Beiser det meste..med det eg fann


Å sei det er pent er å overdrive..Er kvitt overalt,inklusiv gamlemor.Men beisa er det.
Her er gode råd dyre og ein tek det ein har.
Potetene skal jo i jorda..
Hatt meg ein utedag avbrutt av eit møte og butikktur..
Ja og sånn litt anna..
Men nydelig vårdag.
Må nyte godveret mens det er her..
Toppa dagen med røykt blåkveite til middag.
Luksusmat..
Litt for dyrt igrunnen,men mat må ein ha..og er ikkje ofte.
Skremmande tilstander i India..
I Israel skjer katastrofer av andre årsaker.
Skjønner ikkje at så mange mennesker samlar seg i desse dager..Men kanskje det er greit at eg ikkje skjønner alt.
Utvalget er litt forskjellig men burde kanskje heller hekle ferdig kappenMangler fortsatt nokre cm..Må skjerpe meg..
Rotter i oslogatene ser eg.Ekle dyr..
Grøsser ved synet..
Her er hoggormen dukka opp..Klarer meg uten begge deler..
Håper på bra ver i morra og.Muligens kan eg gå ein pitteliten fjelltur:-)
God fredagskveld

virus sier blogg

No veit eg ikkje kvifor eg vistnok plutseleg vert avvist på blogg eg.
Eit innlegg går brå,men neste ikkje
Kan jo vere dei er lei heile maset mitt.Det er dei nok ikkje aleine om.
Søvn er litt mangelvare fortida,så vorten reine a mennesket.
Våken 06, men humøret er dessverre ikkje så volsomt på topp om morningen.

Så her går det i kaffi,inntulla under eit pledd.
Sjekker nyheiter på nett og vandrer rundt i dataverden.
God morgen Norge på tv.
Planen er å få litt jord i kassen min,slik at eg kanskje får gjordt klar til potetene..
Er planen.Her hos meg endrer dei seg ofte. Hente mold i det lille blåbæret av ein Yarris er ikkje berre berre..men alt går..

No er stakkars bilen ganske så forfrosen der han står.
Tiner nok opp i sola den som eg gjer.
Bruke siste dagen av april til å gå meg ein tur kanskje..
Den småhissige ormen er traff på turen min etter vegen igår, minner meg om farene som lusker i buskene..

Huks skattemeldinga seier dei..Eg har fått mi igjenn eg.!00 kroner på konto er bedre enn ingenting.iallfall så er det spot on:-)
Så lenge eg unngår restskatt er eg fornøgd.
Betaler min del.
Neste veke vert det kaldare og snø….trur det vert kaos med sommardekk…Håper eg ikkje må bytte om att…Krisestemning.Då kan hende eg like godt bør vente med potetene..Heller bruke tida på andre ting.

Ha ein fin dag

Null i energi

Rett og slett sliten
Helt om dagen og helt om natta er det ingen som er.
Eg er igrunnen ingenav delane,men når søvnen uteblir,så kverner tankane ustoppeleg.

Har mange tankar om mykje for tida,og når hjernen jobber på full styrke om natta,så går den desto tregare om dagen.
Vore på dagvakt
Glad i jobben min,sjølv om den kan kreve problemløysing og kreativ tenking.Eller kanskje akkuratt derfor.
Av og til har eg lyst til å slå av rett og slett

Men det går fort over.Må berre få lette på topploket av og til.Få ut litt av det som svirre rundt og lager kaos.Ikkje alt som egner seg på trykk.
Laga meg litt for sein middag idag og åt selvfølgeleg for meg og andre.
Så no verker eg i magen og er småkvalm.Angrer på heile middagslaginga.
På jakt etter middag i fryseboksen,fann eg ein uåpna isboks :-)Den er ikkje det lenger for å sei det slik
Har fått i meg nok kalorier for resten av veka
Nydeleg ver ute i kveld,men her er det sofatid.Syns det er heilt greit
I morra får eg sjå om eg får kjøpt meg litt mold,så potetene kjem i jorda med det første:-)

Ha ein super kveld

Null i energi

Rett og slett sliten
Helt om dagen og helt om natta er det ingen som er.
Igrunnen er eg det ingen av delane,men om natta er søvnen omtrent borte vekk
Tankane kverner som dei skulle hatt betaling.
Har mange tanker om mykje for tida,og når hjernen jobber om natta,så går den litt tregare om dagen
Vore på dagvakt.
Glad i jobben min,sjølv om den og kan kreve problemløysing og kreativ tenking.
Av og til har eg mest lyst å berre slå av…Rett og slett.
Men det går fort over.Må berre lette litt på trykket av og til
Få ut litt av alt som sviv rundt.
og slett ikkje alt som egner seg på trykk:-)

Laga meg litt for sein middag og åt for både meg og andre
Så no verker eg i magen,nærmast kvalm,og angrer på heile middagslaginga.
I jakta på middag i frysaren fann eg sånn plutseleg ein uåpna boks med is.
Det er den altså ikkje lenger…
Trur eg har fått i meg nok kalorier for resten av veka

Nydelig ute,men her er det sofaen.Sovner eg så er det heilt greit ,tenkjer eg
Er berre meg og tven:-)
Trivst i mitt eige selskap,og har sine fordeler å vere aleine
Håper på litt varmare temperatur.Varmt om dagen i sola,men kaldt når den er vekke.

