Søvnlaus gretten kjerring

Der har du meg idag
Trur eg passer rett inn i veret ute
Stirtregn og vind.Surt og kaldt…

Har bøtta innpå med kaffi,men er ikkje direkte hjelp i
Men,sånn er det
Møtedag i dag fram til 15.30….Får håpe humøret bedrer seg,ellers så veit ikkje eg
Bruker å gå utover katten.Men han har fått mat i stillheit idag

Kjenner eg alt er begynnt å glede meg til å komme heimatt til sofaen
Gruer meg til å gå ut..Vert skjortevåt før eg kjem i bilen,sjølv med regnjakke er eg redd

Strømprisane når nye høgder, samtidig som vi nesten renn vekk.Trur forlengst desse bassenga må ha fått rikeleg vatn.
Har regna for fleire månader,spør du meg.

Enkelte dager starter litt skeivt.
Har lært meg å leve med søvnproblema,men vert veldig sliten på sikt.
Så har eg eitpar netter der eg søv godt,og verden er atter i orden.

Er utruleg kor mykje eg kjem på eg skulle sjekka og gjordt når eg ligg der og funderer.
Så eg sjekker epost før eg omtrent har fått opp augene…
Er av og til det glippar med kva eg får med meg.
Så inatt kom eg plutseleg på at jau då…du skal på møte i dag..Arbeidsmøte,heiter det vel
Oppi toppen på meg er det temmeleg tomt…
Er nok andre som har hjernecllene på plass.Mi har lagt seg

Ha ein super tirsdag:-)Håper eg at min og blir,om ei stund

Morgenstund har gull imunn


I det minste ein fantastisk himmel.
Soloppgang er vakkert.
Nydelig start på ein kald dag.
Kong vinter tek grep

Eg har fått kaffi og tulla meg inn i pleddet.
Katten har fått mat.
Begge så langt fornøgde.
Trur vi begge treng litt ro på morgonkvisten
Eg har seinvakt og katten er forlengst pensjonist

Batterilading :-)

Sol og opphald er altså heilt fantastisk
Kjenner at kulden har gjordt sitt inntog,men i sola har det berre vore lekkert.
Gått tur og berre surra litt rundt i hagen.
Tømt nokre krukker og har hatt molda og resten av blomstene opp i pallekarmen
Rydda litt kvist,og berre kosa meg
Vore innom naboen og berre skravla litt.
Godt å ha tid og overskudd til å vere litt sosial

Stille idag,og arbeidet på vindmøllene går sin gang

Kjenner at dagen idag har vore reine medisinen.
Glad eg har fått på vinterdekka,for no kan det bli glatte morninger og kvelder
Iallefall godt å ta ein dusj og krype under teppet etter utedagen

Må ta ein dag og finne fram den vesle kvistkutteren min.Tek lang tid,men er så greit å få kvisten vekk.
Håper på godver neste helg:-)Er mykje som ligg nær husa etter at dei dreiv med linjerydding..Torde ikkje heilt starte den opp på ein søndag.

Den som sover ,synder ikkje

Inatt har eg sove og det både vel og lenge.
Ikkje drømt noko heller,det eg veit
Men det ein ikkje veit har ein heller ikkje vondt av

Veromslag ute.
Stille.kulden trenger inn og eg ser snø på Lifjellet
Brrrr.
Syns eg høyrer musene kravler inn i hus,og veit at den katten som eg har her er totalt uinteressert i denslags.
Eller han får ikkje has på dei.?Høyrer null og ser lite
Grøss og gru,tenkjer eg.Fram med musefellene

Høst,snart vinter og fint med blomster inne,syns eg.Litt må ein unne seg
Vurderer om eg skal kle meg og gå ein tur…
Nyte godveret mens det er her…
Litt meir kaffi først trur eg.

Ha ein fin søndag

For ei natt:-)

Er faktisk heilt utslitt av ei natt som er tilbrakt midt mellom sovande og vakande tilstand
Utruleg kva ein kan drøyme om , og kor vanvittige tankar ein kan ha oppi topploket.
Hjalp sikkert ikkje at eg såg fleire krimseriar før leggetid,innblanda av Familiekampen og Gordon si opprydding..Nyheitene var dei same heile dagen:-

Når alt dette blandast inn i midt liv i drømmeland,men med folk eg kjenner,så vert det kaos.
Hjalp ikkje at eg hørde eit helikopter sånn midt i natta.
Folka var kjende,men kor vi var veit eg ikkje.I for meg totalt ukjende opplevelser.Den siste timen har eg servert middag på jobben,men i feil omgivelser og med rare innslag

Uansett så var det heilt ville tilstander,og eg prøvde å halde orden:-)
Er det rart eg er sliten.

Ser faktisk sola ute.

Seint oppe idag og kjenner at eg er litt lettare av forkjølelsen.
Iallefall føles det slik no.
Håper på sol og nye krefter.
God lørdag frå meg og kaffikoppen:-)

Slusene på vidt gap

Glad eg har komme meg i hus etter lufteturen.
Regna på heimvegen,men no har det verkeleg slått på stortromma.
Utruleg kva regn det har komme dei siste dagane

Idag har det vore sånn ganske greit.Grått og trist, men ganske opplett..før idag

Ørnene kretsa rundt oppå himmelen..Ikkje så godt kamera, men dei var no der.
Er eit par som held til her,så ser dei nesten dagleg
Fasinerande fuglar.

Eg er bedre idag kjenner eg, men puster som ein kval.
Har halde med iro .Kjenner det gjer godt for kropp og sjel.

