å sjå det…

Snart jul så må nyte advendstida..
Viktig å senke skuldrane..

God søndagskveld

Det går på fram

i går var eletrikaren her..
Og igårkveld kom eldstemann med golvet..

Ting tek litt tid,men iår har eg nok maxa julegava til meg sjølv.
Men,må til..
Må no betale det sjølv,så andre ting må nedprioriterast.
Men sånn er livet.
Vi har ikkje råd til alt.
Vert kjekt når det er ferdig..

Sit no her og snufser.
Nydelig morning

Vind men vakkert..
Må prøve bake nye kromkaker idag
Ikkje har eg vunne på flaxkallenderen heller..
Søren til greier..
Burde kjøpt sjokoladekallender..
Trur eg må litt ned på deig og kjeksetinga og komme meg litt meir i fysisk aktivitet..
Dorsk og tung og snørret renn.
Skikkeleg lekker🙄

Pynte litt til jul i helga hadde eg tenkt.
Får i det minste tørka litt støv.

Ha ein super fredag❤

Ole lukkøye har visst tatt juleferie

Ein smule tidleg tenkte eg,men no i desse koronatider så var han visst redd for karantenetid og manglande juleferie..
Så her sit eg.
To timars søvn får rekke.
Tett i pappen er eg og..på mange vis..men vorten forkjøla.
Alt skjer no før jul.
Garderobedørene er dukka opp omsider og lagra på eit soveron.
I kjellaren er det fullt..

Var ekstremt kor mykje eg hadde i den kjellarstova..
No vert det varme i golvet..
Godt ting skjer,men vart liksom mykje før jul..

No lurer eg på korleis ein får tynne kromkaker..
Mine vert tjukkare for kvart år..
Frustrerande..
Smaken er god men ellers er det lite pent å sei om det…

Må prøve å rydde litt idag .
Få litt julestemning..
Adventstemninga kom med oslofrøkena..
Kjøpt meg ny adventstjerne..
Godt fornøgd.

Vorten skikkeleg tett i nasa og dundrer i hovudet..
Her er juleforma på plass😎
Ferie heldigvis..
Gjer godt..sjølv om eg er slakk..
Må lage meir riflekjeks idag..
Var litt liten posjon sist.
Må dele litt på det vi et..

Drikke litt meir kaffi oc ta meg ein strekk på sofaen..
Litt huskaldt på morningen..

Ha ein super dag.

Må nok male rundt vindua og…
Men vert ikkje no…eg har ferie