I morra må eg prøve å få fatt i meir mold,og så muligens få desse potetene i jorda…

I håp om at eg får meir igjenn enn det eg set ned..
Har ikkje den store lidenskapen for hagen.Men eg elsker blomster…Jaja..Er som eg er..

Trur eg må ha meg ein tur opp til denne imorra..I kveld gjekk eg etter vegen…Traff hoggorm..litt småhissig ungdomsorm….Og eg hadde ikkje gjordt den noko.Gjekk berre forbi…Ekle kryp….

Ha ein flott torsdagskveld

Bloggverden og verden utafor

Tidleg vaken og nyt kaffikoppen mens eg vakner.Ute er det flott vårsol.
Her inne hos meg er det blogglesing og innom diverse blogger.
Les forskjellige eg.Er imponert over skriveferdigheitene,og alle dei flotte bilda.
Mange er selvfølgeleg proppfulle av reklame.Lever jo av blogg,mens andre mest handler om dei andre som blogger.
Min handler om ingenting,somregel
Ikkje er eg flink og skrive,og skjønner igrunnen heller ikkje konseptet.Men skriv gjer eg uansett eg.
Sikkert mange som syns eg er heilt ute å køyre.
Men er det så farleg igrunnen?Det kjekke med livet og samfunnet her og ute i den vanlege verden,er jo at vi er ulike
Mangfoldet.Ingen er sterkare enn det svakaste ledd.
Så tar eg meg ein tur innom nettavisene,og høyrer på nyheiter.

No er det tid for lønnsoppgjer.Måtehold er visst tingen.Tjener ikkje all verden eg,men klarer meg.Andre bruker summen eg tjener i året berre på ein aldri så liten ferietur:-)

Men aldri vore misunneleg på andre sin økonomi.Men veit kva det vil sei og ha forlite.Alle burde hatt til mat og tak over hovudet.Ingen burde gå svolen til sengs.
Er heldig som bur her eg bur,der husleigene er til å leve med.
Fattigdom fins det overalt.

Koronalivet tek på mange.Oslo har vore nedstengt i månadsvis.Imponert over dei.Munnbindbruken er der noko som er ein normal ting,og no ser det ut til at dei endeleg får åpne opp litt.
Trur faktisk at vi som lever nesten som før,ikkje heilt forstår kor innskrenka dei har hatt det

Jada.Er selvfølgeleg annarleis her og.Og heimekontor og studie slit.
Inga normal studietid gjer livet vanskeleg.
Klart dei psykiske problema vert store.
Vi kan ikkje besøkje kvarandre som før.
eg et…og et…
Nokre vert hagemenneske og opptatt av naturen.Andre vert sittande inne og ete og sture.
Dei som ikkje klarer å bevege seg rundt vert sittande mykje for seg sjølv.Kva gjer ein når ein bur ein plass der ein ikkje kjenner ei sjel?.Ingen plasser der ein kan verte kjend.Nettet er der ein treffer andre,,om ikkje fysisk

Håper snart at ting vert meir normale.
At det vert sånn som før,det trur eg ikkje faktisk.Men vi kan jo håpe..
Men ser at tala flater ut og ikkje går ned.
I India er det heilt skrekkelig…
Nesten så ein ikkje klarer å forhalde seg til det.

Snart klar for ein ny dag her i vest.
Møte og så seinvakt..Men først skal eg vakne.Ta meg ein tur ut i frisk luft..
Men ikkje endå.

Når skal ein sette poteter

Kjøpte meg litt settepoteter.
Beste..var dyrt.
Når eg ser i kassen så er dei prikk lik dei eg kjøper i poser på butikken..
Er det forskjel?
Sikkert berre prisen.
Men fortsatt kaldt ute.
Må kjøpe meir mold i kassen min.
Sikkert litt kukompost og.
Er ikkje noko hagemenneske,men glad i poteter og gulrøtter..
Litt kos med eigne poteter om høsten.
Kjem nok i jorda eingang..
Burde rydda litt i hagen,men har ikkje lyst rett og slett..
Kanskje i morra..
Tvilsomt…
Men når eg no er dritlei turer i skog og mark,så muligens..
Seinvakt heldigvis.
Tidleg opp og lite søvn gjev sliten bestemor..
Trur eg held på å bli varulv..månen held meg lys våken.
Liker ikkje kvitløk heller..


Debatten og sofakroken er tingen

Tusseladden skal heretter få vere i fred for meg


Jaja…ein gang må vere den første..
Ut på tur med mål Håbågen..
Rart med det…må finne ut korleis den turen er..

Starten er lik..
Skogstur kan vere fint.

