Fiskelukt og tusseladdjakt

Har altså fått vaska skuffer idag..
Aldri så gale at det ikkje er godt for noko..
For der var det nemlig fiskekraft..
Og sidan eg ikkje har planer om å koke fiskesuppe der..så var det berre å vaske…

Men så var det den der tusseladden..Kor er han?
Så ut på tur..


Flott busskur
Grendalaget har lagt ut kanoer..Alle kan låne
Eg torer ikkje..Men for dei som vil,eit flott tilbud..

Ser ikkje anna enn skog.

Trur eg snur her med kommunegrensa..

Den var flott..
Litt på umerka stier,men litt tøff er eg jo..

Her trur eg russeladden nok har vore..

Er denne trygg då skal tru…Eg er skeptisk.

Gjekk her eg..
Bassenget til tusseladden,sikkert.
Men ser ingen
Noas ark..
Gjeld å vere klar.


Litt godt å komme ut or skogen..


Vakkert og flott arbeid..


Rekreasjon for kropp og sjel..Nydelig tur
No er det sofa og avslapping..
God fredagskveld

No er eg lei

Rygg meg herogder..
Rare greier..
Starta opp med ilt i korsryggen og no er eg søren ta meg stiv som ein pinne.
Lediggang er rota til alt vondt,seiest det..
Har tilbøyeligheit til å vere einig..
Men ser det har hagla,så gamla skulder på kulden.
Sjølv om det er skya så skin sola.

Lukter fortsatt fisk over heile huset etter at fisken nok fekk vel sterk temperatur igår,og eg slappa av…
Det vart det slutt på..
Hadde hatt mykje vatn i panna…
Salta brosme lukter..
Og eg har vaska ..å vaska..
Jaja..Går på tabbekvoten..
Trur eg får ta meg ein tur å leite etter tusseladden for å mjuke opp både kroppen og sjela…

Ha ein super dag

På jakt etter tusseladden😁


Ikkje nokon tusseladd i sikte

Kjekt å utforske nærområdet

Fann ei heks.

Om ikkje her er tusser å sjå så finn eg skogens ro

Utforske nabogarden i vest
den vakraste blomsten


Tek gamlevegen heim.
Der vi gjekk før vegen kom

Ut på tur..aldri sur..
Iallefall senker eg skuldrane

Koselig sti.

Utruleg kor godt det gjer med ein time ute i skog og mark.
Ikkje direkte vårtemperatur i vest,men fint turver..
No kan eg flate ut i sofaen og få med meg dagens nyheiter

Forandring fryder:-)

Litt lei av å vere berre kjeftsmelle,for eg er jo ikkje det.Berre litt sånn av og til
Vel tyt og maser eg ,kjefter gjer eg og,men høyres litt volsomt ut igrunnen
No bør eg kanskje slutte å kjefte og begynne å smile:-)
Mase vil eg nok heile livet,er eg redd,om eg ikkje misser stemma

Vore hos fysio idag.Trivelig igrunnen.
Fekk bekrefta at smertene nok er musklatur i ulage og fekk masasje.Sånn vondt og godt på same tid.
Men gjer nok godt i lengden.
Så her er det berre å fortsette som før.Rusle rundt i skog og mark,og så går eg etter vegen…
Alt etter humøret og tida
Bør nok starte å trene,,,men ikkje idag…
Kaldt og surt,men det er i det minste lyst lenge.
Her får ein gripe fatt i det som er positivt…
Ein vert visst det ein tenkjer..
Så no skal eg verte grei og mindre kjeftete….Vil ikkje slutte å mase,for det greier eg ikkje alikavel.
Det ville vere å lyge…og det er som kjendt slett ikkje pent.

Er så mykje eg sikkert burde forandra på…men…
Eg er den eg er….prøver så godt eg kan….

Litt feil og mangler skal ein jo ha…

Denne er søt

Snart leggetid for meg:-)Sov godt

Kva skjuler seg her?

Spennande å gå på oppdagelseferd i nærmiljøet


Ojsann..kva er der?


Kan eg kikke inn skal tru..
Eg berre gjer det eg…


Veit ikkje om det er greit å snike sånn rundt,men fasinerande med bygg ute i marka..
Til og med kunst i naturen.

Nesten som å gå i eventyrskogen…

Gjeld å nyte øyeblikka.
Ha ein fin dag

Frå Brurabenken til forvirra veggelus


Litt kjekt å ha eit mål for turane mine syns eg.
Litt historie på vegen skader heller ikkje..
Men måla kjem jo ofte til undervegs..
Og for nyskjerrige meg endra det seg med det røde merke som dingla i treet..

Ingen tur for dei som vil ha fantastisk utsikt,men for slike som eg som liker å vandre rundt i skogen og nyte stillheita.
godt merka og eg kosa meg

Livets kval…der var nok her eg tok litt feil valg…

Så langt hadde eg kontroll.
Men vegen vart verre å gå og kor vart det av merka..
her var det fram med gorgle map…lite batteri..
Treng nok bedre telefon..

