Ein time lenger på puta

Litt godt å vakne utkvild og sjå att klokka berre var 08,15.
Kunne ligge å berre kjenne på følelsen av ei god natts søvn.
La meg igrunnen ikkje tidleg,men når ein får den bonusen at klokka vert stillt tilbake,så har ein liksom mykje meir att av dagen

Grå morgon ute,
Godt å kunne vere inne og vakne i fred og ro. Heia seinvakt:-)
I morgon er det november.
Går så fort ,syns eg.Rart at tida går fortare desse eldre eg blir..Føles slik..
Er liksom så mykje eg ikkje rekk

Er så ofte drap, knivstikking og vold i samfunnet syns eg.Skremmande.
Kva ein kan gjere for å unngå det, er eit vanskelig spørsmål.
Eg har ikkje løsinga.
Noko skyldast tøffe miljø. Andre sjukdom
Like tragisk uansett.
Er tøfft å vekse opp idag.


Noko må gjerast,men eg har ikkje løysinga

Syns det er vanskelig med utfordringane som gjeld det grønne skiftet og eg.
Kva er rett energi,korleis skal vi gripe det an.?
Først var vindmøller det nye store,før ein oppdaga at det var det ikkje
Før lenka ein seg og protesterte mot vannkraft. No hyller ein det same. Begge deler gjer jo store inngrep i naturen.
Kanskje vi berre må ned i levestander.Slutte å reise så mykje.Leve enklare.
Men det vil heller få av oss. Samtidig skal vi redde naturen…
Blir formykje for ei gammal dame.

Snart tid for vestlandsbunad og tur.
Frisk luft er godt for det meste:-)

Endelig joggesko:-)

Fantastisk å kunne gå ein tur uten fullt regnutstyr

Tanke krefter og finne roen
Balsam for kropp og sjel

bortom nabokommunen for å sjekke forholda:-)Intet nytt under solen

Kjenner at frisk luft og fint ver gjer susen.

God lørdagskveld

Trur huset fyk vekk:-)

Det var den søvnen
Vakna av at vinden tok ganske så kraftig i huset.Det gjer den fortsatt,så søvn er berre å gløyme
Så her sit eg.
Sto likegodt opp,fann kaffi og har lese meg gjennom natta sine nyheiter
Er trøtt som ein spa,men no nærmer det seg no morning uansett,og eg har tidlegvakt

Litt småekkelt når vinden herser slik
Mykje regn og vind fører til flom og rasfare.Litt utrykt å køyre mange plassar.

Snart tid å begynne å tenkje på julegaver,kanskje.
Iallfall høre kva barnebarna ynskjer seg.
Ungane og for den saks skuld.No er det ikkje noko dyre gaver denne bestemora har råd til,men det er kanskje likegreit.
Jula er for meg tid for familie og kos.Normalt. Denne jula er det jobbing og lite tid til familiekos:-)
Turnuslivet sine baksider

Det har denne evnen min til å kose meg og,merker eg.Baksider altso
Trur eg må ta ein annan vri på den kosefaktoren.
Litt mindre av søtsaker og mat og litt meir bevegelse

Kommen inn i ein litt feil sirkel som eg bør komme meg utav.

No har kaffikanna mi starta å hyle.Har no opptil to ganger vore på kjøkkenet for å sjekke merkelege lyder.
Har skrudd på loket.Det er stille ei stund ,men så er spetakkelet igang att.Maser like mykje som eigaren.-)

Trudde først det var kattar utafor huset:)Det meste har ei naturleg forklaring.No har den stilna

Må innrømme at eg sakner å gå i fjellet.Eg liker ikkje sleipe .våte stiar.Har ein tendens til å skli.
Blir litt lei av oljehyre og oljegrus
Men ,men…lite å gjere med.
Snart tid for å gå i dusjen.-)Har no arbeid den stunda
Ha ein super dag

Lakenskrekk:-)

Seinvakta unnagjorde og eg treng tid til å nulle ut.
Kjekk vakt og dag imorra.Burde nok gått og lagt meg,men er ikkje trøtt.Så her er det Mord og Mysterier avbrutt av kveldsnytt

Jammen held den engelske dronninga seg godt
Blir imponert.Ikkje snakk om å pensjonere seg derigården:-)
RS virus hos dei små og kraftig influensa hos voksne.
Mange sjuke rundtom.I tillegg til stigande Coronatal.Kan nok verte travelt på sykehusa og hos legane framover

Eg har fått influensavaksine.Tenkte det var tryggast
Tok det ikkje så ofte før,men med augande alder så føler eg behovet.Når eg jobber på sjukeheim kan det vere greit,tenkjer eg

Nesten sommertemperaturer ute.Vind,men lite regn idag.
Ser forsyne meg ut som det skal verte fint imorra …Kanskje eg kan gå tur etter jobb uten oljeklær:-)
Det hadde altso vore berre lekkert.

