Rett og slett sliten

Er lov det og av og til.
Ikkje fått gått stripa mi heller idag.
Hadde diverse eg måtte gjere etter jobb..vart nesten mørkt før eg var ferdig og då går ikkje eg..
Så har ete for 4 og landa i sofaen.
Litt farmen og litt symesterskapet..

Ser ut som ei ugle..
Jaja.
Har tatt fleire kurs på nettet i det siste.
Vi skulle ta to på jobben,men var gratis å ta fleire visst ein ville.
Så idag har eg tatt om ernæring.
Rett og slett eit kjekt kurs.
Hadde litt feil men besto no..
Er feila ein lærer av.
Eller er fleire valg og eg glømde nokre.
Direkte feil vart det ikkje.

Litt kjekt å friske opp litt kunnskaper.
Men ser jo og kvifor eg går opp i vekt😂


Imorra skal eg rett og slett gjere ingenting,trur eg

Røykvarslaren fungerer som berre det

Seriekoblinga og.Eg berre nevner det

Svolten som ein skrubb etter lang dag på lokale forhandlingar,fann eg koteletter i frysen
På med steikeovn. Ovnen på 180 grader og tenkte att…Eg går meg ein tur
Bruker eg ellers og,men trur eg då brukar sette ned på 150..
Jaja
Var berre det at idag traff eg ein nabo og slo av ein god prat

Høyrde spetakkeklet på lang avstand
Sette opp farten litt og lurte på kvifor den var full sirene…Kva brann?
Låste opp og let opp døra-
Såg knapt noko for all steikeosen…Fekk av ovnen og opp med det som gjekk opp av dører og vindu..
Let att dørene inn til kjøkkene og spetakkelet roa seg fort
Steikeosen derimot,sit i endå.
Kotelettane var akkutatt perfekt stekt.Igrunnen lenge sida dei har vore så flotte:-)
Må nok ha vore litt fett i ovnen som eg ikkje har sett.No er den sjølvrensande idioten iferd med å reingjere seg sjølv.
Eg vurderte å vaske for å få litt anna duft inn enn steikeos,men får vere til torsdag.
Litt action skal det antageleg vere hos meg og:-)

Dagens tabbekvote er forhåpentligvis slutt:-)

Turen var flott,men kjenner at steikeosen gir hovudverk,så burde nok ete først

Morgonfunderinga

Sit no her som vanleg med kaffikoppen og prøver å våkne til liv
Les nyheitene,og ikkje alltid noko oppløftande lesing.
Nettkrim og overgrep mot barn.Kjenner eg vert kvalm her eg sit.
Sikkert mange mørketal og,men glad for alt som kjem for ein dag og vert stoppa.

I det heile syns eg det er mange triste sjebner i nyheitsbilde.

Sjømateksporten er på topp og bra er det.Godt ein tjener penger på noko.Skaper arbeidsplasser
I tillegg er det sunnt.Iallefall trur eg det,for slike meiningar skifter ofte.

Facebook og instagram er iorden at og verden på plass.
Greit når ting er tilbake til normalen:-)Korleis skal vi ellers hukse kven som har bursdag:-)
Notere det ned som vi gjorde før:-)

Eg er kommen i den alderen at eg må ha alt notert ned.
Har det i almanakken og ikkje på nett.
Litt beggedeler faktisk,men syns den vesle røde boka mi er super.
Får jo nermast panikk visst eg har lagt den vekk

Lokale forhandlingar idag.
Ikkje så glad i det eg.
Mange forbund skal sitte og slost om ein liten pott.
For min del burde alt komme frå sentralt hald.
men det er mi personlege meining.
Ofte har medlemmane store forventningar til det som igrunnen er ingenting..
Alle kan jo ikkje få .Urettferdig ,men sånn er det..

Ha ein super tirsdag.Her regner det:-)

Facebook har problemer…

Er igrunnen litt skremmande at nokon kan lamme så mange plattformer på ein gang.
Kanskje like skremmande at mange slike plattformer som instagram og facebook har same eigara.

