Starter på nytt eg.

Jaja..
Strikka nesten ferdig vesten før eg berre tok å rekte opp heile greia.
Syns det var litt for mange parti med ujevn tråd,og trur den var litt vid..
Så no har eg kasta ein del av tråden og satser på str M med ein pinnestørrelse opp..
Er vorten temmeleg dryg,men alt for glad i mat..
Glad det går mot vår og lysare tider..
Bør nok starte å gå tur i skog og mark og ikkje kun etter vegen..
Trur eg..
Ser koselig ut når andre gjer det..
Vert ikkje idag..
Strikker meg oppover på vesten og nyt god sport på tv.
Vår i lufta


Bytta til heklegardiner og er klar for mars månad..Kom til å tenke på bilda frå Mars..utruleg at vi kan oppleve det.
Ingen tegn til liv..

Men fasinerande.
Gamla er på veg tilbake til normalen.
Skal verte godt å komme på jobb att.
God søndag❤
Her er det sofakos med fyr i ovnen

Vest frå Drops

Tegn på bedring når eg får lyst å strikke.
Hadde litt Drops Air og fann gratisoppskrift på vest.
Tek den fargen ein har.
Litt usikker på størrelsen ,men ser no det.

Akkuratt passe enkelt og passer til å strikke til Mesterens mester.

Kjenner at eg er begynnt å verte bedre.
Kun tungpusten og vondt i knea..
Dei vert eg nok slitande med ei stund.
Sånn er det å ha nasen i sky.


Treng ein heklepause..

God helg

Bivirningar av koronavaksina

Angrer ikkje på at eg vaksinerte meg,men etter den andre sprøyta flata eg ut.
Lenge sida eg har vore så trøtt og sove så mykje.
Har følt meg iskald innvendig i over ei veke..
Mulig eg er eit kaldt menneske,men sååå kald..
Indre frost er slitsomt.
Tungpusten og slapp..
Håper det verste er over no.
Tok si tid..
Men angrer ikkje..

For å gjere det heile perfekt så la eg meg flat utfor kjellardøra..
Så no sit eg her med blå og oppskrubba kner..
Litt problem å bøye knea og såra stoltheit..
Landa på knea med eit brak og deretter så lang eg var..
Sikkert vore bra på film.
Sånn er det når ein berre skal ut med bosset og ikkje ser seg for..

Trøtt som ein spa

Søvn er til tider mangelvare.
Har jo vore vindstille lenge.
Når no vinden prøver rive ned huset nattestid,ja då er jo eg våken må vite.
Pissever ute.
Var så smart å ta papirboss og plast ned til hovudvegen igår…
Så no har eg kava meg ned og fått dei på plass att.
Håper otto står iro til bossbilen kjem.

Var surt.
Sterk vind og våt snø…
No sakner eg kulde og sol.
Alt kan bli ein vane.


Lurer på kor mykje snøen har knekt

Verskifte og mildare..
Har vorte litt godt vant i det siste.
Tilbake til det normale vinterveret.
Svarttrosa har hatt samling hos meg..
6 stk som krangler om maten med småfuglane.
Går med litt fuglemat når det er kaldt og snø..
So no sit eg her..
Trøtt,morgongretten og stiv og støl.
Prøver finne litt positivt fokus på dagen
Kjem nok…men idag tek det berre litt

Ha ein fin mandag❤

Kanskje eg burde ha kattefilter

Ikkje alltid so kjekt å sjå heksa på sjermeb.
Men fantastisk oppfinning å ha i desse coronatider både til møte og privat.
Fordel med kamera.
Hatt meg ein koseleg prat med oslofrøkena.
Selskap sjølv om ein sit aleine og gjer godt for begge.
Else på tv,
Litt humor gjer seg.


Hatt morsdag idag eg.
Besøk av eldste barn og barnebarn.
Fastelavensboller
Må ta det mens eg har besøk så eg ikkje trykkjer i meg alle aleine..
Ikkje går eg på ski og ikkje på fjellet..
Men går etter flate vegen.
Veit eg burde vore litt sprekare,men gidd ikkje

Men,flott etter vegen og.
Gjeld å finne glede i dei små tinga i livet
Slepp stresset om å føle at ein ikkje strekk til.
Har vore nydelig vinterver no..eller til no.
Antar det var snøskyer som trua i horisonten..
No er eg ikkje så glad i smø eg..
Angrer på at eg ville ha mildare ver..
Heller sol og minus 14..
Men går no mot vår eingang
Berre å håpe at vekene fyk avgarde..

Det er endelig helg❤❤❤

Visst både fastelavn.morsdag og valentinsdag.
Det siste har eg ikkje noko forhold til.
Meir sånn madam Mim.Til skrekk og advarsel.
Men tatt snarvegen og kjøpt kake til ho mor på butikken.
Fastelavensbollar vert det og..
Mat er viktig må vite..
Eser litt ut dag for dag..
Var godt med sofa og fyr i ovnen

Nydelig ute,men no kan det godt verte plussgrader..
Kan godt vente med regn til onsdag..
Ikkje så glad i speilblanke glatte vegar..
Skal ein reise til Mexico på Paradise Hotell no..?
Ikkje om du spør meg..
Litt unødvendig ..
Mykje rart ein finn på når andre ikkje reiser..
Jaja..
Eg er nok gammal..
Skjønner ein vert lei..
Vi andre får halde oss iro.

Litt trøtt etter nattevakter..
Kunsten å kunne kose seg i eige selskap..
Lurer litt på om det er vatn att i bekken min.?
Her er ikkje kommunal vannforsyning.
Har sine for og bakdeler..
Straumrekninga når uvante høgder,men kan no ikkje fryse heller..
Syns varmepumpa er asmatisk og har alvorleg hjartesvikt.
Høyres slik ut.
Så godt med fyr i ovnen.
Syns kulden trengjer seg inn overalt..
Mulig den og frys..
Syns eg såg Hufsa..

Ha ein fin fredagskveld

Straffa for overmot

Var tøff igår.
Måka snø og sto i..
Uten problem.
Idag er det beinkaldt ute.
Trengjer liksom inn.varmepumpa jobber det beste ho vinn.
Fyrt i ovnen.
Kroppen er sær no på morgonen.
Ryggen kjennes ut som den er av.
Musklane er stive og nasa renn.
Godt eg har fri.

Men vakkert er det sjølv om kroppen min nok helst bør ha det ganske mykje heitare for å trivast..
Godt vi er ulike..

Lenge sidan vi har hatt så kald vinter.
Heldigvis kommen til februar.
Lysare for kvar dag.
Gleder meg til våren.
Litt for kaldt for meg,men kjekt for dei som likar vinter..
Så eg held nok ut.
Idag er det sofadag.
Stakk nasa utom døra ,men den kom fort innatt..
Brrrrrr.
Det muterte viruset herjer rundt.
Vi menneske er sårbare
Vert livet vårt nokongang som før?
Trur kanskje ikkje det