No er det litt meir krim,før eg legg meg.

Høsten er basartid her på bygda

Nærmer seg jjul.
Går fort
No er det tid for basara og loddsalg
Kontanter eller vips:-)Går som regel begge deler,og er igrunnen koseleg med basar og ein måte å få inn pengar på
Av og til er dei basarane eg vil ha med meg på same dag.
På jobben er det gamleheimsbasar;.)Og i bygda julegrantenning og basar:-)5.desember.så er ei stund til.

Må nok skaffe nokre gevinster og tenkjer eg.Trur kanskje grendalaget sin basar vinn mi stemme denne dagen.
Er glad i jobben min ,men er glad i grenda og.Her er det lite folk,så alle bør komme som kan krype og gå:-)
Men vi er fortsatt berre snart komne i november,og eg har ein månad på meg.
Gevinst må eg vel få til.

Sove lenge idag…Og var rett og slett deilig.
Så no nyt eg kaffikoppen og ser ut på pissregnet.Grått og trist
Orker eg tur i oljeklær,eller …-Har ikkje lyst å bli våt iallefall..

Må først få litt bevegelse i muskelaturen

Er ikkje berre i kommunane vi slit med å finne pengar ser eg.Dei jobber i regjeringa og.
Sånn er det overalt.Ein har ikkje råd til alt ein vil.Så langt ifrå.
Og kan bli harde prioriteringar.
Nett som i den vanlege familie,og hos folk flest.
Har eg ikkje peng ,så har eg ikkje det.Og då må ein tenkje gjennom kva lønna skal gå til
Faste utgifter og mat som regel:-)
Nokon slit med det og.Har vore der.

Jobbehelg:-)
Ser fram mot fri på mandag.Klokkestillinga er eg mindre glad i ,men glad eg ikkje skal jobbe på natt.
Ha ein super fredag
I Bergen har dei nedbørsrekord,og det er det nok sikkert her og:-)

Latskapen lenge leve

Har rett og slett ikkje gjordt nokon ting idag.
Vore på komunestyret då,men sit jo på reva der og
Ikkje det minste snev av arbeidslyst.
Tatt meg ei avslapningsstund på sofaen.
Og ete selvfølgelig.Alt for mykje

Blir deprimert av regn og ruskever.Trivst best i den lyse årstida eg.
Må ta meg i sammen og legge ihop litt klær.Iallefall finne på eit eller anna lurt

Dei nye regnklærne er ikkje vanntette.Buksa er det iallefall ikkje.Såg ut som eg hadde tissa meg ut.Dårleg valg antageleg.Går på tabbekvoten.
Må nok innvistere i noko anna er eg redd-Kanskje eg bør gå for det merke eg hadde før,sjølv om det kosta flesk…Sikkert det luraste

Har sånn skikkelege oljeklær,men dei er litt tunge å gå tur i syns eg
Må då fins noko som tåler litt regn i ein time og er gode å gå med
Her regner det jo i månedsvis når det først starter.

Kosefaktoren er høg.Seinvakt i morra heldigvis.Få sove litt lenge ein dag,eller berre tusle litt rundt i pysjen:-)
Skal ikkje så mykje til

Mat må ein ha

Blir sein middag idag.Eg er svolten og må smørje meg med tolmodigheit.
Fårikål med gulrøtter:-)Var liksom det eg hadde lyst på idag,og så tek eg resten imorra.
Er nesten bedre dagen derpå

Ikkje alltid så enkelt å finne på noko til middag syns eg,men mat må eg ha og er veldig glad i middag:-)

Nyheitene må eg nesten få med meg.
Har rusla meg ein tur.Mildt ute,men vind og no og regn att…
Rett og slett drittlei heile regnet

