Sterk vind og tankespinn

Skikkeleg ufyselig ute.
Sterk vind og regn.
Merker det godt på huset..
Har fri i palmehelga og litt til.
Meldt innever,men kan lese krim og ete appelsiner i sofakroken.

Mord og mysterier..

Funne fram påskepynt og påskesnop..
No bruker no påskeharen komme i påska,men med max to påskegjester tviler eg på han kjem hit..
Må isåfall verte litt bedre ver..
Var digetal konferanse igår.
Vold,overgrep og forsømmelse i sjukeheimar..
Skjer kvar dag..
Det å ikkje få pusse tenner er ein forsømmelse..
Å tvinge nokon til det er ikkje lov…
Får tankane i sving..
Kjenner eg har godt av litt påminning..
Altid godt å tenkje over korleis ein er mot andre..
No er det fri litt..

God fredagskveld❤❤

Manglande energi.eller giddalaus?

Igrunnen kjem det ut på ett.
Må ta meg kraftig ihop for å gidde gjere noko i det heile.
No venter eg på feiaren.
Kjem mellom 13 og 17 så då er jo det fullt arbeid😁
Gidd ikkje eingang lufte hjernecella.


Havforskningsfartøy.
G.M Dannevig..
Ikkje så ofte dei er innom i Skifjorden..er no ein liten fjord..
Men kjekt å sjå litt båter innimellom.

Innever ..
Har rett og slett ikkje lyst til nokon verdens ting..
Skremmande..
Matlyst har eg.


Trur eg må få litt hjelp til denne maskehopgreia på skuldrane..vart lite pent …
Trur eg må finne fram ein eller anna ufo så lenge..
Gidd ikkje det heller..
Sport på tv❤
Kanskje eg er litt mindre lat i morra…
Er eit håp..
Tek meg ein kosemegdag eg

Vårfornemmelse

Koselig dag på jobb.Verdens beste arbeidsplass..
Sjølvsagt er det tungt av og til,men kjekke kollegaer og bebuarar gjer susen..
Iallefall dei gode dagane.
Er litt korleis eg sjølv har det og tar det.

Gått tur ..litt kaldt men det er vår.
Hadde kake og kaffipause i enden av fjorden.Bursdag er kjekt:-)
ser ut som ei burugla.

Naturen er vakker.

Det er vår..

Heldige trass alt

Akkuratt no så lever vi ganske så normalt her i koronatida.
Ser knapt eit munnbind og vi gløymer nesten kor innskrenka livet til folk er som lever i smittepresset.

Vore på sjukehuset idag.Der er det munnbindplikt.
Kjempeflotte sjukepleiarar som jobber på augepoliklinikken.
Føler no nesten eg kjenner dei etter å ha trakka der i årevis.
Hatten av for hyggelige damer


Nydelig solnedgang igår.
I dag er det litt grå kveld..
Vore hos naboen og fått pannekaker.

Naturen rundt er vakker.
kjekt når noko blomstrer hos meg og.
Anstrengt auge litt mykje kjenner eg..
Snart leggetid for gamle damer.
Tidleg opp i morra og.
litt kjekt med selskap på tur.
Godt med litt frisk luft innimellom.
Skremmande med bivirningar av vaksiner..
Håper dei finn ut årsaka.
Sjølv er eg vaksinert men med ein anna type.
Trass alt viktig i arbeide med å bekjempe viruset.

Håper vi slepp fleire store utbrudd i kommunen,men sikker kan ein aldri vere..

God natt

Morgenstund har gull i munn

Lurer på kven som kom på det uttrykket
Var iallefall ikkje eit B menneske🙄
Har krølla meg opp i sofakroken med kaffikoppen og vurderer å verte her resten av dagen.


Vinden går jo gjennom marg og bein

Kanskje eg bør bruke fridagen inne.
Få vekk nokre hybelkaniner..
Har eg lyst?
Nei..langt ifrå..
Vorten utruleg giddalaus..
Trur eg treng ta meg sjølv eit mentalt tadegsammen kurs..
Små steg i gangen..
Lengter etter sol og varme…

Men,blir i sofakroken litt til.
Litt sakte tilnærming til dagen..

Slepp i det minste snøkaos
Ser det er det østafor.
Skremmande kor lett hackere kjem seg inn på epostane i stortinget.
Dataverden er ikkje berre eit pluss.

Skummel verden

Ha ein super dag
Min starter forsiktig

Huttetu

Skikkeleg ruskever .
No tek ikkje denne vinden så mykje rett på huset ,men er temmeleg luftig.

Fått fyr i ovnen og krølla meg opp i sofaen.
Sliten.no

Godt ein slepp å bu på gata.
Mars er lunefull og snøen og kulden nekter sleppe våren til.

Glad Norge trekker anken etter 5mila.
Ikkje alle kampar ein treng kjempe.

Håper på varmare tider.
Imens får eg kose meg i sofakrokenblir nok fleire flotte soloppganger

Gratulerer med kvinnedagen :-)

Hipp hurra for oss kvinner og det vi har fått til når det gjeld likestilling.
Om vi er komne imål…?
Nei eg trur nok ikkje det.Det er vel veldig stor forskjel på kva land vi er frå og og innad i kulturer.
Men det går heldigvis på fram.
Er ikkje så mange år sida vi ikkje eingang hadde stemmerett.

Klart menn og kvinner er ulike,men rettigheitene og det vi kan oppnå i livet må vere like.
Respekten for oss må vere den samme uansett kjønn,og lik lønn for likt arbeid.

Det gjeld uansett kva land ein kjem ifrå:-)

Ha ein fin 8 mars.

Vi har komme litt lenger enn før:-)Men damene hadde kanskje like stor makt i den tid iallefall innad i familien:-)

Det er heilt ok å berre slappe av

Ikkje alle dager er like.
Vi har heller ikkje like mykje energi.
Ikkje alle plager viser utanpå.
Viktig er at vi tek hensyn til kroppen vår og godtar den med sine feil og manglar.
Spelar på lag med den..

Sjølv starta eg dagen med knapt nok klare å bevege meg.
Sånn pinn stiv.
Var berre å tusle på kjøkkenet,lage meg kaffi.hive innpå smertestillande.krølle meg opp i sofaen og sakte men sikkert vakne til liv.
Gjekk seg til.
Nokre morningar er verre enn andre..
Litt veravhengig eller stressbetont.
Ikkje noko farleg men litt plagsomt og irriterande.
Langt frå synd i meg.
Mange som har det slik.
Har lært meg at ingen dager er like og sofadager er av og til heilt ok😉
Viktig å ikkje stille for store krav til seg sjølv.Ein er som ein er:-)
Nokon har mykje energi.Andre lite og nokon er i tillegg litt late.
Sånn som eg fortida.
Går opp og ned.
Muskelplager er ubehagelige men ufarlege:-)

Går på fram.
Flink er eg ikkje,men hjelper på andre ting.
Går fort lei,så må ha diverse ting å bale med..
Håper på litt varmare dagar.

Har det slett ikkje verst

Sofasport og i innetid


Ikkje så mykje som blomstrer hos meg,men kaktusane er i storform fortida..
Ikkje eg…
Hadde nett tenkt å verte litt meir aktiv då snøen og sluddet tok seg ein tur.
Rakk nett stripa mi før det skar i…
Ikkje så ofte eg har gidda tatt den heller i det siste..
Må nok skjerpe meg..
Men sport på tv må vite…

Må til naboen og lære maske ihop…
Men ikkje idag…
Lurer på om det fins piller som får opp energien..
Eg er lat rett og slett
Ha ein fin fredagskveld❤