Tek kvelden på sofaen

inntatt sofaen for kvelden.
Rett og slett sliten.
Godt å pakke teppe rundt meg og ligge å dorme.
Sløyfa turen idag.
Rett og slett utriveleg ver.Orka ikkje
Bedre i morra trur eg.
Hatt meg ein prat med oslofrøkena og kjende det gjorde godt.
Bur litt langt vekke.sånn er livet

Skal bli godt med frihelg.
Håper på litt opphald og sol.
Inga åpningsfeiring på meg..
Berre surre rundt og tanke krefter..
Viktig det og
God helg

Fritt fram for klemming og handhelsing

Sukk…Har igrunnen syns det var heilt topp eg at klemming var ut.
Ikkje så glad i denne klemminga
jaudå.Klemmer eg og,men berre dei eg er nær.
Må ikkje på død og liv klemme i øst og vest.
Syns det er heilt greit med eit Hei:-)

Så trur eg skal forsette med det eg.
Handhelse ,,,tja..Kan nok vere litt knipen der eg.
Igrunnen trur eg at eg er temmeleg sær…
Ikkje så glad i å få folk for tett innpå meg.

På jobb er det liksom noko anna..
Men for dei som lever av kultur ,konserter og utelivet er et ein gledens dag.
Endelig kan dei tjene pengar igjenn:-)

Håper vi kan ha eit åpent samfunn lenge framover:-)

Rotteplager og syndefloden

Fekk med meg nett og tvinnslag om rotteinvasjon i eit nabolag.
Er formeleg som er ser dei kravlande overalt
Får meg til å høyre etter lyder hos meg sjølv,sjølv om eg ikkje har sett rotter på åresvis.
Plutseleg kan dei innta arenaen.. .Her er det no musene som har det med å dukke opp i flokk og fylgje.Meir enn ekkelt nok
Grøss og gru.Ikkje rart søvnen uteblir

Antrekket igår morgon og dette er og antrekket idag.Det bøtter ned.
No har vi nok fyllt opp ein god del i vannmagasina i vest,så no kan dei få fylle opp i aust.Vi tek gjerne litt pause:-)
Ha ein super fredag:-)

Syndefloden

Fader kor det regner.Det formeleg bøtter ned.
Har gjordt det i heile natt .Lurer på kor mange millimeter det er komme dette døgnet

Litt redd det fører til oversvømmelser og skredfare.

Treng ikkje ta att for den flotte sommaren på eit døgn.
Men får rydde litt inne før jobb.
Det er kanskje på høg tid.
Men når veret er sånn altoppslukande så mister eg omtrent arbeidslysta:-)
No er iallefall bekken min full og vel så det.
Her må ein ha skikkelege oljeklær for å gå ut:-)

No skal partia verte einige om den nye regjeringskabalen
Det kan ta si tid. Håper dei ender på noko fornuftig
Er vel nokre kameler som må svelgast både her og der. Slik er no eingang livet.
Blir vel einige om eit eller anna får eg tru.

Eg må berre verte einig med meg sjølv om å få løfta stumpen frå sofaen og få gjordt litt…Sjølv om Noas ark hadde vore tingen:-)

Ha ein super dag om de regner vekk eller har nydeleg sol

Slutt på vannmangel:-)

No har eg spart på vatn i månadsvis og ønska meg regn,så eg skal ikkje klage.Men no har eg fått regn i bøtter og spann

Vatn overalt:-)
berre å regne så strømprisane held seg på normalen:-)
Gjorde godt med ein luftetur idag og

Ikkje noko nytt å sjå i nabokommunen heller.
Iallefall ikkje det eg såg.
Einaste eg trefte var to hjortejegera.
På vegen altso.Dei kom luskande utor skogen
Er derfor eg går med refleksvest og held meg på vegen:-)

Vinden har ruska godt ute og er mel meir,men no er det stille og fredeleg:-)Hærlig temperatur ute.
Høstver og igrunnen så er eg ei uverskråke:-)Liker litt ruskever:-)
Innetid er koselig om høsten.
Pizzza,kaffi og pledd.