Krølle meg opp i sofaen og lese litt,tenkjer eg
Berre la humla suse.
Ha ein fin kveld

Toppidrett og slankepress

No er det tema overalt i pressa.
Spesiellt i skimiljoet
Er det igrunnen ei nyheit?.Alle ser at toppidrettsutøvera. og det i mange idrettar, er frykteleg tynne.Og gjennomtrena.
I moteverden er det det same.Muligens ikkje gjennomtrena,men magre:-)
Hopperane lever på eksistensminimum ser det ut til
Kanskje det er på tide vi stopper opp og tenkjer over om det er slik vi vil ha det

Nokon er naturleg veldig tnne,men er vel dei ferraste.
Men er det slik at vekt og prestasjonar heng ihop,Du hopper jo lenger visst du ikkje veg nokon ting.Men er det verdt det?
Ikkje veit eg.Eg berre lurer.

Sjølv vert eg tyngre jo eldre eg blir.
Her vert det putta inn alt for mykje.Det er og gale:-)
Skal ikkje vere enkelt

Snart jobb,og kaffien gjer meg forhåpentlegvis meir våken.
,

Hipp hurra for Teamsmøte og helsesektoren:-)

Ein ting har koronatida lært oss.Det går fint an å ha møte via teams
Og så kan slike som gamla få sitte i sofaen og ha møte sjølv om dei fleste er i møtelokalet
I dag kveld var det eit must
Hadde rett og slett ikkje orka 5 mil på smale vegar.For sliten rett og slett

Lange avstander er det kanskje ikkje i kilometer.Det er berre det at vegstandaren er ikkje akkuratt gulstripe:-)og dobbel køyrebane

Rakk akkuratt tur,og middag før møte
No er det nyheiter og sjokolade.Ikkje bra for vekta,men godt som trøst:-)
Venter på flott høstver eg.Det gjeld og ikkje gi opp håpet

Hatt koseleg avdelingsmøte og idag:-)Kjempegjeng eg jobber med altso.Eg berre nevner det:-)
No planlegg vi aktiviteter fram mot jul.Skjer forskjellig hos oss og ,sjølv om vi ikkje legg det ut på facebook:-)
Vi er slett ikkje så verst på ein god dag.
Perfekte er vi nok ikkje,men kven er det.
Flinke folk over heile fjøla:-)
Trur vi generellt er for lite flinke til å framsnakke oss sjølv i all kritikken som rår i media om dårleg stell i helsesektoren.
Har tru på at det er mest flinke folk rundtom.Det er det negative som er godt lesestoff.
Dei som jobber har tausheitsplikt,så dei kan ikkje forsvare seg uansett kva som vert sagt.
Klart det skjer mindre kjekke ting,men er nok ikkje det som er det vanlege.Iallefall vel eg og tru det.

Hipp hurra for oss:-)
og eg er veldig glad i jobben min

Uffameg:-og 6timars dag hadde vore tingen:-)

6-timersdag hadde vore nett passeleg no i desse mørke trasige tidene,
Frå 09 til 15..Med full lønn sjølvsagt
Hadde vore midt i blinken for halvgamle ,støle og morgongretne personar som meg.

Hadde meldt opphald og stille idag
Det bles og bøtter ned.Nokon har misforstått
Eg sit no her og snufser og syns synd i meg sjølv.Er ikkje bygda og lite på:-)
Slurper i meg kaffi og tenkjer at..
Det går seg vel til
Rett og slett sånn ikkje heilt i form

Nyheitsbildet er prega av tragiske ulykker og skyting.Trist
Kjenner eg får tårer i augene .
Klokka skal tilbake i helga og eg tenkjer…nei og nei
Har ikkje behov for lysare morningar,men treng sårt litt dagslys på ettermiddagen
Trudde vi skulle slutte med dette tullet eg.Men det dreg ut

Denne veka er det kommunesytret og budskjettet skal framleggast.
Kan bli spennande tider framover
Reknar ikkje med det er rom for 6timarsdagen min akkuratt:-)
Hadde vore noko det.Å budd i ein kommune med romsleg økonomi
Så heldige er vel dei fleste ikkje
Men vi skal ikkje klage.Kunne vore verre
Koronaen aukar og det er tid for influensavaksine og influensa…Viktig å ha noko å sysle med.

Ha ein super tirsdag
Blir nok min og når eg våkener til liv:-)