Utruleg kor avhengige vi og er vortne av desse plattformene,sånn nesten uten å vite om det.
Klarde oss utmerka uten før,og får jo frikjøpt tid når ein ikkje lenger må følge med på kva andre måtte legge ut av saker og ting

Er ikkje bedre sjølv.Er og innom her og der berre for å sjå om nokon har lagt ut ett eller anna.
kanskje godt vi får ein pause.

I morgon er det lokale lønsforhandlinga,og lita tid til å lure på kva andre driv med.
Kjem sikkert til å kikke innom i morra tidleg for å sjå om ting har ordna seg.
Avhengigheit er så mangt:-)

Monster i natta

Trur det må vere Hufsa som rår i nattemørke
Det riv,ruskar og slit
Lange sukk,og smell.
Av og til tek det skikkeleg tak i huset så eg føler at no…no skjer det store

Hauststormane kan virkeleg halde ein vaken
Har duppa av innimellom,men vakner til risting og skaking:-)
Hjelp ikkje be om at det skal roe seg eller tenke på at her må folk sove
Naturen gjer nett som den vil,når den vil

Må prøve å sove litt til,men om eg får det til veit eg ikkje.
Håper vinden snur eler roer seg litt.Må vel ikkje mase på meg heile tida.
Regnet hjelper til i spetakkelet.Mulig dei slåst om kven som kan gjere mest skade:-)

Blir nok ei lang natt og ein endå lengre dag:-)

Oj oj oj

Skal sei vinden har tatt tak idag.
Storm.
Iallefall kjennes det slik ut her hos meg.
Får skikkelig tak i huset og rister iveg.

Trur eg venter litt med den formiddagsturen

Må slå på traktaren for å få kaffi..
Alt ein må hukse på.
Liker ikkje så godt dei kaffimaskinane.
Så held meg til gamlemåten

Kanskje eg skal bruke dagen inne..
Var tenkt meg i bursdag,,får sjå det litt an.

No trur eg ikkje det er fare for at eg bles av vegen,men mykje kan blåse inn i vegen…
Går nok bra..men høsten er her for fullt

Av og til må eg rydde

Endelig brukt litt tid på å rydde litt i tinga mine.
Så no er det ryddig i kleskap og på soverommet..
Så lenge det varer.
Eg er nemlig rotete av natur.
Ryddig i heimen gir ryddig i hjernen seier dei..
Tja..kan vere..ikkje merka noko endå😂


Litt fleire vindmøller etterkvart.
litt frisk luft innimellom er viktig.
Trur hjernen min responderer bedre på det 😎

No er det pysj,pannekaker,tv og sofatid.
Viktig å kose seg

Her ligg eg

Har havna under pleddet på sofaen.
Fyr i ovnen og levande lys.
Ute er det vorte snikkeleg ruskever.
Sove lite så er trøtt og litt frostig.
Vore godt med ein surre rundt heime dag.

Vure litt ute og litt inne.
No er sofaen best i test.
Snart nyheiter..
Oktober..
Syns tida fyk ifrå meg.
Må snart tenke på julepresangar..ikkje tidleg ute..

Har liksom ingen ide heller
Blir nok ei råd.Har no god tid

Snart ete opp popcorna.
Burde nok heller knaska salat

Ingen motorsager i sikte

I dag er det fredeleg rundt huset.Regner ute og bles.Igrunnen eit fantastisk sovever.
Må visst ha meg ein skikkeleg opprydding på maskina.Ingen lagringsplass er ikkje bra:-)Aner igrunnen ikkje kva eg har lagra,men nok mange bilder

Har planer om å endeleg få rydda og vaska hos meg sjølv.Med briller på.Uten ser det meste greit ut.
Trur det er på høg tid og igrunnen ein grei syssel når det er regn og vind ute.
Nærmar seg jul og.I oktober.Kor vart månadane av?
Glad så lenge det er mildt eg.Liker ikkje kulde


Mulig eg tek på meg vestlandsbunaden og tek meg ein tur i frisk luft idag og.
Brukar å vere lurt,og kroppen har godt av det.Men endå vert det iallefall ikkje.
Ser på God morgen Norge og skal ta meg ein strekk på sofaen

Planen er å berre slappe av og sanke krefter:-)
God fredag:-)