Venter på eit nytt år:-)

Nyttårsafta er tid for ettertanke hos meg
Revy over året som har gått
Ikkje det at det er dei store forandringane
Men litt skjer jo i livet om ikkje anna.
Som vanleg har eg dumma meg ut nokre ganger,men sånn er det jo.Ingen er perfekt og må ta det med eit smil
Håper eg har gjordt litt positivt og.

Litt anna tilverelse for alle med denne virusen.Vi har på ein måte lært oss å leve med den.
Nyttårsløfter er eg slutta med.
Kiloane har auka litt iår og.Tenkjer alltid eg må skjerpe meg med denne etinga,eller søtsakene ..
Gjer eg det…langt ifrå..Dess meir eg tenkjer på det,dess meir stapper eg inn..

Grått og regn ute.
Har hatt meg ei lita runde etter vegen.Gjer godt for kropp og sjel..Litt godt med regndråper som renn etter kinnet.
Mildt og fint ute idag…skummelt føre å køyre på om kvelden når det vert kaldare

Snart gå inn til mammaen min med hekletøy og kryssordblad og tilbringe kvelden der i fred og lage mat ilag.
Pinnekjøtt..Har lyst på å sitte å nyte maten i fred og ro…Godt med fri ikveld sidan eg jobba julafta.
Fekk mat der og,men er litt anna når ein ikkje kan ete maten ilag med andre grunna munnbind og avstand:)
men sånn er det no om vi vil eller ei..

Håper på bedre tider:-)


I morgon er det nytt år og nye muligheiter:-)

allente.no

Ikkje så greit å følge med no for tida.Firma slår seg saman eller dei går konkurs.
Har eller hadde viasat.Men no er dei slått saman med canal digital visstnok.
I april fekk eg beskjed om at eg skulle verte oppringd av ein montør.No fekk eg det i 2020 og,men då dukka den montøren aldri opp.
Det gjorde den ikkje no heller ..Inga bombe…Gratis justering er ikkje for kvarmansen..
Men som vanleg dukka eine sonen min opp.Han fungerer bedre enn dei fleste montører..
Problemet er at ,,ein må ringe for å få dei rette opplysningane..
Hyggeleg kar,som meinte at eg nok måtte ha ein montør og skjønnte ikkje at eg ikkje var oppringt..
Til han sjekka.Eg hadde bestillt montør i 2020…Ikkje bra sa han…stakkaren vart litt ille tilmote..Var like greit at sonen min overtok montørjobben,så vart det gjordt…Så han las seg opp og saman fiksa dei oppdraget…Heldig med avkommet:-)

No kan 1 januar berre komme for min del.Tven er fiksa:-)

Berre lekkert og absolutt ikkje sunt…Men elsker desse skumnissane…

Funne fram hekletøyet og skal nok klare eitpar omganger idag og.Går litt seinfor har ikkje den store arbeidslysta

Hatt runda mi idag og.Blir litt for mykje stillesitting på meg.Er rett og slett lat

Kor vart det av montøren?

Nattens dronning eller heks?Ikkje veit eg.Sikkert ei blanding
Men søvnen var over på nokre timar og ville ikkje komme att.Borte vekk.
Så no sit eg her.Bedre det enn å ligge i senga og vri seg.
Vind ute og skikkeleg ruskeverhøyres det ut som.
Litt usikker,for ser ingenting

Avisene er hacka og uteblir.Ikkje eavis heller frå lokalavisa.
Sårbart samfunn vi lever i ,og personopplysningane er ofte i stor fare.
Skummelt.
Kor mykje løysepengar bedrifter må ut med i året er vel ofte ei hemmeligheit.Trur slett ikkje at vi alltid får vite det

Fekk melding frå Allente for lenge sida om ein montør som skulle komme i god tid og justere antenna.Selvfølgeleg har eg ikkje sett snurten av den montøren.Kven reiser ut i ingenmannsland og justerer paraboler
Så no misser eg bilder frå 1 januar står her.visst eg då ikkje ringer og bestiller montør…
Eg trur det er best å bestille sonen som bruker å justere parabolen.Han kjem i det minste:-)
Har aldri dukka opp nokon annan montør iallefall:-)


Godt å ha noko å gjere på når latskapen tek overhandeller søvnen ikkje vil komme.


Mange gode og fornuftige ting ein kan finne på nettet:-)
Så er det opp til kvar enkelt kva som er lurt
Ha ein super dag når du står opp:-)
Trur eg må lage meg litt kaffi

Kva skjedde?

Kor i verden vart tida av.
Kva skjedde med den vesle jenta

Rund,god og hårlaus..
Følte seg berre elska
Ante ingenting om kva som kom.

Full av påfunn og nok slett ikkje enkel.

Glad i familien og somrane med besteforeldre ,tanter,onkler og søskenbarn.