Håper på fine dager der turveret er litt bedre,sola skin og høstfargane kan komme til sin rett..
Men inntil då får eg kose meg så godt eg kan.

Oslofrøkena har bursdag idag,og skulle gjerne tatt eit lite kafebesøk med ho..Får ta det igjenn ein annan gang.

No er det tv og hekletøy.Må prøve å få vekk nokre uferdige prosjekt..såkalla ufo:-)

God fredagskveld

Ved og post på døra:-)

De ringer ,vi bringer:-)
Slapp begge deler eg, men kjekt med familie som ser om ei tufs havgammal dame.
tok til og med bosset ned i bossdunken.
Ville ikkje inn, for basseluskane mine var av lita interesse:-)

Så no har eg fått fyr i ovnn og kjenner at det skal verte godt
Har rett og slett ikkje orka bevege med ut idag,men ete det har eg
Skal vere mykje sjuk for å miste matlysta.

Har lagt på sofaen og sett nyheiter.
Trist tragedie i Kongsberg og ny regjering.
No venter eg på Symesterskapet på Nrk.
Treng litt anna enn berre alvor.
Litt lettare i kroppen, men snørrete og tung i hovudet
Håper at det verste er over,og det går på fram
Er jo berre forkjøla men kan ta på det og

Stiv i kroppen.Merker at eg har vore to dager iro uten den faste spaserturen
Men men…Har ikkje vore det store turveret uansett.
Noas ark er kanskje det rette. ,Meldt same regnet imorra og ser eg
Har frihelg så reknar med at det varer til mandag:-)


Einaste eg har gjordt idag er å spele Wordfeud..Er elendig,men ikkje så nøye…Kan forlite ord antageleg

God torsdagskveld

Gufne nyheiter og stappa forkjøla

Vorten sånn skikkeleg forkjøla med den som høyrer til
Sovna etter å ha fått i meg middagen ,og vakna igårkveld til skrekkeleg nyheitsbilde
All mi medkjemsle til dei berørte av tragedia.
Skal ikkje vere slik at ein vert drept på åpa gate og slett ikkje på butikken i vesle Norge.
Men desverre så skjer det her og.

Klarde ikkje heilt å få med meg alt igårkveld .
Tidleg vaken på morningen idag.duknka i hovudet og rennande nase
Påfyll av paracet og snytepapir
Rennande nase og nysing er igrunnen ganske ekkelt
Måtte sjekke kva som igrunnen hadde skjedd i Kongsberg

Tatt med meg dyna inn på sofaen.
Laga meg litt varmt å drikke.
Føler meg sånn skikkeleg tufs.Går over denne forkjølelsen,men er ikkje noko ein spring rundt å smitter andre med
Trur ikkje eg er aleine om å havne i forkjølelsemodus.
Eitpar dagar på sofaen gjer nok susen kjenner eg.
Syns her er kaldt,men kanskje det er berre meg som ikkje er i form.Frys gjer eg iallefall,men gradene på varmepumpa er høge nok og vel så det

Ved til ovnen må eg ut etter og det er iallefall uaktuellt
I tillegg er det eit skrekkeleg regnnver ute.
Trur eg berre skal krype under dyna att og sove vidare
Trur det er det luraste eg kan finne på idag

God torsdag til dåke andre.-)

Frå 15 til 50 prosent:-)

Dagens gladnyheit.Synet har klatra oppatt til 50 prosent etter å endra behandling tilbake til start

Blir nok ikkje noko bedre,men stor forskjell alikavel:-)Merker forskjelen.Litt greit å sjå på andre med venstreauge og legge merke til at det ikkje er kun tomme augeholer,men auge og:-)

Noko skal ein ha.Eg er sliten og trøtt og frys
Skal ikkje ta nokon som helst spasertur i dette drittveret.
Rett og slett guffent ute
Går normalt uansett ver,men idag frester kun sofaen
Prøve å unngå at forkjølelsen tek dei store høgder.No er eg berre litt snufsete

Var innom coop kafeen og tenkte eg skulle ete sånn litt sein frukost…
Fann absolutt ingenting eg hadde lst på så vart kaffi og softis

Kaffien var god.Softisen var etande.ikkje det store..men gjekk ned.Gadd ikkje nedom sentrum.Ikkje i handlemodus.
Så vart strake vegen heim…
Ingenting er som heime når ein er litt småtufs:-)
Trur rett og slett eg er litt småsur:-)Las av katten etter at han nesten hadde takla meg utom døra…
Katten er stokk døv,så han tok ingen skade.Godt eg ikkje har naboer i nærheita

Hjelp sikkert med litt middag

Gjesp og snufs

Trøtt i trnet og tett i nasa
Litt usikker på om det siste er eit utslag av allergi eller ein begynnande forkjølelse

Sit og psyker meg opp til lang køyretur og Førdetur.
Augepool som vanleg
Får håpe forkjølelsen held seg i sjakk til eg er ferdig der iallefall.
Slepp vel ikkje inn forkjøla og snufsete

Kaffi hjelper på det meste og har no fått sove nokre timar. Ikkje berre berre det.
Kunne sove mange til
Litt våken har eg altso vore ,men det går…
Kaldare ute idag. Imorra skulle det regne uhemma att, Sånn helsikens ver igrunnen. No treng eg litt fint turver og litt høstsol. Eg berre nevner det:-)
Lurer på om eg kanskje burde finne fram att strikkeprosjekta mine
Har mange halvferdige rundtom.
Sjå om eg har strikkepinnar og fortsatt finn att mønstera

Merker at kveldane er vorten lange og mørke.
Treng ein hobby og drive med