Lar humla suse

Det vil sei.Den er vel forlengst slutta.
Kose meg dag idag.
Veret er ganske så utriveleg,men fått lufta hjernecella
langs vegen.
Orker ikkje våt mark og myr.
Men frisk luft og bevegelse gjer meg godt.

Har gitt min skjerv til tv- aksjonen.
Gjer eg som regel kvart år.

Hekler litt,les litt,litt data og litt tv.

Gidd ikkje gjere stort.
Søndag og er igrunnen sliten.
Alle treng litt ro iblandt.

Er versjuk og treng litt opplett eitpar dager.
Litt sol hadde vore ein bonus.
Rett og slett på veg til å bli deppa.
Men får gjere det beste utav det.

Nyte innedagen og søndagsroa

Verden er normal

Ein ligg i senga.Augene igjenn og sånn nesten sovna..
Der kjem vinden.
Rister i huset og det knaker og smell.
Vrir meg hit og dit og bråket av naturens krefter fortset..
Sovner nesten i spetakkelet..
Men plutseleg blir det stille..
Det er då ein bør tenke..Hærlig å sove
Men gjorde eg det?
Nei då..då starta tankegangen..
Kvifor vart det stille?
Har vinden stilna eller berre skifta retning..?
Blir liggande og lytte..lenge
Går ei stund før eg merker at…Det kjem ei skikkeleg vindråse,det smell kraftig og eg tenkjer …obs
Kva tok vinden no.?.Vinden har snudd,,men eg orker ikkje sjekke i mørket…
så eg snur meg og sovner..
Verden er normal.
vinden har ikkje forlatt meg

Skrivefeil og oppvåkning

# itillegg kjem ei turngruppe for barn fødd i 2014 måndag, ei turngruppe for barn fødd i 2012 onsdag og ei handballgruppe for gutar fødd i 2021 torsdag.#

Det er no vel tidleg å starte med handball,tenkte eg etter å ha lese om coronautbrudd i lokalavisa…har hørd om nyfødtgruppe og babysang,men handball er nytt:-))

Litt morsomt med skrivefeil av og til:-)Eg har mange og helst på mobilen,der autokorrekturen vrir på det meste.Les eg ikkje over før send der,så er det berre å håpe at meldinga går til nokon som ikkje tek livet så altfor alvorleg:-)

Men samtidig var artikkelen i avisa ei påminning på at corona har vi fortsatt i landet og vi må vere litt forsiktige..
Fort gjordt å verte smitta

Idag vakna eg pinn stiv frå topp til botn–
Det betyr at kulden nok er kommen.Kulde og meg er ofte eit kapittel for seg.
Men går seg som regel litt til utover dagen
Sove lenge ..Kaffi gjer susen

Alpinsirkuset er igang på tv.
Då veit vi at vinteren nærmar seg med stormskritt.
Skya ,men opplett ute.
Vurderer om eg kanskje burde ta meg ei runde i frisk luft,men litt usikker om kroppen vil.
Vi får kjenne på det, både eg og kroppen.Verte litt meir samstemde.Det kan ta tid
Ha ein super lørdag

Kanskje eg berre skal lese litt:-)

Fredagkos:-)

Har tulla meg inn i teppet mitt,funne kaffi og sjokolade og berre koser meg
Vore innom naboen og lånt massasjeputa.Ho har sånn dings som ein legg rundt halsen og som masserer både vel og lenge

Var både vondt og godt,men kjenner at det har hjelpt litt…
Noko måtte eg berre finne på.
Varma opp med ein tur i det litt sure høsveret.
Fekk med meg litt hagl,men var faktisk heldig med turen


Litt sol dukka jammen meg og opp.Meldt ganske bra og kaldt i morra vistnok
Eg avventar,for kven veit
Kvelden skal iallefall tilbringast heilt i fred og ro.Kjenner eg bør fyre i ovnen.
Til og med tatt meg saman og vaska kjøleskapet.
Eg trur eg bør skjerpe meg.Kom liksom godt igang på jobb:-)
Er ein smule lat.

no er det tv her hos meg.Og kanskje eg skal hekle pittelitt.Men er igrunnen trøtt:-)
God fredagskveld

Med hovudet på skakke

Lurer på kva eg skal finne på for å løse opp den stramme muskelen
Føler den går langt inn i hjernebarken:-)
Iallefall så langt den kjem oppi topploket
Litt vanskelig å bevege høgrearmen opp..
Her må det hardare lut til
Har ikkje tort dei store treningsstrekka før nattevaktene.Men no er det helg

Skuespelar skyt fotograf på jobb.Her må det vere noko gale med hms..eller totalt mangel på
Vel og merke i Usa.men ulykker skjer overalt
Bodø Glimt har spela tidenes fotballkamp.Når det til og med er på heimebane er det nok stas:-)
Vinteren er kommen og med det bambi på isen.Mange som har vore i grøfta idag,høyrde eg på radioen.
Sikkert nokon på sommardekk .Har heldigvis hatt dekkskifte,men kan jo skje for det
Snart ta meg ein liten lur på sofaen.Er trøtt,men skal jo inn på normal døgnrytme

Ha ein fin fredag:-)

Høge straumprisar og aukande coronatal

Vi regner omtrent vekk her i vest.Iallefall er vegen min borte vekk
Men straumprisane dei er høge fortsatt,rundtom i landet.Kan ikkje skulde på mangel på vatn i bassenga no iallefall

Coronatala stig i verden.
Var vel å forvente når alt åpner opp og mange ikkje er vaksinerte.
Dei som er vaksinerte får jo og corona og smitter videre.