Mamma med 17..
Det er då ein må bli voksen om ein vil eller ei.

Livet er slett ingen dans på roser,men utruleg nok så går det seg som oftast til.
Ein lærer av livets harde skule.
mange fine opplevelser med venner og famile.
Koselege fjellturer.
50 års tur til Santorini med dattera
Gjorde godt for kropp og sjel.
Kroppen var 15 kilo lettare,ser eg1
Konsert med søstrene.

Her er eg no.
62 år og eindel meir ærfaring.
Noko kunne eg godt vore uten.
Slik er livet.
Berre å tenkje positivt og håpe på bedre tider,så går det seg som regel til.
Har det godt her eg sit.
Ikkje rik på penger,men med vrdens finaste familie.
Jobb og venner

Alderen visast og kjennast og kiloa auker for kvart år som går..
Kosefaktoren er høg.
Har no vasa meg ut idag og.
Får no frisk luft om ikkje meir.

Romjulsdikt

Litt trist at når eg endelig har fri
Så reiser oslofrøkena mi
Sånn er det berre i jobben min
Den passer ofte ikkje til andre sin

Men skal vase rundt og tanke krefter
Gå litt tur og sjå på naturens krefter
Lese bøker og ete snop
Ingenting er som ei spennande bok

Lever meg inn i det eg les
Ser for meg bilder og kan bli mykje pes
For er det skumle med å lese krim
Kan skikkeleg få fart på sjel og sinn

Må nyte nissane før dei må vekk
Snart vert dei stua ned i ein sekk
I lag med anna julepynt
Og fram med ting som eg no har gjømt

Har funne fram eit nytt prosjekt
Litt enkel hekling er berre kjekt
Strikka på ein genser ,men det gjekk ikkje bra
Så den ligg i korga og der ligg den bra

No ser eg på tv og åndenes makt
Der er det mange som har noko dei vil ha sagt.
Ikkje det eg foretrekk å sjå
Men det er no det som var noko å sjå

Kan det bli bedre?

Heldige meg som kan sitte og nyte denne flotte utsikta.

Kan det bli bedre.Nydelig morgon å vakne opp til

Julefri

Joggebukse og sofatid.
Gamlemor har julefri.
Mord og mysterier og julesnop
Koser meg.
" /
Hatt meg ein liten tur i mørket med hovedlykt
Hadde ein litt lenger tur etter jobb.
I mellomtida vart det fleskepannekaker og middagslur.

Gjorde seg..

No er eg litt meir vaken:-)
Koseleg med fyr i ovnen og julepynta hus.Nyte litt julestemning før jula er over.
Kjenne litt på roa …Godt med ferie

Vintermorgen

Ute er det kvitt og kaldt
Snøen ligg sånn overalt
Eg skal snart på køyretur
Håper ikkje glatta ligg på lur

Trøtt og småsær sit eg her
Har i det minste fått på meg klær
kaffien er god å ha
Då får gamlemor det etterkvart litt bra

Jobben ventar om ei stund
Hadde helst trengt ein høneblund
Men den får eg ta når det lir på dag
Gamlemor har nemlig julifri frå idag:-)

God morgen til alle når de finn på å stå opp
Her skal eg berre drikke kaffien opp
Snart må eg måke og tine Larrisen litt
Skal jo helst vere heilt snøfritt

Ha ein super dag

Kvit jul og medmenneskelege relasjoner:-)

God morgen frå meg til deg:-)
Kaldt …Glømde hente inn ved igår,så er litt husekaldt på morningen.Varmepumpa surrer og går
På nrk er det snekker Andersen no på morgonkvisten:-)

Litt trøtt ,men fekk ikkje sove så lenge,så her sit eg inntulla i pleddet mitt og drikk morgonkaffien

Heilt aleine i huset og stille morgenstund

Stumma mørkt ute,så om det snør eller ei det aner eg ikkje.Veit berre at det er minusgrader.
Skikkeleg kvit og flott jul iår:-)
Tenkjer på dei som ikkje har det så bra i jula.
Som ikkje har det trygt og godt rundt seg.
Som er engstelege og redde
Der vold og alkohol er den største faren

Der dei medmenneskelege relasjonane ikkje er som dei burde vere
Der forventningane til jula er så store,at dei ikkje har muligheit for å verte innfridd
Der stresset med å få til det perfekte gjer at det ender med eit smell
Vi kan ikkje ta ansvar for andre enn oss sjøl,men og ungane vi har rundt oss.
Dei er det viktigaste oppi det heile.

Må ikkje gløyme at relasjonane mellom menneska er det viktigaste.
Er lov å vere litt overberande og svelge nokre kamelar innimellom.
Skal mange feire jula ilag,er det eit gi og ta.
Men då må alle bidra,tenkjer eg.

Litt godt med fredelege juledagsmorningar i pysjen og:-)

ha ein fin dag