Hurra for magefølelsen:-)

Tidleg oppe idag etter lite søvn.
Åt både frukost og dusja før hanen gol
Skulle jo på tidleg ,tenkte eg.Det var først i det eg skulle gå ut døra eg tenkte at…
Her er noko som ikkje stemmer.
Sjekka og sant nok..Eg hadde seinvakt:-)
Lurt å følge magefølelsen
Har kontordag 4 av 6 tirsdagar,så det får vere unnskyldninga:-)
Kledde av meg og la meg.Sovna:-)

Litt blidare og kjekkare etter litt søvn:-)
Godt eg slapp å køyre på jobb for å snu:-)

Litt grått, litt flott

Snart klar til jobb.
Eller så nokonlunde.
Ikkje direkte sprudlane men dog.

Litt mat har eg no fått ned.
Kjende det var lurt.

Litt grått ute på morningen.
Myggver
Skal bli sol og sommer ifølge yr,så ordner seg❤

Flott og sjå pride flagget i førde igår.

Her lurer eg på om det er nokon som trur at det veks fleire pappbeger visst ein planter ett😀
Minner meg på at eg bør rydde litt eg og..
Men ikkje no
Ha ein fin dag

M er ikkje alltid det same

Vore og renska opp under tannkjøttet idag.
Den bedøvelsen sit i endå..
Så nett begynnt å lage meg litt middag..
Men før eg kom så langt tenkte eg det var best å handle litt.
Først biltema…trengde ny handsag.
Og når eg først kom innom vart det litt til.

Så på jakt etter eit sommarskjørt..
Fann liksom ikkje det eg lette etter..
Prøvde men naj..
Fann meg to nye tskjorter..tok L.
Rikelig store..
Innom Domus..
Masse flott men ikkje det skjørtet eg hadde tenkt.
Men der såg eg den flotte linbuksa…
M.
Såg på klokka..ingen tid å prøve..tenkte ..går nok bra..
Går under tabbekvoten og mangel på sjølvinnsikt..
Burde nok vore xl..
Jaja..
Heretter prøver eg alt..

Var no i det minste fint ver.

Massevelt og frustrasjoner

Sykkelsporten kan rett og slett vere livsfarleg.Det veit vi jo
Å sjå publikum vase seg ut i vegen og lage til massevelt og kaos er ikkje bra.
Langtifrå.
Det er då eg tenkjer at koronaregler om metersavstand og null publikum langs ruta ikkje er feil
Då hadde vi unngått slike linselus,som igrunnen kun vil vise seg fram på tv

Denne her bør vel helst gå i sjul for resten av livet:-)Iallefall så er det ikkje noko ein skryt til barnebarna av.Er synd i fyren sånn i ettertid.Var nok ikkje dette han tenkte på i galskaens øyeblikk

Vert nok ein snakkis lenge

Ikkje dei store overskriftene i avisene.Sommerferie
Krig i verda der supermaktene blander seg inn,er det eg bekymrer meg for.Ikkje bra

Her er det kaffi og oppsyking til Førdebesøk og tannlege.
Kanskje eg reiser litt i forkant så eg får innom litt butikker.
Treng ei handsag:-)Av alle ting.Etter bedøvinga bør eg igrunnen omgår ferrast mulig:-)

Ha ein fin dag

Gjesp

Godt vi alle er ulike
Nokon er alt ferdig med fjellturen eller dagens joggetur.
Har tatt morgonbadet og nytt morningen

Her har eg i det minste komme meg or senga og fått i meg kaffien.

Ikkje den store temperaturen men fint turver.
Har ikkje vore på fjellet på lenge.
Lysta forsvann plutseleg.
Skal snart rusle meg ein tur etter vegen.
himmelen igårkveld var fantastisk.
Elskar desse lyse sommerkveldane.

God søndag

Tegn på alderdommen

lørdagskveld strekk ut på sofaen.
Arbeidshelg.
Trøtt rett og slett.
Ikkje gjordt nokonting etter eg kom hein.
Men ete har eg jo.
Litt sånn småfrostig så er godt under pleddet.
Litt godt å berre slappe av.
Fotball på tv.nesten som eg ikkje orker skifte kanal.
Då er det gale.
Ny dag og nye muligheiter i morra

Sommer

Sommer og sol
Sit med kaffikoppen og nyt morningen.
Inne
Knotten eller myggen er framleis sjef ute.
På jobben er det måsen som sjefer ute.
Klar til angrep så fort vi prøver oss ut i sansehagen.

Det er sommer.
Ha ein fin lørdag

Mumitrollet


Fekk min første mumikopp i forsenka bursdagsgave.
Alltid vore glad i mumi
Men er glad dei skumle litt dystre barnetvfilmane er erstatta av nye.
Dei er jo berre fantastiske.

Sjølv hufsa kom seg.

Prøver å vakne her med kaffikoppen min.
Det gode med seinvakt.
Eg får vakne i fred😎
God fredag❤

Mygginvasjon!!!!

Fy søren
Er heilt oppstukken på den tida det tok å få folk og varer i hus
Galematias..
Fortsatt ikkje huksa gass til myggfella..
Alt hjelper på
Yr og stille gir myggen blod på tann
No har eg tatt allergimedisin..
Pokker til kløe..
Prinsessa mi vart ti idag.Feiring søndag,men besta har arbeidshelg så oldemor og bestemor tok turen idag
Feira på verandaen..Ingen regn og mygg der..
Men kom nok regn der og no vil eg tru.
Litt kjekt å byte hus av og til.
Mindre kjekt når myggen vil hindre meg i å komme ihus..