Vil berre sove eg:-)

Rett og slett berre trøtt og sliten
Ikkje berre berre å vere b-menneske og stå tidleg opp kvar dag.
Vil sove,,,og sove…
må vel snart vere lørdag og fri håper eg

Høsten er kommen for fullt og vinden rusker godt rundt hushjørna..Sånn skikkeleg innedag:-)
Burde vore slik at ein kunne jobba når ein våkna:-)
Går seg nok til og kroppen mjuknar nok til.
Skal snart komme meg or morgenkåpa og i dusjen…Er berre slikt eit tiltak..

Er så imponert over andre som får tid og har overskudd til alt.Her er det nett så vidt eg set ein fot framfor den andre…

Ha ein suer onsdag.
Det skal eg og prøve .Berre eg kjem igang:-)

Lufta hjernecella:-)

Det må eg sei.Var fantastisk med frisk luft
Lang dag inne,gjer at ein treng litt bevegelse.
Sat langt inne idag,det skal innrømmast.
en seint men godt

Måtte prøve dei nye tur- regnkleda.
Var på outlet butikken i Førde.Igrunnen så syns eg at det var ei anna jakke som var best.og finast:-)Men sjølv på den butikken så koster det med kvalitet….
Hjelp lite kor godt det puster, når lommeboka seier at…Ta det litt med ro gamlemor…
Så fylgde rådet til svigerdattera.Kjøpte det merke ho hadde kjøpt

Ikkje høyrt om det før eg,men kleda var supre til mitt bruk…
Nåja,,har fortsatt lyst på ein av dei superjakkene…Må vente..og så premien frå tituren Den er super og varmer ørene.
Kom meg i hus tidsnok til symesterskapet og før det vart skikkeleg mørkt:-)

No er det fyr i ovnen,lys på bordet og innekos:-)

Skremmande ogein tankevekkar

Drept på jobb ,der ein er der for å hjelpe i ein vanskelig situasjon
Nav får mykje pes,og kanskje det av og til er rett.
Men det er lovverket ein må angripe.Ikkje enkeltpersonar som gjer det dei kan
Idag skjedde tragedia i Bergen.
Eit menneske miste livet og ei er skadd….
Grusomt og uverkeleg,men den harde virkeligheita

Kva som gjer at folk kjem i ein slik situasjon at dei begår slike handlingar,det veit eg ikkje.Har eg ingen kunnskap om..
Kva kan ein gjere for å hindre slike katastrofer…
Fører nok til meir sikkerheit og mindre direktekontakt med klientane

Kan skje på alle arbeidsplassa og i samfunnet ellers.
Vi er ikkje lenger kun trygge Norge der ingenting skjer..
Det har vi nok heller aldri vore.
Er vi flinke nok til å gi folk med problem hjelp tidsnok?

Mange ting som no surrer rundt oppi hovudet mitt…
Tanken min går til dei berørte….

Gjesp og uffameg…

Kjenner meg sliten og tett i pappen.
Litt lite søvn,men sånn er det av og til
Litt for seint i seng..
seinvakt igår,og fann ikkje roa.
Vart sittande å sjå på ein krim til langt på natt
Måtte få med meg slutten…Endelig ein eg ikkje har sett før.
Følte eg har lese boka,men huksa ikkje slutten,så sat klistra
Slutten var uventa og trist,på ein måte.
vil jo ikkje at hovudpersonen skal vere skurken…Attpåtil politi…

Tett i nasa og snufsete på morningen. Hovudet dunker så no går det i paracet og kaffi:-)
Gir seg nok…Berre litt sliten
Er lov det av og til.Er ikkje 20 år lenger.

Føler meg litt som skuggen av meg sjølv.
Står i stil til det grå veret som er ute.
høsten viser seg fram:-)
Vurderer om eg burde legge meg i senga og bli der resten av dagen.
Men reknar med at hovuderken lettar om ei stund.

Ser meg rundt og tenkjer att…..Tid for å ta eit tak i huset..
Skulle hatt eitpar ryddegen,for dei trur eg er temmeleg fråverande.
Rote derimot…Det er eg god på…