Delmål Brurabenken.
Merker at telen er på veg vekk,for sjølv etter mange flotte dager er stien våtare..

Her tok eg eit anna vegvalg enn sist eg var her..

Skogsveg heilt til mål.

Og eg gjekk og eg gjekk…

Må absolutt vere her tusseladden høyre til..

Her tek han morgenbadet..

Hufsa på tur..
Kilometervis i skogen vert formykje sjølv for meg..

Endeleg nede..og helt ærlig…var sikkert ikkje her dei kom ned i gamle dager..
Og ein anna ting..lenger herifrå og i skifjorden enn det var frå den andre sida..
Fleire hundre meter liksom..

Må innrømme…turen til Brends skal eg ta fleire ganger sjølv om eg sleit med vegen på slutten..
Denne her…tja..
Flott å gå men akk så kjedelig…
Hadde tenkt å gå same vegen heim,men glad eg hadde ein snill son som henta meg ..

Lurer på kven dei jakter på herifrå..
Fiender på fjorden?
Eller kanskje gamle damer på tur..
Flott i Håvågen.

Trur eg må halde meg til åpne landskap ei stund..

Hekling som hobby

Er ikkje den store heklaren,men litt kapper og gardiner og ein løpar i ny og ne.

Tråden har vorte tjukkare med åra.

Sjølvlærd.
Alle var liksom flinke å strikke så noko måtte eg finne på.


Men alt skjer i perioder med meg..
Går lei både vel og lenge..
Plutseleg kjem heklelysta eller for den del..leselysta att..
I perioder gidd eg ingenting..

Nyt dei lyse flotte kveldane no..
Fantastisk..
Morningane likedann.
Is på bilruta idagtidleg..så kan godt bli litt varmare..

Snart mai…

Oppover er overdreve:-)

No er eg altså veldig glad i å gå i skog og mark…Bortover…
Er berre det at når ein då skal gå oppover at det skjer eit eller anna.
Beina vil liksom ikkje.Kor er den kondisen ein trur ein har?Totalt borte vekk…Bortoverkondis:-)

Kvifor er det mykje tyngre å gå etter skogen vart vekke,enn før?.Føles så mykje lenger opp.
Er vel noko med at den ein ikkje ser har ein ikkje vondt av…
Men det hadde eg.Fader for eit slit…uff
Og er ikkje så langt..
Plutseleg to flotte trappetrinn.Gjeld å finn dei små lyspunkta:-)

Er ei stund sidan gamla har vore her,ser eg.Kommen ny gard og grind:-)Var igrunnen nødvndig,men alikavel:-)flott jobb og held nok sauene innafor

Endeleg målet i sikte.Kald nordavind idag og ikkje sånn kosetur.

Alden..Den Norske hest:-)

Vidsyn.Dagsturhytta i Fjaler.Var open og idag,men treng litt omsorg

Koselege turvandrarar traff eg og på.
Liker helst bortover eg,så tok den lengste vegen nedatt frå toppen.
Litt for vått ,men flott:-)

rekreasjon for kropp og sjel

Men altså…Kjempeflott i sofaen med ein kopp kaffi,litt sjokolade og ei god bok og.
Ser Camp Culinares på tv og nyt livet.
Slutt på tur i skog og mark på blå resept.
Tilbake til den normale kvardagen.
Reknar med at då kjem varmen og..Håper på det,så musklane kan slappe av litt:-)
Ha ein fin søndagskveld

Stolpejakt og folkehelse

Stolpejakt er vorten veldig populert i bygd og by.
Absolutt noko vi burde tenkt på i kommunen vår.
Kvar bygd si løype..
Kva det er..


Her i bygda har vi mange flotte turløyper..
Nokon merka og andre ikkje..
Hadde vore knas å fått ei slik løype her ..
Kosta sikkert litt,men mulig vi kan få støtte..
Ikkje sånn løype der du må vere fjellklatrar for å gå..
Men litt for å verte kjend i skog og mark..
Kvar bygd si løype..
Ut på tur,aldri sur..
For etter det eg ser på søstrene mine så er det omtrent som pokemonjakt..
Ein berre må…
Hadde vore noko det..
Fått helgeturister på stolpejakt..
Så kunne vi vist dei alt vi har å by på..
Berre i Skifjorden er det jo bryggeri,hagebutikk,gard med dyr å kose med,kanoer i vatna og overnattingsplassar..
Alt vi har..

Var litt av alt eg tenkte på mens eg vandra rundt i skogen
Traff til og med andre vandrarar idag..

Tenkte så sterkt at eg til og med gjekk feil..


Her er alt håp ute


Kaldt på toppen men Vardeheia leverer som alltid..
Men meiner bestemt..
Stolpejakt er tingen.
Og viss grunneigarane er redd for trakk i hjortejakta..
Ja då får ein avslutte stolpejakta før dei starter med si jakt..Så kan dei rusle rund etter stolpar ellers i året så dei har forma inne
Samarbeid er tingen..
God lørdagskveld.