Kor går eg no.
Alt var oppkjøyrt av tunge maskiner som hadde satt opp stolper .strøm må ein ha..
Sende snap rundt om..Viktig at folk veit kor ein skal leite..
Ring ein venn.
Ringde mellomste..Bratt utfor framfor deg,sa han..
Det såg jo eg og..Du kjem deg ned visst du følgjer dalen.
Det å komme seg ned i dalen var ikkje tema..
Tok til slutt fram den vesle oriteringssansen og litt sunn fornuft.
Tenkte eg måtte jo vere nær.og gjekk på magefølelsen
Og målet låg jo på ein topp og ikkje i ein dal.
Så etter å ha vassa meg gjennom mold og myr tok eg til høgre..Hadde sikkert hjelpara med og..

Plutseleg var eg inne på ein sti…
Skulle eg gå dit og kanskje..
Det er godt at forstanden av og til slår inn.Ryggen var sliten om resten var på sporet.
dei var altså omtrent usynlege
minte meg om Keisarens nye klær.

Endelig litt pause og inntak av næring.
Nydelig dag.
Utsiktspunktet på turen.

Men så til målet..
Brendaåsen.


Vurderte om eg skulle ta same vegen tilbake men feiga ut..
Tok den merka stien til hovudvegen og ringde ein venn.12 km.på asfalt freista ikkje med sliten rygg og fjellsko..
Ikkje ellers heller igrunnen
Turen anbefalast..Rett og slett ko

På oppdagelseferdi i eiga bygd:-)


Når ryggen er rett og slett skikkeleg vond og til og med eg skjønner at tur på asfalt ikkje bør gåast,då gjeld det å bruke dei små grå.

Tur kjende eg var eit must.
Før eg plutseleg kom på.Har jo ein flott skogsveg i bygda,og frå den går jo ein sti til ein plass eg aldri har vore..Stor skam igrunnen.I min alder.Men når gamlemor må utav vegen og på ein sti for å finne fram.,,,ja då må det vere merkt.
Og eg las på facebook…No var det komne nye gule merke.Hipp hurra for dei som er så flinke å merke løyper…

så målet var klart.
Brurabenken:-)
Parkerte med hovudvegen og traska iveg.

Sellevolltjørna
Vakkert rundt vatnet.

God sti


Men når ein skal vekk frå vegen og ut på den smale til dels korerdu sti…gule merke.
Stiar er det på kryss og tvers og så var det stolpar med store røde merke..
Sti tenkte eg..

Vart litt forvirra av alle desse stiane på kryss og tvers.
Er mykje hjort som trasker rundt..


Ha..tenkte eg..
Den gule og den raude løypa ender begge på brurabenken.
Rart med det.
Ein observerer,registrerer,tolker etter eigne erfaringar…og vips,så har ein skapt sin eigen sannheit..
Sånn er det..
Det er då det er lurt å faktasjekke..
Sende melding til sjefen for den gule løypa..Marit..
Var slett ikkje noko i mine antagelser..
Merke mellom eigedommane..
Viktig å faktasjekke…som ellers i livet..og grensa er og til nabokommunen..

Men…såg plutseleg at det var raude merke på stien vidare..og Det var løypemerke..
Så tøff som eg plutseleg vart gjekk eg vidare..
Men den historia tek eg seinare..

Trur ikkje det vert lenge til neste tur til brurabenken..
Rekreasjon for kropp og sjel

Bøkenes verden

Om ikkje anna så får eg god tid å lese bøker:-)
No har eg funne fram Jo Nesbø :Kongeriket
Så langt liker eg den,men denne er på 631 sider,så tek litt tid:-)

Denne derimot anbefaler eg:-)
Så her skal kvelden delast mellom sommerhytta og Kongeriket:-)

Vårvarmen skal visst stikke av,men ser ut som sola iallefall skal bli litt til

Kranglete rygg og småsur kjerring

Må innrømme eg er litt lei og sær.men det positive er..Nydelig ver.

Har fått lese tre krimbøker.
Kvifor eg les psykologisk thriller når eg veit eg syns det er ekkelt veit eg ikkje..
Men godt skreven..

Skal snart rusle meg ein tur..
Og ikkje i skogen..
Skog og mark er nok tingen,men søppvåte stiar med innslag av snø gjer ikkje godt for kroppen min ..
Vakkert er det nok..



Her snudde eg..Hadde nok snø i skoa.
Høge støvlar er tingen.
Akkuratt då skulle eg ønska eg hadde det.Men etter ryggen sin smak i etterkant var nok turen meir enn lang nok..

Går nok meir anspent på slept underlag.

Men bedre skodd nestegang.
Ny krimbok funne fram til ein fin dag i sola.
N
Ha ein strålande dag

Natur på blå resept

Ut å gå,sa legen.
I skog og mark..
Hadde der berre ikkje vore så glatt og snø i krokane..
Men ein skal høyre på legen..

Gjekk der eg visste det var uten snø..
Held med våt og sleip undergrunn.
Men fint er det.

På gamle stier.
Er då eg ynskjer eg hadde budd ein plass der stiane er bedre enn vegane her nesten.

Gir ro i sjela


Våren er her sjølv om vi idag har hatt snø,regn og sol..
Aprilver..
Gjorde nok godt..
Men veldig vått i marka fortida..
Treng å få litt varme..
Men… no skal eg kose meg på sofaen.