Nattevakt og linjerydding


Ante tegninga då eg kom frå nattevakt.
For nedom meg dreiv to linjeryddara og gjorde seg klar til dagens innsats.med motorsager og div.

Trur dei og såg at her var det dårleg timing.
Har vore i nabolaget heile veka..
Og akkuratt idag når gamla må sove dukka dei opp.
Toppa seg kl 12 då eg høyrde dei prata utanfor huset ,og rusla opp trappa mi for å rydde linje omtrent i hagen..

Så etter å ha sove ca timen kom gamlemor seg or senga.
Trekte pusten..
Tenkte at ro ned..Dei gjer jobben sin.
Fann det best å få på meg klær og joggesko.
Sto i døra og såg på dei og sa…
Eg prøver sove….
Dei hadde ant lunta..var einige om dårleg timing, og at det nok var lurt å gå ein turikkje det mest vakne vesenet…
Har fått rydda litt kratt ser eg..
Dvs rydde må eg nok sjolv.

Klokka er vorten 14.30.
Eg lager meg middag og håper for alle sin del at eg får sove før natt..

Får sjå det positive i det…imorra

Reine sovemedisinen❤❤


Laga meg fårikål etter frisørbesøket.
Liker den med gulrøtter.
Vart faktisk kjempegod.
Traff med krydderet.
Det er ikkje ofte.
Flata ut på sofaen og har fått sove😎
Ikkje lenge men godt.
Fordel når eg skal på natt.

Regjeringskabalen fortset uten Sv.
Hadde nok vore fordel med fleirtalsregjering.
Men skjønner at ein ikkje kaster alle prinsipp..

Litt for fin dag til å vere inne i,men skitt lagå.
Godt med sofatid og no er det kveld:-)

Fikse litt på fasaden

Er aromaterapi og frisørsalong med felles inngang.
Her er det litt for kropp og sjel.
“Bare God” har diverse produkter.Eg skal til “For deg” Studerer hylla mens eg venter på Ingrid
Fantastiske frisøren min:-)Ja eg må altså dele med andre, men kjekt når ein er fornøgd med frisøren tenkjer eg.

Må få vekk farststripa på toppen.
Ikkje heilt klar for å la det grå ta over.Er ingen fin gråfarge eg har heller:-)

Kaffi og vatn og mobil:-)Berre å vente til fargen har fått virke litt:-)

Skal ikkje ha noko idag.Må bruke opp det eg har først,og det er diverse

God som ny:-)
Gjer seg med litt stell og pleie og hærlig å få vaska og stellt håret hos frisøren:-)
Rett og slett fantastisk:-)

Så no er eg uten dei små grå,litt til iallefall:-)
No skal eg berre slappe av og lade krefter resten av dagen.Trur det er kjempesmart

Godt kva ein slepp:-)

Har igrunnen trudd eg måtte kjøpe meg 4 nye vinterdekk.Eller eg har piggdekk.
Tenkte at eg hadde hatt dei så lenge at det sikkert var nødvendig..
Kom på at det var kanskje lurt å innhente litt råd før eg bestillte,så kontakta den sonen som bur nærmast…

Dei ser nesten ubrukte ut,sa han…
Jaja. nok dei er litt slitne eg då ,men alt er relativt og eg slepp den utgifta:-)
Kjenner at det var altså vekas eller månadens gode nyheit.
Har igrunnen nok som det er.Men eg passa på å nevne at det var no litt greit å vite visst det plutseleg vart kaldt.Og håpa på at han tok hintet…Gamlemor vil gjerne ha litt hjelp.
Dyrt med bil,men her er det ikkje nett så mange alternativ.
Einaste er sykkel og hest:-)Og ingenting er liksom noko som er å anbefale …Er redd det hadde enda i forferdelse.-)Ikkje så stø i nokon av delane,

Her er det tv og levande lys på bordet.
Har fri til nattevakt i morra:-)
Alle mot alle på tv Norge.Artig og lærerikt.

Frå varmt til vått

Kom meg akkuratt i hus etter seinvakta då det hamra løst
Regna og bles så det halve kunne vore nok

No er det store mørke sker og stille…
Torever i lufta?
Ser slik ut,og temperaturen den har gått ned
Sommeren i slutten av september vart kort,men flott:-)
No er det tilbake til normalen
Eg er trøtt,men kaffi hjelper på..Skal nok gå denne dagen og

Usa meiner Norge er eit høgrisikoland å reise til .Grunnen er mange smitta av Korona…
Er nok skumlare å reise til Usa.
Eg skal ikkje reise nokon plass hadde eg tenkt.
Her er det jobb og lite ferie,og den eg har skal tilbringast heime
Ikkje den store reiselysta endå.
Men først må eg reise på jobb:-)Ikkje berre berre det heller på smale vegar

Ha ein super tirsdag:-)

Mangler nokre husmorkvalitetar

Ikkje alle kan vere den fødte husmor.
Eg er det difinitivt ikkje,men vi har no ikkje svolte
Mulig derfor ungane mine kan lage mat.
Ein dyd av nødvendigheit.

Men drog no fram Kenwoden og sette bolledeig.
Eller rundstykker,rettare sakt.

Deigen heva vel mykje…
Men,sånn er det av og til.
Vart no resultat om ikkje perfekt.

Ikkje dei beste eg har smakt,men etande..

Berre slappa av idag.
Lese litt fag og kursa meg litt.
Heiter vel fagleg oppdatering.
Fått vaska litt klær..
Veit det er søndag,men sånn er det med den saken.
Nytter fridagane.

Trur eg rusler med ein tur

Frislipp

Endelig slutt på restreksjonar og folk strøymer ut.
Minner meg litt om når bøndene slepp dyra ut på beite om våren.
Full fres
Lite fres hos meg,Rusla meg ein tur.

Nydelig med litt pause i regnet.

Litt godt å berre ta inn freden og roa.
Har rydda litt i frysen ..
Laga meg suppe på bær og frukt.
Godt og fekk brukt litt epler som hadde sett sine beste dager.

Renta går opp.
Då er det greit at landet åpnar og fleire kjem i jobb att.
Men vi har hatt låg rente lenge,så noko bombe er det ikkje.

Så er det å håpe at vi kjem tilbake til normalen uten for mange smell.
Vi treng litt sosial kontakt.

Energipåfyll


Fantastisk..
Kjenner humøret stig nokre hakk..
Sol😍
Ser skyene og men akkuratt no så fokuserer eg på det positive.

Ha ein nydelig lørdag