Vår i lufta


Ferdig med skyggejegeren.
God og spennande.
Får håpe Sjalusimannen svarer til forventningane..

Ryggen er kranglete fortida så litt kjekt med lesestoff.
Er sånn periodeleser eg..
Og når synet svekkast er det godt med sollys..
Sånn inn i eit hjørne er eg i ly for vinden..
For er litt kald nordavind…

Vår i lufta og takk for det.
Nok vinter for i år.
Kjøpt meg settepoteter..
Og gulrotfrø..
Er klar eg når varmen kjem.
Ingen gartnar og vert nok ikkje dei store avlingane..
Men alle kan ikkje ha grønne fingra.
Går meir i høg kosemegfaktor.
Samler fregner og les krim.
God mandag

Sol i vest

Sol i vest og gamla held fest.
Sånn heilt for meg sjølv.
Gjer ingenting at dagen starta med ein kvit verden,når sola smelter vekk snøen..
Om ikkje alt.
Litt kaldt,men i solkroken var det berre lekkert

Rekreasjon for kropp og sjel.

Har kosa meg og tanka krefter.
Utruleg kva sola gjer for sjelefreden.❤

Kunsten å kose seg


Siste frikvelden denne påskefrien.
Kan ikkje leve av kos åleine.
Jobbehelg.
Vore godt med fridager kjenner eg.
Idag var det tid for påskeegg..
Påskeharen hadde vore her og..
Til å med tenkt på gamlemor.
Sjølv om vi ikkje kan samlast alle inne,så gjer det seg med felles uteaktiviteter ..
Litt kaldt,men sola dukker nok oppatt.

Fjellturane tek eg ein anna gang..
Mangler fortsatt lysta..
Våren er her og gamla er om mulig endå meir tungpusten..
Får berre vandre etter vegen så lenge..
Kjem nok utferdstrangen og når temperaturen kryp litt opp..
Kan no leve i håpet..
Men sett mykje krim på tv..
Lata meg rett og slett..
Det er liksom det eg treng innimellom..
Kjenner at eg lenkter til normale tilstander..
Men kanskje dette vert vår nye normalitet..
Ikkje så mykje eg kan gjere anna enn å gjere det beste utav det..
Ensomheit er dessverre og ein del av dette.
Det å treffe andre og berre slå av ein tilfeldig prat med nokon ein treffer
Er endå så for oss med jobb og familie rundt oss.
Straks verre når ein vert omtrent overlatt til sitt eige selskap i månedsvis..
Er ikkje berre å stikke innom nokon i dagens kohortsystem.

Så håper vaksina fører til mindre einsomheit..

Fortsatt god påske