Nesten litt småskummelt


I dag har skodda eller tåka ikkje sleppt taket..
Måtte nesten gi seg over til fru Sol,men samla styrkane og kom att endå tettare..
Nesten spøkelsesaktig..

Ein krimroman no og tankane får fritt spelerom.
Det er då eg heller vel noko anna

Håper den lar oss få fred imorra,skjønnt er tvilsomt

Berre lekkert

Har hatt ein søndag som passa gamlemor sitt tempo..
Seint oppe og kosa meg lenge og vel med kaffi og frukost.
Ute var ganske så kald skoddevind.
Tek litt stasen av det flotte veret igrunnen.

Kom no på at blomstene treng vatn..
Det er eg litt fæl og gløyme.

Hatt koselig dag med nokre av mine.
Mamma laga middag.
Berre velstand.
Avslutta utetida med yndlingsturen min til Bygdeheia og Vidsyn.
Kjekt med selskap.

Kjekt å dele opplevelser og takknemlig for at dei gidd drakse på meg..Det tek tid.
Men eg går sjølv.

Nydelig kveldstur.

Dusjen etterpå var av nødvendigheit.
Treng ikkje alltid vere dei lange og høge fjellturane..Er ikkje den sprekaste,men er som eg er..

Blogglesing ,skoddevind og kaffikoppen

Vart litt tankefull etter å ha lese Hegeslillerom.
Trist at vi ikkje er komne lenger enn at vi resgerer på legning og par av samme kjønn.
Kven er vi som fordømmer andre..

Kjerringtanker skriv om fleire blogger og koser meg med bloggen til mettejonsdatter.
Monairens gir meg lyst på rabarbrasuppe..og har ikkje rabarbra..

Les mange blogger og litt ulike kvar gang.
Ryggen er litt kranglete idag og den sure skoddevinden ødelegg for sola på eit vis..

Yes❤

Ingen fjelltur på gamlemor.
Men eg har fått slått plenen..
Ja å kalle det plen er vel litt overdreve,men mose med litt gras hist og her..
Litt sånn oppdelt.
Men det tok si tid og fekk vekk litt ugras og..
Hagejevelen har eg gitt opp..
Skvalderkol..det er rikeleg av den og løvetann hos meg..
Kanskje eg bør bruke det i mat..
Frester ikkje. igrunnen.
Sein middag og fekk vafler til kveldsmat hos mamsen..stappmett
Koselig med sosialt samver .Desse pinseliljene dufter nydelig.


Har trekt inn for litt kald skoddevind ute..

Litt godt med ein sose rundt dag ute

Lese litt og slappa av mens eg formelig kjende fregnene spratt ut som paddehatter..

Mulig eg går på fjellet imorra..
Litt greit å berre ta det som det kjem..

Fuglekvitter og kaffikos

Nydelig ute,så har starva meg ut på balkongen..
Stiv og støl som vanleg på morgonen.
Går seg til

Berre naturen sine lyder.
Humlesus og fugler..
Vil nok endre seg om litt.

Trur eg idag skal gjere ingenting.
Kanskje slå plenen og vatne litt blomster..
Har ikkje mange.Må ha litt fleire..

Nyt dagen,for det skal eg
Huks du er unik

Sol og sur,kald skoddevind

Den følelsen når eg har fri,ser ut på ei nydelig sol og skyfri himmel

Yes..på med sommertøyet og ut..
Det er då ein syns det er noko skit å bu ved kysten.
Sur kald skoddevind som ikkje akkuratt innbyr til soling..
Ikkje har eg eit stille hjørne heller..
Rusla litt rundt.
vakkeet med strandnellik

Kan jo gjere litt i hagen,men har ikkje lyst.
Rett og slett lat og trøtt etter natt..
Dufter godt av pinseliljer og syren..
Litt har eg i hagen..overlever tross manglande stell..

Trur eg klær meg i vindtett og rusler ein tur..
God fredag frå forblåste kysten

Nydelig ute i natt

Elskar denne tida då det stort sett er lyst døgnet rundt.
Kos å vere på natt når døra ut i sansehagen kan stå open.
Stille stund akkuratt no men forandrer seg fort..
Pauser litt uti hagen.

Heldige meg som får jobbe i flotte omgivelsar
Godt å trekke litt frisk luft ..
Måsen lager eit volsomt spetakkel…
Litt småkjølig så får innatt og gjere litt..
God morgon og ha ein fin fredag

Ingen streik for mi gruppe

Alltid spennande med mekling på overtid…
Prøvde å halde meg oppdatert gjennom nattevakta.
Streik er ikkje kjekt men av og til nødvendig..
Unio er i streik..

Nydelig dag men har sove..
Rusla meg ein liten tur nettopp..
Godt med sommertemperaturer..
Trur eg skal slenge meg ned på sofaen litt til..
Trøtt på nattevant er slitsomt.

Kor er dei røde merka vorten av

Ut på tur og tur nr. 3 på tituren

Glad og lykkelig labba eg iveg på skogsvegen..
Stas..
Følte meg nesten ny etter fysio og frisørbesøk..



Er det her ein går oppover..?
Sikkert ikkje tenkte eg..men når eg då var på god veg til å komme til ein gard skjønte eg at…ugler i mosen.
Men det går fleire vegar til topps..


Flott kvilebenk og god sti..

Opp på toppen uten problem..
Skua utover berg så langt eg såg..
Kor var varden og kor skulle eg gå..?Veit dette er ein mykje brukt trimtopp..
Alle veit ok kor ein skal..
Men denne engstelige gamle dama uten retningssans, fekk klump i magen og følte seg ikkje velkommen.
Sikkert andre som meg uti der einplass..
Så ver så snill..
Ta på litt rødmaling så vi finn fram uten dårleg følelse..På forhand takk
Fann stien innimellom steinar og kom meg fram.

Turgleden var borte vekk og følelsen av å vere på feil plass slapp ikkje taket..
Mulig det var nokon der som ville ha meg vekk..Men kanskje eg hadde følt meg tryggare med litt merking
Turen er flott den..synd eg fekk litt dårleg følelse

Ha ein fin onsdag