Litt skummelt å reise mykje no syns eg.Iallefall må ein ta sikkerheitsreglar
Men vi kan jo ikkje leve i eit lukka samfunn til evig tid…Bør berre ikkje slutte med litt avstand og handvask..Det siste er jo viktig generellt.
No er vi plutseleg forkjøla alle mann..eg og…
Kanskje vi har slakka formykje på handvaske:-)

Nakken min er fortsatt stiv på høgre sida…Ikkje bedre etter at eg har prøvd sove nok idag.
Rekner med at eg antageleg vert trøtt inatt og.Meir enn igår..
Men snart helg:-)

Klar for dyst

Har i det minste sove litt.Med dyne på…I sofaen og med tv-en surrande i bakgrunnen.
Fungerte godt.Var igrunnen litt småfrostig etter kurset,så sofaen var beste alternativet

Vakna til Huskestue:-)
Ja den på tv2.Artig og akkuratt passe underhaldning.

Kurset idag var lærerikt og kjekt.Vel verdt dei tre timane:-)Tida gjekk fort.
Greit med litt fagleg oppdatering på jobben.
Friske opp kunskaper som av og til går i dvale

Nakken er fortsatt stiv og hovudet vil til venstre
Får smørje ei ny runde med Voltaren og håpe på bedring..

Rett og slett vore ekstremt mykje regn idag.Og vind…Er litt versjuk..
Ikkje gått tur heller.Kom liksom ikkje på tale i dette regnveret.har liksom ei grense for kor mykje regn eg orker gå tur i.

Er på jakt i skuffer og skap i håp om at eg finn litt sjokolade.Godtesjuk
Veit eg ikkje bør gryte i meg søtsaker,men godt er det…og svak i viljen

Hjerte-lunge redning og observasjonskompetanse

Skal på tretimarskurs klokka tolv…
Hadde kanskje heller burde ha hatt kiropraktortime
Ikkje veit eg korleis eg har lagt inatt,men hovudet mitt er nesten komme ned på venstre skuldra

Musklaturen er stram som ei line,så få bruke litt tid til å prøve løsne den.
Men sove det har eg..Til og med varm på føttene

Småslakk,så slengde innpå ein paracet i håp om at det edrer seg litt

Skal på nattevakt

Ute er det regn,grått og trist så skal slumre på sofaen ei stund til kjenner eg
Er ikkje i form til så mkje anna

Kaffi og God morgen Norge
Småkoselig på morningen.Grått i Oslo og ser eg
Ikkje det at det er noko trøst

Ha ein super onsdag:-)Det er snart helg:-)

Frys på beina..Kjem det snø?

Frys så innihampen på beina..
Tjukkesokker og tynne sokker pluss pledd…huttetu….
Men kanskje kjem snø… Ikkje veit eg

Har sove litt trur eg.Iallefall slappa av og hatt meg ein lang prat i telefonen.
Godt det og av og til

Kurs før nattevakt imorra.Her er det best å tanke krefter…Gjesp:-)
Sofa og tv er i grunnen god sovemedisin.
Har vore eit evig mas av ukjende telefonnummer …Danmark er det nye landet desse svindlarane ringer frå…
Tok telefonen uten å tenke igår …Hello..Fort slutt på den samtalen.Etterpå vart telefonane frå Oppland…Reknar med det er same gjengen.No tek eg ikkje desse telefonane,men like fullt irriterande

Er det nokon seriøse som ringer frå ukjende nummer,så får jo ikkje dei svar heller…
Då får dei heller sende meg ei melding så eg veit kven det er…
Trudde eg hadde reservert meg for slike samtaler,men den gang ei…
så einsam er eg ikkje at eg snakker med seljarar i hytt og pine.Dei ringjer ofte.Der går grensa.Då tek eg meg heller ein prat med katten

Veit ikkje kva eg skal gjere for å få att varmen i beina…Varmepute neste…T
no er det farmen

Nydelig kjøttkakemiddag

Rett og slett berre fantastisk å få servert kjøttkaker hos kollega etter endt møtedag.
Smakte himmelsk rett og slett:-)
I dag gjorde det susen

No er eg heime,fått fyr i ovnen og her er hett og godt
Nasa er begynnt å renne att og eg tenkjer…ikkje ein omgang til med forkjølelsen.
Men håper det kun er fordi eg er sliten

Trur eg berre skal ta ein paracet og legge meg på sofaen eg.
mett og god og tett i pappen:-)

Alt kan sjå bedre ut i morgon:-)